Folk står forventningsfulle ved restane av Berlinmuren og forventningane er store.
Kortesjen er på veg.

Kongeleg besøk med historisk sus

Kronprinsparet blir møtt av borgarmeisteren i Berlin, Kai Wegner.

Dei får ei omvisning ved restane av berlinmuren i Bernauer gate. 9. november for 34 år sidan blei muren riven her.

Begge fortel dei såg den dramatiske hendinga 9. november på fjernsyn. Folk frå Aust-Berlin strøymde over til Vest. No er Tyskland gjenforeint og muren ein museumsgjenstand.

«Vi kan også bygge murar inne i oss, for å lage et skille mellom "oss og dei". Vi kan velge å bygge slike murer eller rive dei ned. »

Kronprinsesse Mette Marit

Kronprinsparet er veldig populære i Tyskland og blir ofte omtalt i aviser og blad.

Omlag 200 ungdommer frå ulike europeiske skular og organisasjonar var invitert til seremonien.

Norske ungdommar var på skuletur i regi Aktive fredsreiser for å lære om berlinmurens fall og om forfølgjinga av jødar under naziregimet.

«kronprinsparet er heilt fantastiske. Sjølv om det er eit alvorleg bakteppe med krig i Europa, så gjev dei oss ein pustepause og er eit lyspunkt.»

Helga Arntzen, grunnleggar Aktive fredsreiser

I sin tale henvende Mette-Marit seg først og fremst til unge menneske og oppfordra dei til å vere håpefulle og halde sammen.

«Diverre rasar krigar i nabolaget vårt igjen. Vi er sjokkerte over lidelsane i Ukraina og Midt-Austen. Vi må ikkje gje opp håpet om menneska sin vilje til å løyse konflikter og bryte ned barrierer. Medan vi står her i dag, blir vi minna på at det tyske folket gjorde akkurat det. Det gjev oss håp."»

Talen tok også for seg Krystallnatta, som også skjedde 9. november, då naziregimet i Tyskland for alvor byrja å forfølgje den jødiske minoriteten i Tyskland i 1938.

«Vi beundrar Tysklands vilje og evne til å konfrontere fortida. Å fremje forsoning på vegne av det europeiske og globale fellesskapet.»

Kronprinsesse Mette marit

«Eg oppmodar dykk alle til å håpe.»

Ungdommar på skuletur følgde spent med på seremonien ved Bernauer gata.

Kronprinsessa fortalde ho var i fin form trass helseplager som hindra ho i å delta på kronprinsen sitt besøk til Munchen og Hamburg.

Nokre få heldige fekk helse på kronprinsparet.

Dei kongelege avslutta seremonien ved å tenne lys ved berlinmurmonumentet

«For mange unge kan verdssituasjonen virke håplaus, da kan vi finne inspirasjon i det som skjedde då muren fall i Berlin»

Kronprinsesse Mette Marit

Forbundskanslar Olaf Scholz møtte kronprinsparet midt i eit travelt program. Han hadde delteke på markeringa av Krystallnatta og vore i møte med NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg.

Kronprinsen kom rett frå møte med Tysklands president Frank-Walter Steinmeier

For kronprinsparet handla det ikkje berre om å heidre tysk historie men også opne dører for norske politikarar og næringsliv.

Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal