Hopp til innhold

KORK blir sportsorkester

Kringkastingsorkestret får stadig nye oppgåver som NRK sitt husorkester: I sommar skal dei stå for musikken under NRK sine OL-sendingar frå London.

KORK-paukist Rune Halvorsen og Usain Bolt

Kringkastingsorkesteret, her representert ved paukist Rune Halvorsen, kjem i sommar til å akkompagnere Usain Bolt og andre idrettsheltar under sendingane frå sommar-OL.

Foto: NRK/Bjørn Opsahl og AP/Shuji Kajiyama

27. juli byrjar sommar-OL i London, og NRK kjem til å sende frå arrangementet frå klokka ni om morgonen til eitt på natta kvar dag fram til 12. august. Til desse sendingane trengst det mykje musikk, til dømes til kavalkadar med høgdepunkt frå konkurransane.

– Desse kavalkadane er som eit krydder i sendingane våre. Vi kan ikkje teppeleggje ein heil dag utan musikk, seier Frøydis Helen Frostmo, prosjektleiar i NRK Sport.

– «London Calling» er ein banker!

Frostmo understrekar at samarbeidet med Kringkastingsorkestret er på idéstadiet, og at lite er bestemt når det gjeld musikkutvalet. Men innspelingsdagar i juni er bestilt, og ein låt er i alle fall sjølvskriven:

– «London Calling» av The Clash vil garantert bli med, den er ein banker! Elles har vi gitt ei ønskjeliste til KORK som vi skal jobbe vidare med i lag. Der står det ein del ting som er blitt arrangert tidlegare, og så kjem vi truleg til å få arrangert fem stykke til.

Får oppdraget på grunn av strid om musikkbruk

I år er det vanskelegare enn før å finne musikk til desse innslaga på grunn av at NRK ikkje har blitt samde om ein ny avtale med IFPI, som forvaltar musikkrettar på vegne av dei store plateselskapa.

– Sidan vi har fått eit brot med IFPI er det store begrensingar for kva slags musikk vi kan bruke. Difor er det kjempegøy at vi har eit eige husorkester som kan hjelpe til med å løyse dette for oss, seier Frostmo.

Les: Uenighet med platebransjen begrenser NRKs musikkbruk

Les: Bruddet mellom NRK og IFPI

Også i bakgrunnen under snøbrett-VM

Rolf Lennart Stensø

Rolf Lennart Stensø.

Foto: Per Willy Larsen

KORK sin orkestersjef Rolf Lennart Stensø er entusiastisk over den aukande bruken av orkesteret i sportssamanheng. Allereie under VM i snøbrett kan opptak med KORK høyrast i bakgrunnen:

– Vi rakk ikkje å spele inn noko nytt til arrangementet, så dei fann fram ting vi har spelt inn tidlegare, seier Rolf Lennart Stensø.

– All musikk vi har spelt inn i NRK-samanheng er NRK sin eigedom, og kan brukast fritt. I denne situasjonen vert det tydeleg kor stor ressurs orkesteret er for NRK, seier orkestersjefen.

Kva for musikk forbinder du med London og England, som du kunne tenkje deg å høyre under OL-sendingane i sommar? Legg inn forslaget ditt i kommentarfeltet!

Kulturstrøm

  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP