Hopp til innhold

Konsertarrangør får kritikk etter Karpe Diem-konsert

Fleire i publikum er kritiske til korleis konsertteltet blei tømt då ein konsert med Karpe Diem i Bergen blei avlyst fordi nokon utløyste eit pulverapparat.

Karpe Diem-konsert avlyst

Fleire meiner det tok for lang tid å få tømt konsertteltet etter at eit pulverapparat blei fyrt av på scenen under Karpe Diem-konserten.

Foto: Mikal Olsen Lerøen / NRK

4500 personar blei evakuert då ein person tømde eit pulverapparat frå scenen under ein konsert med Karpe Diem under studentfestivalen Uken i Bergen laurdag kveld. Fleire personar blei sendt til legevakta med pusteproblem, men ingen skal ha blitt alvorleg skada.

Helene, konsertgjenger

Konsertgjengar Helen Aarrestad er kritisk til at det tok lang tid å evakuere festivalteltet i Bergen.

Foto: Privat

No får arrangørane kritikk frå fleire av dei som var til stades, som meinte at tømminga av konsertteltet gjekk alt for langsamt. Ein av dei var Helene Aarrestad som opplevde at mange fekk panikk:

– Folk gjekk i panikk mot utgangen. Og det tok ganske lang tid før dei fekk opna dørene, så det var litt press for å kome seg ut. Eg blei veldig stressa, og synest det var ei veldig ekkel oppleving.

– Med museskritt

Og ho får støtte frå Vilde Østerbø Lorentzen, som dekka konserten for magasinet Stoff. Ho seier at det var dårleg luft i teltet allereie før pulverapparatet blei tømt. Ho meiner også naudutgangane var for små, og at det heile tok for lang tid.

– Vi gjekk med museskritt, og måtte stoppe fleire gongar. Eg stod ganske midt i teltet då det skjedde, og for meg tok det kanskje fem til sju minutt før eg var heilt ute.

Mette Hole

Festivalsjef Mette Hole seier evakueringa i det store og heile gjekk bra.

Foto: Espen Hobbesland / NRK

Festivalsjef Mette Hole seier det er leitt at nokon har kjent ubehag etter det som skjedde, og opplevde situasjonen som kaotisk. Men ho meiner evakueringa gjekk bra:

– Det tek sjølvsagt litt tid å få 4500 personar ut av eit telt, men evakueringa gjekk etter planen. Det stadfestar også tryggingsansvarleg ved vektarselskapet.

Ho avviser også at naudutgangane var for små:

– Heile den eine sida av teltet er naudutgang, og blei opna. Dette er heilt etter i tryggingsplanen, og eit godt konstruert telt slik sett. Så det er meir enn nok naudutgangar til ei forsvarleg evakuering.

Impulshandling

Mannen som utløyste brannsløkkingsapparatet, er knytt til ein av dei andre artistane som spelte konsert i Bergen laurdag kveld. Han blei henta av politiet natt til søndag, og blei avhøyrt om det som hadde skjedd. Han blei seinare slept fri.

Advokaten til mannen, Linda Ellefsen Eide, seier handlinga var ei impulshandling som han ikkje såg konsekvensane av.

– Det som skjedde har gått veldig inn på han. Han er sjokkert over dei konsekvensane denne handlinga fekk. Han er frykteleg lei seg både overfor arrangørane, Karpe Diem og publikum som blei skadelidande av impulshandlinga hans.

Mannen erkjenner ikkje straffskuld for det som skjedde.

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters