Hopp til innhold

Komikar og kulturarrangør Rune Bjerga om valvakene: – Ikkje mykje smittevern å spora

Komikar og kulturarrangør, Rune Bjerga, gir smittevernet under valvakene strykkarakter. Han reagerer på at politikarane set strenge reglar om avstand og smittevern for kulturbransjen, men så bryt reglar sjølve.

Arbeiderpartiet og Jonas Gahr Støre ble den store valgvinneren.

Både pressefolk og politikarar stod tett i tett på Arbeidarpartiets valvake.

Foto: Cicilie S. Andersen / NRK

«Kyss, klapp og klem».

Det er overskrifta på Facebook-innlegget til komikar og kulturarrangør Rune Bjerga. Der går han kraftig til verks mot politikarane og media som han under valvakene meinte oppførte seg «som om det ikkje finst pandemi der ute»:

Komiker og produsent Rune Bjerga.

I eit Facebook-innlegg skriv Rune Bjerga at toppolitikarar på valvakene oppførte seg som om det ikkje fanst ein pandemi.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

«Eg prøver berre å seia: Det kan sjå ut som om dei som bestemmer og skal bestemma i Noreg har avblåst pandemien – det var tydelegvis tverrpolitisk semje på måndag, og det gjorde dei på fargefjernsyn i beste sendetid. Med kamera og journalistane på slep ...», skriv han.

Stavanger Aftenblad omtalte innlegget til Bjerga først.

Til NRK utdjupar Bjerga:

– Dei stod klynga tett. Dei klemde. Det var ikkje mykje smittevern å spora der. Hadde me gjort tilsvarande ved eit arrangement, der det hadde blitt oppdaga, så hadde me fått påpakk, kjeft, bot og det eine med det andre. Det er eg hundre prosent sikker på.

Han meiner toppolitikarar er førebilete, og at dei sender ut følgjande signaleffekt:

– At det berre er å tura fram no, og drita i heile pandemien. Det er det dei eigentleg seier når dei gjer slikt, meiner han.

Bjerga reagerer også på journalistar og fotografar som ikkje haldt avstand.

– Ingenting er jo betre enn at me kjem til slike tilstandar, men då må det gjelda alle, og ikkje berre nokon, seier han.

Knut Magnus Berge, programredaktør i NRK, erkjenner at det tidvis blei kaotisk på valvakene.

– Me tok våre forholdsreglar. Våre folk hadde grøne koronasertifikat, og var utstyrte med mikrofonar som dei kunne halda avstand med. Men me ser at det tidvis blei litt kaotisk og tilløp til trengsel, seier han.

Erna Solberg taler til Høyres valgvake

Også hos Høgre var det trongt om plassen.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

– Oppfører seg som om pandemien er over

Strenge reglar for konsertar og festivalar har skapa så vanskelege tilhøve for kulturbransjen at mange tilstellingar har blitt avlyste, fortalde leiar i Norske konsertarrangørar i førre veke.

Sjølv om deltakarane på valvakene måtte ha koronapass, er det fleire enn Bjerga som meiner avstanden ikkje var god nok. Andre Trebbi, som er lydteknikar for Kings of Conveniences, er klinkande klar i sitt Facebook-innlegg:

«Alle oppfører seg om pandemien er over».

Espen Rostrup Nakstad, assisterende helsedirektør i Helsedirektoratet, på baksiden av NRK 9. juli i år. Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Assisterande Helsedirektør Espen Nakstad har ikkje inntrykket av at politikarane oppfører seg som pandemien er over.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Assisterande helsedirektør Espen Nakstad seier at han ikkje har noko tydeleg inntrykk av det.

– Men me reknar med at arrangørane følgde forskriftas krav til avstand og tal på deltakar. I kva grad den einskilde deltakaren følgjer råd og reglar kan sikkert variera, men det er først og fremst den einskilde sitt ansvar å passa på, skriv han i ein e-post til NRK.

– Same ansvar

Rhiannon Hovden Edwards, leiar for kultur og opplevingar i Virke kultur, seier kulturlivet har fått så strenge reglar at det i praksis er eit yrkesforbod. Medan det er opp til kvar og ein å halda ein meters avstand i store delar av samfunnet, er regelen mykje strengare for kulturlivet, meiner ho.

Rhiannon Hovden Edwards

Rhiannon Hovden Edwards, leiar for kultur og opplevingar i Virke kultur.

Foto: Inger Kristine Lee / NRK

– I kulturlivet har arrangøren fått ansvaret for at kvar og ein person held einmetersregelen, seier ho.

At det blir opplevd som urettferdig har Edwards forståing for.

– Politikarar har sjølvsagt same ansvar som alle andre for å følgja dei reglane som gjeld og som dei sjølv har laga, meiner Virke-leiaren for kultur og opplevingar.

Tone Østerdal, leiar i Norske konsertarrangørar meiner tida er inne for å oppheva restriksjonane.

Tone Østerdal

Tone Østerdal, leiar i Norske konsertarrangørar.

Foto: Heather Ørbeck Eliassen / NRK

Eg forstår politikarane godt, klemmen er god til både feiring og trøyst. Men dette illustrer på alle måtar avstanden mellom restriksjonane som framleis gjeld for offentlege arrangement og korleis resten av samfunnet held seg til korona. No er det på høg tid at arbeidsplassane i kulturnæringane blir tatt på alvor og at restriksjonane blir oppheva, seier ho.

–Ikkje strengare reglar

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Saliba Andreas Korkunc (H) seier at det ikkje er strengare reglar for kulturarrangement, enn for andre offentlege arrangement.

Saliba Andreas Korkunc

Saliba Andreas Korkunc, statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet.

Foto: Lise Åserud

– Ei valvake er et offentleg arrangement, og har same krav om at arrangøren sørger for avstand, avgrensingar på tal på personar som er til stades, ein smittevernfagleg forsvarleg gjennomføring og har oversikta over deltakarane, seier han.

Han påpeiker at det er opp til deltakarane sjølve å følgja desse anbefalingane, og at det er viktig at det framleis blir gjort, fordi pandemien ikkje er over.

– Arrangøren kan ikkje stillast til ansvar for at deltakarane ikkje følger anbefalingen, så lenge arrangøren har tilrettelagt for avstand, seier han.

Jubel på Arbeiderpartiets valgvake

Jubel på Arbeidarpartiets valvake.

Foto: Cicilie S. Andersen / NRK

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters