«Hvis vi en eller annen gang i livet, mot alle odds, eier masterrettighetene til alle utgivelsene våre… så gir vi bort alt. Hele katalogen. Alle inntektene. For resten av livet og en god stund til. Det er arven vår.»
Denne lovnaden gav Chirag Rashmikant Patel og Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid i Karpe kvarandre for ni år sidan.
Frå og med i dag byrjar pengane å tikke inn på kontoen til fondet, som er stifta og eigd av rapduoen.
«Hver gang du hører på en av låtene våre, fra Glasskår til SAS PLUS / SAS PUSSY, går alle inntektene rett til «Patel og Abdelmaguid Foundation» («PAF»). Én gang i året vil «PAF» dele ut penger til både små og store prosjekter som ønsker å bedre situasjonen for flyktninger, asylsøkere og innvandrere. Både i Norge og i resten av verden», skriv Karpe på sin Instagram-profil.
Karpe ønskjer ikkje å gje kommentarar utover det som står i innlegga på Instagram og Facebook. Dagleg leiar Limita Lunde i Little Big Sister, som er managementet til Karpe, bekreftar at det som står i innlegga stemmer.
Samstundes som Karpe kunngjer at dei gjev vekk alle framtidige inntekter, går det mot rettssak i Skien. Karpe held tilbake ein million kroner etter at dei kjøpte kulturbygget Festiviteten.
Årelang konflikt
Etter ein årelang konflikt kom Karpe i august i 2019 til einigheit med sitt gamle plateselskap Cosmos om kjøp av masterrettigheitene til dei fire første utgjevingane deira.
– No har vi masterrettigheitene til all musikk vi nokosinne har gitt ut. Eg føler meg fri, sa Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid i Karpe til DN.