Karoline Brændjord (30) vann gjæv debutpris: – Sjeldan for diktsamling

Den unge forfattaren har allereie konkurrert ut store forfattarnamn ved å vinna pris for beste vaksenbok. I dag sørga dikta hennar også for den høgthengande Vesaasprisen.

Karoline Brænjord vann Vesaasprisen

STORT: – Eg trur eg vil kjenna på det seinare og tenka tilbake at «tenk at eg fekk den prisen», seier Brændjord om å vinna den store debutprisen.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Diktsamlinga «Jeg vil våkne til verden» handlar blant anna om sjølvmord, sorg, og det å vera forlaten.

Karoline Brændjord har tatt litteratur-Noreg med storm etter at ho debuterte som forfattar i oktober i fjor.

No kan ho skilta med Vesaasprisen, som er den gjævaste prisen for skjønnlitterære debutantar.

Ei av årets sterkaste bøker

Litteraturkritikar i NRK kalla boka ei lysande debutbok. Aftenposten kalla ho ei av årets sterkaste bøker.

–Eg har jo fantasert om det, og det er jo litt rart når fantasien blir verkelegheit, fortel ein audmjuk Brændjord når NRK møter ho.

Kjernen i diktsamlinga er ei mor som har tatt livet sitt.

Brændjord, som er adoptert, fortel at ho oppsøkte informasjon om den biologiske familien sin for rundt 8 år sidan.

– Og då fekk eg vite at mi biologiske mor hadde tatt livet sitt. Det var ei overraskande sterk oppleving. Eg tenkte jo eigentleg ikkje at det hadde så mykje med meg å gjera, sidan eg ikkje hadde kjent ho. Eg tenkte at det nesten var meir ein formalitet å vita kvar eg kom frå. Men eg blei eigentleg ganske sett ut i ein lengre periode.

Juryen bak prisen grunngir det blant anna slik:

«...den verdenen som Karoline Brændjord skriver frem, er ikke urban eller menneskeskapt, den er natur, full av liv, luft og lys, av ting som svever, flyr og faller. Muligens er det derfor diktene ofte fremstår som livsbejaende, ja til og med muntre, på tross av den dystre undertonen.»

Brændjord håpar dikta hennar kan hjelpa andre å komma i kontakt med eigne kjensler og erfaringar.

– Eg har fått tilbakemeldingar om at mange kjenner seg igjen. Eg håpar at folk har lyst til å lesa meir dikt, seier ho.

Karoline Brænjord vann Vesaasprisen

HÅP: Forleggar Bjørn Aagenæs i Kolon fortel at boka er trist, men samstundes full av håp. – Og det er gjort på ein måte som openbert appellerer til mange, seier han.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

I selebert selskap

I tillegg til Vesaasprisen, stakk Brændjord også tidlegare denne månaden av med Norsk Kritikerlag sin kritikarpris for beste vaksenbok.

Her var ho nominert saman med dei profilerte forfattarane Jon Fosse, Beate Grimsrud og Vigdis Hjort. Det er første gong på 22 år at denne prisen går til ein debuttant.

Kolon forlag trekk også fram at Brændjord blei favorittlyrikkdebutant for 2019–2020 under Æ Å Trondheim Litteraturfestival.

– Ho har omtrent vunne alt ho kan vinna, og det med ei lita diktsamling. Det er veldig uvanleg at ei diktsamling vinn så mange prisar og får så mykje merksemd som ho har fått, seier forleggar Bjørn Aagenæs i Kolon forlag.

Brændjord veit ikkje kvar ferda går vidare, men fortel at prisen, som sikrar ho 60.000 kroner og eit diplom, er ein stor motivasjon vidare i karrieren.

– No har eg råd til å ta meg litt god tid til å skriva, så eg har ikkje byrja å stressa så mykje med det akkurat no. Eg føler at verda ligg open, seier ho med eit stort smil om munnen.

Kulturstrøm

  • Roy Lønhøiden kan havne i fengsel

    Den Spellemann-nominerte artisten reagerer sterkt på boten han fikk etter å ha kjørt over en stengt grenseovergang. I mars ble Lønhøiden stansa av norsk politi etter å ha passert en stengt grenseovergang.

    – Jeg har ikke råd til å betale noen bot. Det har vært dårlig med spillejobber det siste året. Da blir det i så fall fengsel, sier han.

  • Iron Maiden til Norge i 2022

    Musikkfestivalen Tons of Rock avlyser årets festival. Samtidig annonserer de at britiske Iron Maiden gjester Oslo og Ekebergsletta sommeren 2022.

    Iron Maiden i Trondheim
    Foto: Jørn Gjersøe
  • Tons of Rock avlyst

    Festivalen Tons of Rock er avlyst, melder festivalen selv på sine nettsider. Festivalen skulle vært avholdt på Ekebergsletta 23.-25. juni. De som har kjøpt billett til årets festival - eller til fjorårets, som også ble avlyst - kan bruke denne på neste års festival.