Karin Krog utenfor hjemmet sitt med solbriller på (2024)
Foto: Xin Li / NRK

Frykt­laus innovatør med husmor­skole

I jazzmiljøet har det alltid vore flest menn. Men den mest eksperimentelle blant norske jazzpionerar, var ei ung tobarnsmor.

Oslo, 1952: På eit guterom i Riddervolds gate i Oslo står ei femten år gammal jente med ei metallbøtte over hovudet. På platespelaren snurrar ei Billie Holiday-plate og jenta syng med. Kameraten gjer opptak på ein Tandberg bandopptakar.

Karin Krog (86) var tidleg ute med stemmemanipulering. Metallbøtta var eit forsøk på å legge klang på stemmeopptaket. Ingen visste at jenta seinare skulle kallast «ein fryktlaus innovatør» av sjølvaste New York Times.

Eksperimenteringa begynte tidleg. Som førsteklassing måtte ho vere heime to timar etter skulen kvar dag. Tuberkulosen herja i Noreg etter krigen, og hos Karin vart sjukdommen oppdaga på eit tidleg stadium – ein «skugge på lungen».

Det var kjedeleg. Ho sat inne og leika åleine. Og song. Improviserte.

Måtte vere oppfinnsam.

Denne måten å utforske stemma på – den musikantiske leiken – skulle ho ta med seg vidare.

Karin Krog i 2024

Soldatar og sukkertøy

Karin møter oss på Bekkestua Bibliotek, og vi finn fram til «Karin Krog-rommet». Møteromma på biblioteket er nemleg kalla opp etter kjende personar som bur i Bærum.

Men ho vaks opp i Balders gate på Frogner i Oslo – trygt og godt med mor, far og storesøster.

Oldefaren hadde seld familiegarden i Aurskog og kjøpt ein bygard for pengane. Der fekk dei sju døtrene hans husvære. Ei av dei var Karins mormor.

– Derfor var det var fullt av tanter og onklar; alltid nokon som var heime dersom det var noko som var gale!

Karin Krog og storesøster Janne, ca. 1941

Karin og storesøster Janne.

Foto: Privat

Gata var nesten bilfri og dei kunne trygt spele stikkball mellom husa.

Men barneåra var krigsår.

Dei tyske soldatane kunne komme bort til ungane i gata og tilby sukkertøy.

– Då skulle vi ta imot og takke, men vi skulle ikkje ete det vi fekk. Når flyalarmen gjekk om natta, vart vi rivne ut av varmen og svevnen for å gå ned i vaskekjellaren.

Karin Krog i Baldersgate.

Karin tilbake i Balders gate der ho vaks opp.

Foto: Bjørn Stendahl

Song for klassen

Faren spelte trommesett på hobbynivå, medan mora høyrde klassiske plater heime.

Karin song ved alle høve, og folk sette pris på det. Læraren bad henne om å synge når klassen kjeda seg eller var urolege.

Rykta gjekk om songfuglen, og seinare sytte ein annan lærar for å sende henne til NRK for å synge: «Kom mai, du skjønne milde», med NRK sin huspianist.

Eilif Krog - far
Janne Stranger-Johannessen - søster (født Krog)
Karin Krog
Ragnhild Krog - mor

Konfirmasjonsbiletet. Far Eilif, søster Janne, Karin og mor Ragnhild.

Foto: Privat

Seinare vart det jazzplater, heime og hos vennene, spesielt kameraten i Riddervolds gate – William Jensen, som seinare skulle bli designar og lage fleire av antrekka til Karin.

Ho var sjenert, men William dytta henne fram på songkonkurransar på skulen. Og ho vann.

– Eg hadde jo ikkje lært å synge. Men eg hadde sunge til Billie Holiday-plater som eg høyrde om og om igjen og skreiv ned tekstane til. Eg lærte nesten all engelsken min på den måten!

Karin Krog med Kringkastingsorkesteret ca. 1960

Karin og Kringkastingsorkesteret, 1960: – Eg var nok livande redd, men vart veldig godt ivaretatt av dei erfarne musikarane.

Foto: Ukjent / Privat
Karin Krog ved mikrofonen på jazzfestivalen i Antibes, Juan les Pins i 1964

Karin Krog ved mikrofonen på jazzfestivalen i Antibes, Juan les Pins i 1964.

Foto: Ukjent / Privat
Roland Kirk + Karin Krog, Kongsberg 1967

Karin saman med den amerikanske multiinstrumentalisten Roland Kirk under ein konsert i Kongsberg i 1967.

Foto: Arthur Sand
Oslo 15. mars 1975. Spellemannsprisen. Karin Krog ble årets kvinnelige artist.

Karin Krog blei kåra til årets kvinnelege artist under Spellemannsprisen i 1975.

Foto: NTB
Molde Jazzfestival 2008. Karin Krog framfører "Break of day in Molde", i Reknesparken lørdag morgen kl 0700

Karin Krog framførte «Break of day in Molde» under Molde Jazzfestival i 2008. Karin skreiv teksten til ein melodi av Carla Bley i 1968. Han har blitt Moldejazz sin signaturmelodi.

Foto: Vidar Ruud / NTB
Karin Krog og John Surman

Karin med sambuar og multiinstrumentalist John Surman i heimestudioet i 2015.

Foto: Karen Frivik / NRK

Faren tok henne med på Benny Goodman-konsert i 1950.

Så, i 1954, fekk ho oppleve sitt store idol på konsert. Billie Holiday song på Collosseum i Oslo.

Karin merka seg korleis Billie brukte stemma, nesten som eit instrument.

– Ikkje mi dotter på Humla!

Etter mange søndagskveldar på jam – først på The Penguin Club og så på Big Chief Jazzklubb på Majorstua – vart ho kjent i miljøet.

Trompetist Rowland Greenberg på The Penguin let henne synge på jammen. No kom alle timane med Billie Holiday-plater til nytte. Ho kunne fleire av låtane som orkesteret spilte. Karin imponerte. Greenberg kalla henne «Lille-Billie».

Karin fekk tilbod om vere med å synge med danseorkesteret på Humlen restaurant. Ikkje jazz, men pop, tango og litt Prøysen. Ho kunne få ein månads engasjement.

I første etasje på Humlen var det pub, i andre etasje supé og dans. Ein respektabel stad, men far til Karin likte det ikkje.

– Mi dotter på Humla? Ikkje tale om.

Mora meinte Karin like godt kunne få lov. Ho sa til faren:

– Du veit korleis ho er. Snart er ho lei av det!

Presseplakat om Karin Krog på Humlen restaurant

Karin fekk synge på Humlen, trass skeptisk far.

Foto: Faksimile / NRK

Karin vart ikkje lei.

Husmorskole og ekteskap

Men å leve av å synge jazz var utenkeleg. Karin var interessert i ernæring, og tok husstellinja på realskulen. Deretter husmorskule.

Ho hadde lyst å bli husstellærar, men så langt kom ho ikkje. Kunnskapen om ernæring, hus- og barnestell skulle likevel snart bli nyttig i kvardagen.

Ho hadde nemleg blitt kjærast med den fem år eldre Johs Bergh, som hadde stødig jobb i ein takpappfabrikk. Dessutan hadde han mange jazzplater og var leiar for Oslo Jazz Circle.

Johs arva husvære då foreldra hans gjekk bort, og dermed vart det høve til at dei kunne gifte seg.

– Og så gjorde vi det. For då hadde jo vi ein stad å bu.

Karin Krog og Johs Bergh. Ung kvinne og mann i sofa

Vaksne: Karin og hennar tilkommande, Johs Bergh. Dei vart gifte i 1957, 20 og 26 år gamle.

Foto: Ukjent / Privat

Karin og Johs vart gift 21. september 1957.

Same dag døydde Kong Haakon, og det var landesorg og danseforbod i landet. Johs var mest letta over å sleppe unna bryllaupsvalsen.

Karin var 20 år.

– Det var jo altfor tidleg å gifte seg. Ein skulle jo hatt litt moro først!

Men litt moro vart det etterpå.

– Langt frå plankekøyring

«Har plateselskapene råd til å la være å ta opp plater med denne eminente jazzsangerinnen?» – spør Yngvar Holm i Morgenposten etter at Karin har sunge på jubileumskonserten til Big Chief Jazzklubb i januar 1958.

Han legg også merke til at Karin har ambisjonar: » ... det er langt fra plankekjøring hun varter opp med. Karin Krog er en personlighet og en norsk jazzsangerinne som vi får håpe vi får høre mer fra i tiden fremover ...»

Men no skulle det også gå slag i slag heime. Dottera Tine vart fødd i 1958 og femten månader seinare kom Dot Elisabeth.

Karin var tobarnsmor som 22-åring.

Mor Karin Krog med to døtre på 1 og 2 år

Randi Hultin fotograferte Karin som ung mor med døtrene Tine og Dot.

Foto: Randi Hultin

Den yngste dottera trong ekstra oppfølging på grunn av komplikasjonar etter fødselen. Karin måtte no legge all tid og innsats i familien.

Skulle ho nokon gong få komme tilbake til songen?

Valet av ektemann viste seg å vere veldig heldig.

– Johs var vant med å stelle i huset, han hadde hjelpt foreldra sine heime. Og eg hadde jo husmorskule og kunne sette han i sving!

På femti- og sekstitalet var det få menn som deltok i småbarnsstell. Men Johs hadde ingen problem med det. Karin og Johs stod ofte og skifta bleie på kvar sin unge.

– Og kva laurdag lagde han middag. Spagetti bolognese.

Første songtime

Men publikum hadde ikkje gløymt Karin. I 1959 vann ho ei jazzavstemming – «Kvinnelig vokalist» – i magasinet Verdensrevyen, etter å ha komme på andreplass etter Nora Brockstedt tidlegare år.

Men først då begge døtrene hadde begynt i barnehage, kunne Karin nytte nokre timar på dagtid til å lære meir, og fortsette å utforske stemma.

Ho hadde enno aldri hatt ein songtime.

Anne Brown som Bess i operaen Porgy and Bess

Anne Brown vart Karins første songlærar. Her i rolla som Bess i Gershwins Porgy and Bess i 1935.

Fleire av songarane og skodespelarane i Oslo tok timar med den amerikanske operasongarinna Anne Brown for å jobbe med stemme og diksjon. Brown hadde slått seg ned i Oslo i 1948. Ho hadde jobba med George Gershwin og var den første som hadde sunge rolla som Bess i Porgy and Bess.

Karin tok mot til seg, ringde Anne Brown og spurde om å få ein songtime.

– Anne Brown skjønte at eg ikkje skulle bli operasongar, men ho hadde likevel mykje å lære meg. Vi jobba med teknikk. Eg fekk synge skalaer og gjere rare øvingar. Vi studerte tekstar, tolking, korleis få fram uttrykket og poenget i ein tekst. Og ho åtvara meg mot å presse stemma.

– Ut å fly om kveldane?

Så ville Karin prøve å synge ute igjen.

Nokre naboar var kritiske. Skulle ho fly ute om kveldane med to små døtrer? Ho vart usikker, ho hadde jo ei dotter som trong ekstra oppfølging. Ho spurde ei av dei som jobba i barnehagen til Dot, «tante» Gunvor.

– Fortset å synge, du. Viss du ikkje er ei glad mor, er du heller ikkje ei god mor for barnet ditt.

Ho kunne ikkje berre lukke døra bak seg heime. Det vart sjonglering med musikk og omsorgsoppgåver. Ho måtte vere disiplinert om ho skulle få til dette. Få husarbeidet effektivt unna for å få tid til øving.

Karin Krog utenfor hjemmet sitt med solbriller på (2024)

Karin Krog i 2024. NRK fikk møte jazzlegenda på Bekkestua i Bærum der ho bur.

Den viktigaste personen i livet hennar forstod og støtta henne: Johs. Han stilte opp heime når Karin fekk jobbar.

Ho begynte med nokre kveldar tilbake til Humlen. Så vart ho tilbode ei vekes engasjement i Bergen. Arrangøren hadde dobbeltbooka henne og saksofonisten Dexter Gordon. Det enda med at dei gjorde annakvart sett på Hotell Neptun.

Dexter og Karin vart vener og samarbeidspartnarar.

– The gal's got gut

Etter kvart fekk Karin engasjement også i København og i Stockholm.

Men framover ville ho ikkje berre ta oppdrag frå andre.

Første album, «By Myself», kom i 1964 på Philips, der Rolv Wesenlund var innspelingssjef. Plata fekk merksemd – også internasjonalt. Kritikaren i det amerikanske magasinet DownBeat la merke til at dette var noko nytt, og samanfatta:

«The gal's got gut».

By Myself har seinare blitt kalla ein milepæl i norsk jazzhistorie.

Karin song på jazzfestivalane i Kongsberg og Molde. Saman med Jan Garbarek vart ho invitert til festivalar i Polen. Til radio- og fjernsynsopptak i Tyskland like etter. Ho vart kjent med den amerikanske bandleiaren Don Ellis, sentral i den amerikanske jazzavantgarden, og vart invitert til Los Angeles for å spele inn plate med hans storband. Samarbeidet varte over fleire år.

Verda hadde opna seg.

Ho song på den store jazzfestivalen i Antibes i 1967 og i Montreux i 1968 og fekk eit stort nettverk både i Europa og USA.

Stilen hennar fascinerte: Eit formelt, nesten kjølig image, kombinert med glimt i auget og stor kjærleik til musikken. Og prippent er det ikkje, vi snakkar trass alt slutten av sekstiåra med seksuell frigjeringstid. Med tilbakelent uskuld song den tekkelege blondina:

Mr. Joy's a toy,

you can wind him up,

and he'll do anything you want ...

Og platene hennar kom i hendene på internasjonale kritikarar.

I 1969 kåra DownBeat verdas beste jazzsongarinne: Karin Krog. Med Janis Joplin som nummer to.

Brytningstid

Sekstitalet var pionerår for jazzen i Noreg.

Karin kunne ikkje valt eit betre tiår å bygge opp karrieren sin.

Arild Andersen, Jon Christensen, Karin Krog og Steve Kuhn.

Arild Andersen, Jon Christensen, Karin Krog og Steve Kuhn.

Foto: Jan Nordby / NRK

Ho ville ikkje berre repetere det tidlegare jazzsongarar hadde gjort, ho ville gjere noko nytt.

Anne Brown hadde vist henne kor mykje rart ein kan gjere med stemma.

Ho vart send til Gaza for å underhalde DANOR-danske og norske soldatar i 1964, der ho fekk høyre ei av dei store stjernene i Midtausten, egyptiske Umm Kalthoum. Ho la merke til den særeigne måten ho brukte stemma på.

Også den norske folkemusikken var ein del av familiearven. Oldefaren, komponisten Anders Heyerdahl, hadde arrangert og utgjeve norske folketonar på slutten av 1800-talet.

I denne brytningstida kunne ein pløye ny musikalsk mark, sjølv i Melodi Grand Prix.

I 1967 deltok Karin i med det som må vere eit av dei mest kuriøse bidraga gjennom tidene: Veslefrikk.

Karin Krog fremfører låta «Veslefrikk» under den norske finalen i Melodi Grand Prix i februar 1967.

Karin Krog framfører låten «Veslefrikk» under den norske finalen i Melodi Grand Prix i februar 1967.

Gjesping, stønn og gråt

Karin hadde høyrt korleis Don Ellis brukte ekkomaskin og ringmodulator på instrumenta. Ho kjøpte eit Dynacord songanlegg med ekkomaskin og begynte å eksperimentere.

Hadde det norske jazzmiljøet rom for denne typen eksperiment?

Den opne, utforskande haldninga sette Karin i samband med folk utanfor jazzen. For første gong oppstod «søt«» musikk mellom jazzen og den klassiske avantgarden. Komponisten Arne Nordheim ville samarbeide med Karin.

Ho oppdagar også musikken til den amerikanske modernist-legenda John Cage.

Karin Krog i programmet Syntese i 1974.

Karin Krog og komponist Richard Rodney Bennett gjestar programmet Syntese med Eyvind Solaas i 1974. Her framfører ho Aria av John Cage.

Og ho song noko av det mest underlege og gjøglaraktige som finst i den modernistiske kanon: «Stripsody» av den amerikanske vokalkunstnaren Cathy Berberian – basert på tekst frå teikneseriestriper.

Ei ellevill reise i latter, gjesping, stønn, gråt, katte- og hundeimitasjonar, arabisk og kaudervelsk ...

– Det var veldig artig å gjere «Stripsody»!

Mottakinga her i Noreg var delt. Anerkjenning frå visse kritikarar, men lunken respons hos allmennpublikummet.

Etter at Karin hadde framført «Stripsody» på fjernsyn, vart dottera Tine erta på skolen.

Fryktlaus og ettertrakta

Om den eksperimentelle sida av kunstnarskapen vart for sterk kost for det breie norske publikummet, var det nettopp dette som vekte interesse hos det amerikanske plateselskapet Light in the Attic på byrjinga av 2000-talet.

Det resulterte i samlealbumet «Don't just sing» i 2015.

Kritikaren i New York Times kalla henne «a fearless innovator».

Utover på åttitalet vart det mindre av den eksperimentelle jazzen.

Plateselskapa vart mindre risikovillige. Har det spelt det ei rolle at jazzutdanninga vart institusjonalisert?

– Kanskje det? Du veit, nokre menneske likar å bli fortalt korleis ting skal vere. Andre likar å finne ut ting sjølve. Eg har hatt gode samarbeid både med sjølvlærte og utdanna musikarar, men dei må ha fantasi.

Har ho sjølv alltid kjent seg fri?

– Det har liksom vore naturleg for meg å vere fri med stemma. Eg trur det har å gjere med at eg song så mykje åleine som barn. Sat på badet der det var god akustikk, og prøvde ut klang.

Etter dei mest avantgarde utgjevingane på seksti- og syttitalet har Karin også gitt ut meir tradisjonelle ting. Fleire duosamarbeid, til dømes med bassisten Red Mitchell og pianisten Bengt Hallberg.

Det har vore viktig for henne å behalde rettane til eigne opptak. Nokre gongar har ho også finansiert utgivnadane sjølv.

Karin Krog og Bengt Hallberg

Feelgood-plata Two of a Kind gav Karin og Bengt Hallberg ut i 1982.

Foto: Meantime Records

– Det var grenser for kva Arne Bendiksen kunne gi ut!

Men avantgardisten i seg har ho halde liv i heile tida. Ikkje minst er dette ei interesse ho deler med mannen sin i dag, den britiske saksofonisten og komponisten John Surman. Dei samarbeider i alt frå duo til storband og har gitt ut tre album saman. To av dei har vunne Spellemannpris.

Kva så med mannsdominansen i jazzen?

– Den beste måten å unngå diskriminering på, er å vere sjef i eigne prosjekt. Og ein oppdagar jo fort kven som er mogleg å samarbeide med og ikkje.

Karin Krog fyller 87 i mai. Ho har sunge på Vossajazz i år og skal til Trondheim jazzfestival i mai. Ho samarbeider fast med Staffan William-Olsson på gitar og Terje Gewelt på bass. Og med sambuar John Surman.

Og ho ser ingen grunn til å gi seg enno.

Karin Krog i 2024

Kjelder:

«Karin Krog - slik ble karrieren til» Jazzklubben NRK P2 07.11.2021 ved Karen Frivik

Terje Mosnes: «Det måtte bli Jazz!» (Grappa Musikkforlag 2022)

«Karin Krog – selvlært verdensstjerne» fjernsynsportrett i NRK

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi i NRK Kultur burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel!

På 1950-tallet er Norge en musikalsk utkant. Men den unge vokalisten Karin Krog og en usedvanlig gjestfri journalist, får verden til å se mot Norge.

På 1950-tallet er Norge en musikalsk utkant. Men den unge vokalisten Karin Krog og en usedvanlig gjestfri journalist, får verden til å se mot Norge.