Hopp til innhold

Årets Moldejazz er i gang!

Måndag opna årets Moldejazz med parade og musikk. Sjå bilda frå festivalen og få med deg kva som skal skje denne veka.

Moldejazz 2023

Her kan du sjå bilda frå opninga av årets jazzfestival.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Regnet bøttar ned i Molde, men det stoppar ikkje nordvestlendingane. I fargerikt regntøy har hundrevis møtt opp for opninga av årets Moldejazz. Fremst i paraden gjekk kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

– Eg veit det er mange forventningar til det å gå først. Men eg har prøvd å ta ned forventningane, for eg er ingen dansar, seier Jaffery før paraden går i gang.

Moldejazz 2023

Til glede for både kulturministeren og alle tilskodarane var det andre som tok ansvar for dansinga i paraden.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Meir enn 60 år med festival

Moldejazz vart arrangert første gang i 1961, og har sidan vore gjennomført kvart år sidan. Også under pandemien klarte dei å arrangere ein slags festival, for denne rekka kunne dei ikkje bryte.

Kulturminister Lubna Jaffery seier festivalen har vore, og er, viktig.

Moldejazz er jo ein av dei lengst eksisterande festivalane faktisk i heile verda. Molde og Moldejazz sin plass i norsk jazzhistorie er heilt uomtvisteleg veldig, veldig viktig.

Åtte konsertar på seks dagar

Årets «Artist in residence» er gitaristen og komponisten Hedvig Mollestad Thomassen frå Ålesund. Ho er kjent frå Hedvig Mollestad Trio og som soloartist.

Ifølgje Moldejazz sjølv får ho ei travel veke. Mollestad Thomassen skal spele åtte konsertar på seks dagar. Ho har også laga eigne bestillingsverk til festivalen, i tillegg til anna ny musikk. Etter dei første sju konsertane avsluttar Mollestad Thomassen festivalen med ein solokonsert i Molde Domkirke.

Hedvig Mollestad

Hedvig Mollestad Thomassen spelar kvar kveld på festivalen.

Foto: Paal Ritter Schjerven / NRK

Nokre av høgdepunkta du kan få med deg:

Måndag spelar instrumental-bandet Snarky Puppy i Alexandraparken. 10-mannsbandet frå Brooklyn har ikkje mindre enn fire grammy-prisar på CV-en.

Tysdag kan du få med deg den unge jazzkometen Samara Joy, også ho er grammyprisvinnar. I tillegg spelar norske Emma Steinbakken.

Onsdag ventar TORA, med gitarist Tora Dahle Aagård i spissen. Og den amerikanske musikaren Marcus Miller, som er mest kjent som bassgitarist.

Tora Dahle Aagård

Tora Dahle Aagård er gitarist, vokalist, låtskrivar og frontfigur i bandet TORA.

Foto: NRK

Torsdag blir det blant anna konsert med Astrid S, Isah og Ramón.

Fredag får du Amanda Tenfjord, Di Derre og det litt yngre bandet frå NTNU si jazzlinje, Superspreder.

Før festivalen blir avslutta laurdag med mellom andre Blåsemafian og Hedvig Mollestad solo.

Sjå heile programmet her.

Les også Festivalfolket har fått nye vanar, no kan trenden snu

Publikum Moldejazz