NRK Meny
Normal

Kanye West: – Ville stemt på Trump

Til buing og pipekonsert kunngjorde rappar Kanye West at han er Trump-tilhengar.

APTOPIX 2015 MTV Video Music Awards - Show Kanye West

TRUMP-TILHENGAR: Under MTV Video Music Awards 2015 kunngjorde Kanye West at han vil stille i presidentvalet i USA i 2020.

Foto: Matt Sayles / Ap

West fortalde publikum på ein konsert i San Jose i California torsdag kveld at han ikkje stemte under presidentvalet den 8. november. Men dersom han hadde stemt, ville stemma hans gått til Trump.

Mange i menneskemengda responderte med hånlege kommentarar og nokre i publikummet skal ha kasta gjenstandar på songaren.

Vil bli president

Under MTV Video Music Awards i august i fjor, kunngjorde Kanye West at han vil stille i presidentvalet i 2020.

West, som er gift med reality-tjerna Kim Kardashian, seier han framleis har president-ambisjonar.

– Eg seier ikkje 2020 for å fornærme den nyvalde presidenten vår, eg seier berre at eg har nokre tankar om korleis vi bør kople ideane våre, fortalde West konsertgjengarane.