Hopp til innhold

Kanye West slettar Donald Trump-meldingar

Vennskapet mellom president Donald Trump og rapparen Kanye West ser ut til å vere over. West har sletta alle Twitter-meldingane der han rosar den amerikanske presidenten.

Rapperen viste seg første gang etter sammenbruddet.

I desember besøkte Kanye West Donald Trump i New York. Då sa Trump at dei to hadde vore vennar i lang tid. No ser det ut til at vennskapet er over.

Etter at Donald Trump blei vald i november, la rapparen ut fleire rosande meldingar om den påtroppande presidenten. Men no er desse meldingane sletta. Grunnen skal vere at West er misnøgd med innsatsen til Trump, skriv nettstaden TMZ.

I desember var Kanye West i New York for å besøke Trump. Då sa den påtroppande presidenten at dei to hadde vore vennar i lang tid. Ein månad tidlegare blei West møtt med buing då han under ein konsert sa at han ikkje hadde stemt, men dersom han hadde gjort det, ville han ha støtta Trump.

Likar ikkje innreiseforbodet

Ein av grunnane til at West no har sletta dei rosande orda om Trump, skal vere det midlertidige innreiseforbodet til USA for innbyggarar frå sju muslimske land. Kjelder nær rapparen skal ha fortalt TMZ at han er svært lite nøgd med dei to første vekene med Trump, og då særleg dette forbodet.

Men om Kanye West er taus om Trump, har kona Kim Kardashian West vore meir aktiv med dei politiske utspela den siste vekene. Med møtet mellom Donald Trump og Kanye West i minne, var det mange som undra seg då ho etter innføringa av det midlertidige innreiseforbodet, la ut ei Twitter-melding med statistikk over ulike dødsårsaker for amerikanarar:

Laster Twitter-innhold

Innreiseforbodet var meint å stoppe islamistiske terroristar. Men ifølge statistikken er det i snitt berre to amerikanarar kvart år som døyr av slike åtak. Medan det er nesten 12.000 amerikanarar som mister livet etter å ha blitt skotne av ein annan amerikanar.

Kvinnemarsj og Obama

For dei som følger Kim Kardashian West på fleire sosiale medium, kom kanskje ikkje statistikken som ei overrasking. I samband med kvinnemarsjane som blei arrangert dagen etter at Donald Trump blei innsett som president, hylla ho alle dei som demonstrerte på Instagram:

Der la ho også ut bilete av familien West som møtte den avtroppande presidenten, Barack Obama:

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.