Hopp til innhold

Sportspodkastane Jann Post diggar

Elskar du å jogge eller berre å sjå på sport på TV? Her er Jann Post sine favorittpodkastar om sport.

NRKs Jann Post er løpe-entusiast og har en egen podkast om løping.

SPREK JOURNALIST: NRK-journalist Jann Post er ein løpe-entusiast og leiar podkasten «I det lange løp» saman med Kristian Ulriksen.

Anten du likar å lytte til podkast medan du trenar, du vil høyre om sport medan du slappar av, eller du vil la deg inspirere av idrettsutøvarar som fortel om motivasjonen sin – då kan dette vere podkastane for deg.

kultur1
Logobilde for podkasten "The physical performance show"

«Australsk podkast med fokus på uthaldande idrettar. Mange tidlegare og noverande stjerner er gjestar. Den norske triatlonprofilen Kristian Blummenfelt har vore ein av gjestane.»

kultur2
Logo for podkasten "Kommentatorerna"

«Nystarta svensk friidrettspodkast som gir god informasjon om både svensk og internasjonal friidrett. I tillegg byr dei på gode historier.»

kultur3
Logo for podkasten "Letsrun.com's Track talk"
Foto: Letsrun.com

«Den kanskje største internasjonale løpesida på nett har sin eigen podkast. Her blir mange av dei dagsaktuelle temaa i internasjonal løping drøfta. Gir god innsikt om den amerikanske løpescena, men også brørne Ingebrigtsen og internasjonale stjerner er stadig tema.»

kultur4
Logo for podkasten "Road to the olympic trials"

«Amerikansk podkast som følger ulike utøvarar inn mot amerikanarane sine uttaksløp til OL i maraton. Ein podkast for dei maratonfrelste.»

kultur5
Logo for podkasten "B-laget"
Foto: TV 2/Moderne Media

«Skal eigentleg handle om fotball og livet, men handlar mest om livet. Min tidlegare kollega Marius Skjelbæk i fri dressur er eit funn for formatet. Han kunne like gjerne vore standupkomikar. Fullt av kulturelle preferansar for folk som hadde ungdomstida si på 90-talet.»

kultur6
Logo for podkasten "The morning shakeout"

«Amerikansk løpepodkast som har mange tidlegare og noverande stjerner som gjestar.»

kultur7
Logo for podkasten "Inside running"
Foto: TMYT Network

«Veldig smal australsk løpepodkast med tre maratonløparar som har sprunge på under 2.20 på maraton. Den beste sprang for Australia under førre VM. Her diskuterer dei trening og vi blir oppdaterte på kva som skjer i Australia.»

Aktuelle sportspodkastar frå NRK:

Logo for NRK-podkasten "I det lange løp"

«I det lange løp» – Her får du treningstips frå dei beste løparane og ekspertane i landet. Alt frå Ingrid Kristiansen til Sondre Lerche. Høyr toppidrettsutøvarane snakke om trening og suksessfaktorar – og følg råda som hjelper deg i litt betre form. Podkasten blir leia av NRK sin eigen supermosjonist Jann Post og Kristian Ulriksen, som vi følger i kampen for å bli ein best mogleg løpar.

Logo for NRK-podkasten "Heia fotball" med Sven Bisgaard Sundet og Tete Lidbom.

«Heia fotball» – Fotballpodkast med ny episode kvar veke frå NRK P3 med Sven Bisgaard Sundet, Tete Lidbom, nettsjef Lars og interessante gjestar.

Sjekk ferske topplister og fleire anbefalingar på nrk.no/podkast.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters