Hopp til innhold

Jaktar på urbonden

Norge vart aldri det same etter at jordbruket steig i land for 4500 år sidan. For med jord, tamdyr og eigedom kjem nemleg makt og rikdom. Men kven var urbonden?

Arkeologer på Lista
Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

Høyr: Arkeologi 3 - Jordbruket stig i land

Kvifor blei me bønder? På Penne på Lista leitar arkeologar etter spor frå den gongen dei fyrste menneska starta opp med permanent jordbruk her til lands. Professor Christopher Prescott trur jordbruket steig i land med immigrantar frå Jylland, og han trur dei fyrste heiltidsbøndene budde nettopp på Lista og på Jæren.

- Underlegaste som har skjedd

Christopher Prescott

Christopher Prescott

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

Forfedrene våre levde lenge som jegrar og sankarar, men for kring 4500 år sidan skjedde det noko. Professor i arkeologi ved Universitetet i Oslo, Christopher Prescott, tykkjer overgangen til jordbrukssamfunnet er noko av det underlegaste som har skjedd i norsk historie. Jordbruket har nemleg få fordeler, det er meir arbeidskrevjande - og kosthaldet er meir einsformig.

Det store spørsmålet blir då: Kvifor blei me i det heile tatt bønder?

Jyske bønder kom til Lista

Prescott har ein teori, som strir mot den etablerte oppfatninga om at utviklinga var gradvis og logisk. Han trur overgangen var svært rask, kanskje var permanent jordbruk innført berre i løpet av ein generasjon?

Det er gjort mange funn frå denne perioden, og Prescott trur immigrantar frå Limfjorden på Jylland kryssa Skagerak, etablerte seg på Lista og Jæren, og tok med seg ein heilt ny kultur til våre strender.

Pakkeløsyning

Immigrantane tok med seg ei pakkeløysning som inneheldt gardsdrift, metallproduksjon, avansert sjøfart, - og eit heilt nytt sosialt hierarki. For med jord, tamdyr og eigedom kjem makt og rikdom. Landet vårt blei aldri meir det same.

Leitar etter bronsealderbåten

Nyvinningar innan sjøfarten står sentralt i Prescott sine hypotesar. Frå å pusle på innaskjærs kunne ein no krysse store havstrekningar med stabile fartøy som tok 30-40 mann. Det er på denne tida kysten vår blir dradd inn i den store verda. Christopher Prescott håpar å finne eit båtvrak frå bronsealderen, for å sjå om hypotesane hans held vatn.

Så sjølv om han gjerne vil finne ein åker under torva på Lista, så vil han aller helst finne bronsealderbåten. Men då må han under vatn...

Høyr: Arkeologi del 4 - Jakta på bronsealderbåten

Norgesglasset NRK P1

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters