Loga ášši sámegillii // Les saken på samisk
– Det er ei heilt absurd avgjerd frå deira side. Det er skikkeleg sjukt og stort, seier Isalill Kolpus audmjukt til jobben ho har fått.
Norsk-samiske Isalill Kolpus er blant anna kjent frå standup-scena. Hennar siste førestilling var «Oja, du er nysame?».
Ho er heller ikkje heilt ukjent for «Nytt på Nytt»-fansen. Kolpus har jobba som tekstforfattar, i tillegg til at ho har vore både gjest og vikar i programmet.
– Da eg var gjest sa eg at «nå peakar eg». Det var det største augeblikket i min karriere. Det same tenkte eg da eg var vikar.
– Det at eg nå har fått jobben i panelet kjennest heilt uverkeleg, seier ho.
Umogleg oppgåve
Det var i slutten av mars at det vart kjent at Pernille Sørensen skulle gi seg i «Nytt på Nytt» etter sju år i stolen som paneldeltakar.
Arvtakaren synest det er stas å følgje etter ein så elska komikar, sjølv om ho gruar seg til å bli samanlikna med forgjengaren.
– Pernille er elska av ei heil befolkning, meg sjølv inkludert. Det er derfor ei heilt umogleg oppgåve å erstatte ho.
– Eg kan ikkje tenke på det. Må berre late som at Pernille aldri eksisterte, seier Kolpus og ler rått.
Same, finnmarking og dame
Finnmarkingen er likevel fast bestemt på å fylle skoa på sin måte, og ho gler seg til å finne ut av kven ho er i panelstolen.
– Eg veit ikkje kva som blir stilen min. Eg kjem nok til å bruke litt tid på å finne ut av det, legg Kolpus til.
– Kva ser du på som dine styrkar som komikar?
– Eg har eit unikt perspektiv som same, finnmarking og dame. Det er ikkje så mange damer i humor-Noreg, og enda færre samar. Det å ha eit anna perspektiv enn Johan eller Bård tenker eg er ein fordel.
– Og så er eg sjukt morosam da, legg Kolpus til og flirer.
Det understrekar også Kjetil Kooyman, som er prosjektleiar i «Nytt på Nytt».
– Grunnen til at vi valde Isalill er fordi ho er morosam, smart og aktivt engasjert i samfunnet rundt seg.
– Vi gler oss skikkeleg til å starte hausten med ho på laget. Det blir spennande og gøy å få hennar energi inn i miksen med Bård & Johan, legg han til.
Spele kvarandre gode
Som standupkomikar er ho vand med å vere sjølvstendig, og vere aleine på scena.
Ho ser derfor fram til å kunne vere saman med fleire komikarar, og å vere ein del av eit lag som ønsker å formidle humor på øvste hylle.
– Det artigaste er å høyre på dei andre, og spele kvarandre gode. Eg trur det gode samspelet er ein del av suksessfaktoren til «Nytt på Nytt», seier Kolpus.
Programleiar Bård Tufte Johansen fortel at han hadde to krav til den nye:
– At ho var morosam, og at det var ein med fiskerettar i samisk område.
– Humor-Noreg har jo like lågt utdanningsnivå som Finnmark, så at vi får ein med høg utdanning FRÅ Finnmark kjennest som ein lottogevinst, legg han til.
Mens Johan Golden slengar til at Isalill vart vald fordi ho er den som minner mest om dei sjølve.
– Like barn leikar best, seier han.
Frå lærar til komikar
Når det kjem til felt ho føler seg ekstra trygg på å kødde med nemnar ho samiske saker, utdanning og skolepolitikk.
For det mange kanskje ikkje veit er at Kolpus er utdanna lektor, og har jobba fleire år som lærar.
Men for tre år sidan bestemte ho seg for å følgje draumen om å bli standupkomikar.
– Kor fornøgd er du med det valet nå?
– Ekstremt fornøgd! Eg starta med standup i 2020, så takk til 2020-Isalill, for kva faen skjedde? Vi er her. Det er heilt sjukt, avsluttar ho.