Hopp til innhold

Sluttar i «Nytt på Nytt»: – Ekstremt rart

Etter åtte år i Gullrekka seier Pernille Sørensen farvel til det ho beskriv som ein fantastisk epoke i livet sitt. Nå tar ho fatt på nye prosjekt.

Pernille Sørensen ute ein snørik vinterdag i mars 2023

Pernille Sørensen gir seg i «Nytt på Nytt» etter åtte år.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

– Eg føler meg fantastisk heldig som har hatt åtte år med «Nytt på Nytt» og den superbe redaksjonen, seier Pernille Sørensen og legg til:

– Det har vore ei gåve å sitje å diskutere nyheiter kvar fredag med verdas artigaste og smartaste folk.

Sidan 2015 har ho vore fast i panelet i eit av Noregs mest populære underhaldningsprogram, der ho har levert den eine satiriske vitsen etter den andre.

Men på fredag har ho altså si siste sending.

– Det er ekstremt rart. Eg kjenner på eit virvar av kjensler.

– Det er ein gjeng med svært morosame menneske eg ikkje skal jobbe meir med, og det gjer meg veldig trist, seier ho.

Tar tid å fordøye

Komikaren har vore ein sentral skikkelse i humor-Noreg dei siste 20 åra, og ho har jobba på mange ulike produksjonar på TV og scene. Sørensen er derfor vant til store taktskifte, men innrømmer at denne gongen er ekstra spesiell.

– Det er fordi eg har hatt denne jobben så lenge. Og ein jobbar så intenst og så tett saman gjennom året. Da blir ein jo veldig knytt til dei ein jobbar med, fortel ho.

Det same gjeld for «Side om side», ifølgje Sørensen. Tidlegare i vinter kom nyheita om at haustens sesong blir den siste.

– Det kjem til å ta tid for meg å fordøye at et heilt tiår med to store jobbproduksjonar med så mange menneske eg er glade i er over, seier ho.

– Så eg kjem nok til å ha litt slik tjukk dustestemme med gråten nokså nær ein heil del gongar gjennom denne våren. Fordi eg er så takknemleg for at eg har vore så heldig og fått vore med på så mykje gøy.

Pernille Sørensen ute ein snørik vinterdag i mars 2023

Pernille Sørensen fortel at ho aldri har angra på ein vits ho har gjort. Men at ho av og til er redd for å såre nokon viss vitsen er litt på kanten.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Comeback av Knut Nærum og Jon Almaas

I tillegg til å sakne den daglege fjollinga og alle nyheitsdiskusjonane med Johan Golden og Bård Tufte Johansen, kjem ho også til å sakne variasjonen og spenninga med å ha nye gjestar kvar veke.

Og denne torsdagen får ho celebert selskap.

Da er det ingen ringare enn Jon Almaas og Knut Nærum som gjestar programmet.

– Den siste sendinga blir med alle gutane eg har jobba med. Sirkelen er slutta. Det kunne ikkje ha vore nokon andre enn dei, understrekar Sørensen.

Kollegaer om Pernille Sørensen:

  • Nytt på nytt Stemningsbilde NRK TV

    Bård Tufte Johansen

    Komikar og programleiar

    – Som komikar har Pernille eit veldig stort register. Pernille kan skyte hardt og presist, men kan også smelle av eit søtt lite flagg det står «pang» på. Ein veit aldri kva som kjem, bortsett frå at det truleg er noko artig. Som person og ven er ho morosam, skravlate og omteksam. Så det er enda godt eg får behalde ho som ven.

    – Pernille har sjeldan ei dårleg sending og har mykje av æra for at «Nytt på Nytt» har såpass høgt botnnivå. Ho kjem til å bli sakna i TV-ruta og i redaksjonen. Eg er imot at ho sluttar. 

  • Johan Golden Nytt på nytt

    Johan Golden

    Komikar og programleiar

    – Dette er trist for alle. For heile Noreg. Men særleg for familien til Pernille som nå er nøydde til å ha ei Pernille heime som ikkje får skravla frå seg på jobb. Mine tankar går ikkje berre til alle som er råka, men spesielt til barna og Dagfinn.

    – Pernille er umogeleg å erstatte. Det er berre ei Pernille. Heldigvis. Men som ein eller annan klok mann sa: «Kyrkjegarden er full med uerstattelege menneske». Så vi skal nok kome oss gjennom. Det blir eit sakn.

  • jon almaas nytt på nytt programspiller

    Jon Almaas

    Komikar og programleiar

    – Pernille har røtter i Bærum og Bergen. Det gir jo ei spesiell blanding. Ho har autoriteten til ein bergensar og smidigskapen til ein bæring. Ho er frekk og elegant på same tid og slepp dermed unna med mykje.

    – Som programleiar er det meget trygt med Pernille ved si side. Ho har god teft og bommar aldri. Ho er ei intrikat blanding av Greta Garbo og Kjerringa med staven. Med strikketøy i den eine handa og ei Dior-veske i den andre.

    – I NRK er dei glade i maritime metaforar veit eg, og du kan seie at Pernille har vore spinnakern på «Nytt på Nytt»-skuta i mange år nå.



  • Nytt på nytt vår 2015

    Knut Nærum

    Komikar og forfattar

    – Pernille er karbonbasert. Morosam. Og dyktig. I andre land hadde ein måtta bruke tre personar for dette: Å vere fast medvirkande i Noregs mest populære underhaldningsprogram, i toppsjiktet av standupkomikarar og å spele ei berande rolle i landets mest sette situasjonskomedie. I Noreg har vi Pernille som fiksar alle tre.

    – Gjennom si rolle i programmet har Pernille vore nasjonens samvit formulert i vitsar. «Nytt på Nytt» sin funksjon er å seie frå når noko eller nokon blir litt mykje, og der er det ho som har sagt tydelegast ifrå. I åtte år. Som må vere ein eller annan slags rekord.

  • Kjetil Kooyman.

    Kjetil Kooyman

    – Pernille var allereie ei stor stjerne da ho starta i «Nytt på Nytt»-lagleiarjobben, og har gjennom åra hos oss styrka posisjonen sin som Noregs aller, aller beste komikar.

    – Ho er smart, nøye, ein fest å jobbe saman med og har kapasitet til både å gjere jobben sin som lagleiar samtidig som ho har overskot til å ta vare på gjestane i programmet og folk rundt seg.

    – På den måten har Pernille bidratt tungt til å lage eit artigast mogleg «Nytt på Nytt» for det norske folk på fredagskvelden godt over 200 gongar.

Ny stor humorserie

Sjølv om denne veka er Sørensens siste sending, blir ho ikkje borte frå humoruniverset. Som komikar, manusforfattar og skodespelar har ho mange jern i elden.

Det er også grunnen til at ho gir seg i «Nytt på Nytt». Ho treng tid til å fokusere på nye prosjekt.

Allereie etter sommaren ser du ho som karakteren Lisbeth i siste sesong av «Side om side».

Til hausten skal ho også ha premiere på Latter med humorshowet «3 for 1» med Live Nelvik og Kristine Riis.

I tillegg skal ho jobbe med ein ny stor humorserie for NRK på same tid. Ho er også manusforfattar på to andre prosjekt.

– Når alle disse ballane landa samtidig så blir det vanskeleg med ein fulltidsjobb som «Nytt på Nytt». Universet har berre 24 timar i døgnet, og da blir det vanskeleg å sjonglere fire jobbar, humrar ho lett.

Pernille Sørensen i Radioresepsjonen NRK Marienlyst

Pernille Sørensen har mange ballar i lufta, og ser fram til nye prosjekt. Prosjektleiar Kooyman fortel at dei så smått er i gang med prosessen for å finne Pernilles arvtakar. – Det er store sko å fylle, men samtidig må vi sjå ljost på det: det er mange flinke folk der ute som vi er nysgjerrige på, avslører han.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Glad og trist på same tid

Sjølv om Sørensen gruar seg til teppefall i fredagsprogrammet, ser ho fram til nye opplevingar.

– Eg gler meg til å jobbe vidare mot premierar på nye prosjekt med nye gjengar. Samtidig gruar eg meg til å seie farvel til ein fantastisk epoke i mitt liv, seier Sørensen.

Ein har lov til å kalle private opplevingar for epokar òg, kan ein ikkje det da, spør ho. Og konkluderer ganske raskt:

– Jo. Eg er alt for glad i denne jobben til å berre kalle den ei tid. Den fortener å bli kalla epoke, ja.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska