Hopp til innhold
Anmeldelse

Innsiktsfullt om Kjærstads metode

Jan Kjærstads forfattarskap er av den sorten som ber om å bli lagt under lupa. No har danske Rikke Andersen Kraglund gjort det, og resultatet er til å få forstand av.

Jan Kjærstad

Jan Kjærstads forfattarskap blir lagt under lupa i dansk bok.

Foto: NRK

Dei som les Kjærstad, vil vite at han har avskaffa kronologien, gjev stor plass til sidehistorier og digresjonar og skaper dei største metaforforgreiningane. Dei som i tillegg liker bøkene hans, vil vite at alt dette heng saman med tematikken i bøkene og med Kjærstads litteratursyn, det er altså ikkje berre pynt som den «eigentlege» historia står i fare for å forsvinne bak.

Når Kraglund no kjem og påstår at pynten er ein nødvendig del av verket, er det altså ikkje breaking news. Det som likevel gjer boka interessant, er at ho gyv laus på bok etter bok og syner fram korleis dei ulike kunstgrepa verkar og kva dei fører med seg. Boka «Jan Kjærstad. Referencer i et forfatterskab» utdjupar forståinga av eksperimentell litteratur generelt og Kjærstads forfattarskap spesielt.

Kjærstad etter i saumane

Kraglund er ein sympatisk lesar som tek bøkene i beste meining, og som vel å hoppe over dei svakaste romanane. I sentrum står Wergeland-trilogien. Begge desse vala er greie å forstå. Når ho så zoomar inn på korleis brotflatene får den eine tekstbrokken til å smitte over på den andre, gjev det meining. Og når ho går djupare inn, til dømes i kva for verk av Stravinskij Kjærstad må ha i tankane i romanen «Erobreren» og korleis det verket spelar på lag både med handlinga i boka og med komposisjonsprinsippa i sjølve romanen, då svingar det skikkeleg.

Det er sameleis lett å nikke med når ho skriv at Kjærstad har «stor tillid til læsernes nysgerrighed.» Lesaren må jobbe. For dei av oss som har tatt litt lett på jobben og ikkje undersøkt lukene i teksten, kjem Kraglund med utfyllande og relevante opplysningar.

God er også analysen av korleis det etiske er tett knytt til det estetiske: Brot og brokkar og digresjonar er der for å få oss ut av vanetenkinga og lokke oss til nytenking og revurdering av fastlåste posisjonar. Nettverka peikar mot kor avhengige vi er av kvarandre, for no å forenkle inn mot grensa av det forsvarlege. Kraglund sit, kort sagt, med mange nøklar som opnar bøkene.

Kjærstad om Kjærstad

Ein del av nøklane har ho frå Kjærstad sjølv; han har skrive fire essaysamlingar der han mellom mykje anna også diskuterer skrivemåtar. Ikkje noko gale i det, men eg saknar eit meir overordna blikk som problematiserer grepa: til dømes dette med å på metaforisk vis skape samanhengar der dei neppe finst,- kva skil det frå metoden til ein konspirasjonsteoretikar? Og kva med alle stadene der særleg Jonas Wergeland ser kva som skal skje i framtida; korleis passar denne lett deterministiske vrien med påstandar om at nye tenkemåtar kan endre livsbanar? Slike spørsmål skulle eg gjerne ha lese meir om.

Det må også gå an å hevde at Kraglund byggjer ein aldri så liten stråmann når ho hentar fram kritiske formuleringar frå den norske dagskritikken for å skape kontrast til eigne lesingar. Eit dykk i tidsskrift og bøker ville gitt eit anna bilde av den norske mottakinga.

At ein dansk lesar glepp på referansar til norske heltar som Henrik Wergeland skal vi ikkje halde mot henne. Meir irriterande er dei mange korrekturfeila i norske tekstavsnitt.

Dette bør likevel ikkje halde norske lesarar borte frå «Kjærstad. Referencer i et forfatterskab» som garantert vil gje Kjærstadfansen større innsikt i forfattarskapet, mens dei som misliker bøkene hans, vil måtte skjerpe argumentasjonen.

Passar for deg som:

  • har slite litt med å henge med i Kjærstads forfattarskap
  • ønskjer å bli vist inn i eksperimentell litteratur av ein kyndig lesar

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters