Hopp til innhold

Innbyggjarane får ikkje bestemme kva dei nye fylka skal heite

Skal dei nye regionane heite Innlandet eller Opplandet? Vestlandet eller Gula fylke? Dette er det Stortinget, og ikkje dei lokale innbyggjarane som bestemmer.

Det nye fylkeskartet

NYE NAMN: Dagens fylkesnamn vart vedtekne i 1918–1919. Då arbeidde eit utval med å erstatte «danske» stadnamn med historisk norske landskapsnamn. Språkrådet tilrår at dei nye namna i regionreforma òg skal vera historiske. Det siste vedtaket i regionreforma kom 3. mai, da det vart avklart at Troms og Finnmark blir eit nytt fylke, medan Nordland skal fortsetja åleine.

– Stadnamn er viktige for folk. Dei set kjensler i sving fordi vi har eit personleg forhold til dei, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

Ho fortel at namnesaker har vore nokre av dei hissigaste sakene som har vore handsama i Stortinget.

Åse Wetås

KJENSLER I SVING: Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, fortel at ei undersøking frå i fjor viser at 85 % av dei spurte meiner at ivaretaking av stadnamn er viktig.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Namnestrid førte til ruteknusing

På 1920-talet fekk fleire norske byar nye namn. Christiania vart til Oslo og Fredrikshald til Halden. Men då stortingspolitikarane døypte Trondhjem om til Nidaros kokte det over i trønderhovudstaden.

Språkprofessor Roger Lockertsen seier til forskning.no at namnekonflikten resulterte i slagsmål, ruteknusing, steinkasting og forfølging.

– Debatten rundt Trondhjem-Nidaros-Trondheim viser kor sterke kjenslene var og kor harde frontane var, seier Wetås.

Konflikten enda med at byen fekk sitt tredje namn på ti år, Trondheim. I dag er alle namna i bruk.

Trass i tidlegare konfliktar, er det framleis slik at Stortinget bestemmer.

– Dei namna vi har i dag er nedfelte i Lov om forandring av rikets inndelingsnamn. Ei endring må bli vedteken i Stortinget, seier Wetås.

Stadnamn er nokre av dei eldste kulturminna vi har og er ein viktig del av kulturarven vår.

Åse Wetås

Legg vekt på lokale ynske

Ifølgje Kommunaldepartementet vil dei leggje vekt på lokale ynske i namnearbeidet. Fleire fylke har allereie inngått intensjonsavtaler der dei har blitt einige om namn.

Også i nyare tid har det vore namnekonfliktar mellom Oslo og resten av Noreg. I vår vart bergensarane rasande då jernbanestasjonen i Bergen fekk namnet Bergen Stasjon.

– Eg vart forbanna då eg såg skiltet. Eg såg for meg ein liten nisse som sat på kontoret sitt i Oslo og bestemte over oss, sa bergensar Finn Bjørn Tønder til NRK.

Vegskilt Sogn og Fjordane Hemsedalsfjellet

SOGN OG FJORDANE: I framtida kan du køyre inn i anten Vestlandet fylke eller Gula fylke.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

No kan det bli nye namnekonfliktar i vest. For fylka vil ha regionsnamnet Vestlandet, medan Språkrådet tilrår Gula fylke, etter det historiske Gulatinget.

Wetås meiner at Språkrådet bør nyttast i arbeidet.

– Vi har gått ut med generelle råd om korleis namnearbeidet kan føregå. Og arbeidet bør stå høgt på sakslista i prosessen framover.

Men kven sine råd som veg tyngst i Stortinget er framleis usikkert. Kommunalminister Jan Tore Sanner ynskjer ikkje å kommentere saka på noverande tidspunkt.

Har Vestlandet som arbeidstittel

Jenny Følling

VIL VENTE: Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, meiner Vestlandet er eit godt namn, men vil vente med å ta ein endeleg språkdebatt til andre ting er på plass.

Foto: Noralv Pedersen /NRK / NRK

Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane, gjekk inn for namnet Vestlandet i intensjonsavtalen med Hordaland. Ho vil vente med namnedebatten.

– Vi får sjå kva som skjer i Stortinget. Vi må fyrst finne ut om Fylkesmannen si leiing blir lagt slik vi ynskjer i intensjonsavtalen.

– Håpar du sjølv at namnet blir Vestlandet?

– Alle i forhandlingsutvalet var samde om det. I starten samarbeidde vi òg med Rogaland, då var Vestlandet eit opplagt namn. Etterpå har vi halde fram med Vestlandet som arbeidstittel.

Motstanden mot Vestlandet vil nok helst koma frå vestlendingar som ikkje er med i regionen.

Jenny Følling

Fleire artiklar om namn på fylka:

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.