Hopp til innhold

Ingrid Bolsø Berdal fornøgd utan Emmy

Det blei ingen Emmy til HBO-serien «Westworld» i natt. Men norske Ingrid Bolsø Berdal var likevel fornøgd etter prisutdelinga.

TELEVISION-WESTWORLD/PREMIERE

HBO-serien «Westworld» måtte gå tomhendte frå Emmy-utdelinga i natt, men Ingrid Bolsø Berdal spelar roboten Armistice i serien. Dette er frå premieren på serien i september i fjor.

Foto: PHIL MCCARTEN / Reuters

Seriane «The Handmaid's Tale» og «Big Little Lies» blei dei to store vinnarane då den amerikanske tv-prisen Emmy blei delt ut i Los Angeles natt til måndag. Og det var den første som utkonkurrerte HBO-serien «Westworld» i klassen beste drama.

Westworld handlar om ein fornøyelsespark med westerntema der rike menneske får levd ut fantasiane sine. Norske Ingrid Bolsø Berdal spelar roboten Armistice i serien. Ho var på plass under prisutdelinga i natt. Men sjølv om dei måtte gå tomhendte heim, seier ho til NRK at det var moro å vere der.

– Det har vore både interessant og morosamt. Og kanskje litt langvarig. Dette er litt av eit sirkus, og det har vore moro å få sjå det innanfrå.

I løpet av kvelden delte ho også opplevingane sine med følgjarane ho har på Instagram.

Stort show

Berdal tidlegare vore programleiar for Amanda-utdelinga, og har også fleire gongar vore nominert til norske filmprisar. Men sjølv om det er mykje som er stort ved Emmy-utdelinga, er det mykje som er kjent også.

– Alt er nokre hakk større enn Amanda og andre norske prisshow. Det er fleire folk her og meir presse. Men samtidig er det bygd over same lesten. Eg har vore gjennom nokre Amanda-utdelingar, og dette er jo det same konseptet. Det er berre i eit større format.

Tidleg kveld

Sjølv om det ikkje blei nokon pris, blei det fest på Ingrid Bolsø Berdal og dei andre skodespelarane i «Westworld». Då NRK snakka med henne, var ho klar til å entre etterfesten HBO skulle arrangere.

– Dette er berykta fest, har eg fått høyre. I år ser det ut som om det er kinesisk tema. Det blir fest, men eg kjem nok ikkje til å halde ut heile natta, sjølv om eg er trønder. Det blir nok ein svingom, litt mat, og så blir det heim for å sove.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.