Hopp til innhold

Ingenting å angre på

Trude Marstein nærmer seg 20-tallet i stilkarakter, men er det nok?

Trude Marstein
Foto: Gyldendal


Trude Marstein er rekna som ein av dei mest interessante forfattarane i den yngre generasjonen, ein skarpsynt observatør og ein kresen stilist. Eg er ein av mange kritikarar som har vore raus med godorda tidlegare, men denne gongen er eg litt i strid med meg sjølv.

Banal kvardagshistorie

Trude Marstein: Ingenting å angre på

Trude Marstein: 'Ingenting å angre på', Roman, Gyldenal 2009

Foto: Gyldendal

Historia er som klipt ut av norsk kvardagsliv: Heidi og Vegard har vore gift i 14 år, og har det slett ikkje verst, men krevande jobbar og tre døtrer har slitt på forholdet som ikkje er så heftig no som det ein gong var. Så møter Heidi Mikkel gjennom jobben og innleier eit forhold til han. Når familien skal på hytta, lyg ho på seg eit årsrekneskap som må avsluttast, og blir i byen saman med Mikkel. Eit døgn blir til to før ho omsider kjem seg på toget for å gjenoppta familielivet. Viss det går an, etter alt som har skjedd.


Ja, det er banalt. Men romanen er ikkje banal. Trude Marstein er ein virtuos når det gjeld å skrive fram tankane ein person har og som hoppar frå høgt til lågt utan overgangar og så flette desse saman med alt som skjer rundt personen: Vegard som er på hytta lurer på om han skal ta eit glas vin til, sveiper innom ein erotisk fantasi med Gry på jobben, lurer på om han er lukkeleg og svarer samstundes på alle spørsmål og innspel frå barna som ikkje vil på fisketur men som vil ha is og har oppdaga ei mus inne i hytta. Vegards univers blir kryssklippa med Heidis, der ho har seg med Mikkel samtidig som ho tenkjer på at ho må kjøpe støvlar til eitt av barna mens bilde av Vegard - skjegget hans, magen som er litt for stor - blandar seg inn og skaper uro.

Gode bilde, men kva så?


Forma er fullkomen, og alt som flokar seg saman i sinnet til dei to er uhyre spesifikt og skaper gode bilde av eit par, ein familie og alt det som vever dei saman. Men etter ein del sider er det som om historia er uttømt. Heidi nyt Mikkel i fulle dag. Mellom øktene, eller aktene, snakkar dei saman om kor herleg dei har det saman og om det uhyrlege i at dei har stukke av frå det heile. Dei er dumme og banale, slik nyforelska par ofte framstår for andre enn seg sjølve, og dei merkar at dei er det, ikkje minst når dei flørtar tungt på ein bar og dei andre gjestene og spesielt bartenderen blir plaga av den vedvarande tungekyssinga ved bardisken. Det blir noko klaustrofobisk og stilleståande over teksten, dei kjem ikkje vidare, dei kjem ikkje ut av det, dei går og går og kjem aldri til døra.

Kan hende er dette heile poenget: at historia om Heidis eventyr med Mikkel skal vise kor vanskeleg det er å bli verande i eit forhold og kor vanskeleg det er å bryte opp. Og innsikta i dette skal skal oppstå gjennom å la historia stå stille, noko som skaper eit intenst ubehag hjå lesaren, som etterkvart kjenner eit sterkt begjær etter driv og utvikling.

Strålande og stilleståande

Lyspunkta er Vegards avsnitt. Ikkje fordi han er klokare eller meir interessant som person, men fordi dei tre døtrene er så påtrengande til stades med søskenkrangel, masing og stadige spørsmål. Skildringa av korleis ein kjærleg far prøver å skape lykke og harmoni for tre døtrer på hytta ein regnversdag, samtidig som han er sur på kona, er stor litteratur, her er det dynamikk og humor.
"Ingenting å angre på" er dermed ei ujamn bok, strålande på sitt beste og stilleståande inntil det uuthaldelege på sitt verste. Sjølv om det stilleståande kanskje altså var eit poeng.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.