– Eg ser etter magien i religionen min. Det er nødvendig med ein reformasjon i islam, men vi kan ikkje vente 500 år med å ta stega. Det er på tide å endre islam, seier imam Seyran Ateş i traileren til filmen «Seyran Ateş: Sex, Revolution and Islam».
Ho er i Oslo i forbindelse med visninga av filmen, og er til alle døgnets tider omringa av politifolk i sivile klede som beskyttar ho. For som aktivist, feminist og kvinneleg imam får ho ofte drapstrugslar.
– Det er behov for ein seksuell revolusjon, som betyr at folk har retten til å praktisere fri og sjølvbestemt sexualitet. Menn, kvinner, alle, påpeiker ho.
Under kan du sjå traileren til dokumentarfilmen ho er med i, «Seyran Ateş: Sex, Revolution and Islam». Den blir vist under festivalen Film frå Sør i Oslo denne veka.
Den omstridde imamen stiller spørsmål rundt kvifor religion og religiøse autoritetar skal ha retten til å bestemme at folk ikkje skal ha sex før ekteskapet i islam og vil at folk skal kunne bestemme over sin eigen seksualitet.
Ho meiner ein kan oppnå dette ved å utdanne og opne opp for at folk kan snakke om seksualitet og moral.
– Vi må lære folk å akseptere at dei ikkje har retten til å bestemme over andre sin seksualitet, seier Ateş.
Opna liberal moske
Seyran Ateş bur i Tyskland og er eigentleg advokat. Gjennom jobben møtte ho mange kvinnelege muslimar som ho opplevde at ikkje var frie. Det motiverte ho til å skrive ei bok og etter kvart starte ein liberal moske i Berlin.
Det som skil den liberale moskeen frå andre er mellom anna at menn og kvinner ber side om side i same rom.
– Folk av alle kjønn har like rettar, så dørene er opne for folk med alle legningar.
NRK var med då Ateş opna moskeen i 2017.
Norsk-tyrkiske Nefise Özkal Lorentzen har regissert filmen om Ateş. Dokumentaren er no med i kampen om å bli nominert til Oscar.
– Seyran er eit fantastisk menneskje, ho gjer utruleg mykje i verda, så målet mitt er å fortelje alle om kva Seyran driv med, fortel Lorentzen.
I tillegg til å kjempe om gjeve prisar i USA, viser dei filmen fleire stadar i Noreg. Som til dømes på øya Utsira, som er kommunen med minst befolkning i Noreg.
– For meg er det ingen forskjell om eg viser filmen i LA (Los Angeles), New York, Utsira eller Oslo. For meg handlar det om å vise filmen til publikum. Om eg viser den til fem stykk, eller om eg viser den til 500 menneske er det same. For meg handlar det om publikum og publikum er det viktigaste for meg.