Vinnaren av «Årets namn» er den utøvaren eller laget som blir stemt fram av folket.
18 nominerte utøvarar har blitt til seks finalistar.
Du kan stemme på finalistane frå og med i dag, og gjennom den direktesende Idrettsgallaen laurdag 6. januar.
Vinnaren blir offentleggjort under sendinga.
Grace Bullen, bryting
- Bullen tok bronsemedalje under bryte-VM i Beograd og kvalifiserte seg til OL i Paris 2024.
- Ho tok også sølv i Europameisterskapet i Zagreb.
Viktor Hovland, golf
- Hovland gjekk heilt til topps i The Tour Championship, og kunne med det titulere seg sesongens beste spelar.
- Han var også sentral på laget som vann Ryder Cup.
Maren Lundby, skihopp
- Lundby slo tilbake etter eit krevjande år der kroppen ikkje spelte på lag, og vann VM-sølv i storbakken i Planica.
- Tok også VM-bronse i lagkonkurransen.
- Lundby la opp som utøvar i desember etter 16 år i toppen.
Erling Braut Haaland, fotball
- Haaland og City oppnådde «The Treble» der dei altså vann UEFA Champions League, Premier League og FA-cupen.
- Jærbuen sette ny scoringsrekord i Premier League og vart kåra til årets spiss under Gullballen.
- BBC kåra han til årets idrettsutøvar i verda.
Jeanette Hegg Duestad, skyting
- Duestad er rangert som verdas beste skyttar på OL-øvinga 50 meter match.
- Ho vart historisk da ho vann tre av tre moglege EM-gull på 10 meter luftrifle.
- Duestad tok eitt gull, to sølv og ein bronse i lagkonkurransar i VM.
Jakob ingebrigtsen, friidrett
- Ingebrigtsen vann VM-gull på 5000 meter og VM-sølv på 1500 meter i Budapest.
- Han tok to gull i EM innandørs og sette verdsrekordar på 2000 meter og to engelske mil. Det vart også Europa-rekordar på 1500 meter og 3000 meter.
Få med deg Idrettsgallaen laurdag 6. januar kl. 19.50 på NRK 1 eller i NRK TV.