NRK Meny
Normal

I kveld er heile orkesteret kvinner

86 år etter at Hjørdis Haslum fekk fast stilling i Filharmonisk Selskaps Orkester, stiller orkesteret «Kvinnestemmer» med 68 kvinner til konsert på kvinnedagen.

Kvinnestemmer

Kvinnestemmer øver til Stemmerettsjubileet.

Foto: Reidar Mosland / Kilden

Fredag kveld vert Stemmerettsjubileet feira med festframsyning i Kilden i Kristiansand og på NRK1. Gro Harlem Brundtland opnar konserten, Ingrid Bjørnov er konferansier og nesten alle som opptrer er kvinner, inkludert orkesteret og dirigenten Halldis Rønning.

Les meir: I dag inntar de Kilden

Alle orkester var mannsorkester

Om ein går hundre år tilbake, var eit typisk symfoniorkester eit reint mannsorkester. Orkesteret var ein del av det offentlege rom, og kvinners rolle var i all hovudsak knytt til heimen og familien.

– Det var nok vanskeleg å foreine krava om arbeid på dagtid og kveldstid med å ha familie, seier musikkforskar og journalist Astrid Kvalbein.

Fråværet av kvinner i orkestera betydde på ingen måte at det ikkje fanst kvinnelege musikarar, og mange komponerte også musikk sjølv – først og fremst musikk som passa å spele heime:

– Dei skreiv og framførte songar, klaverstykke og musikk for fiolin og klaver, eller andre små besetningar som passa inn i dei borgarlege stovene. Der kunne kvinnene utfalde seg.

Kven var «frøken Iversen» i Harmonien?

I 1912 tilsette den britiske dirigenten Henry Wood fire kvinner i sitt Queen´s Hall Orchestra i London, mellom andre bratsjisten og komponisten Rebecca Clarke. Kvinnene blir i musikkleksikonet Grove omtala som «nokre av verdas første profesjonelle kvinnelege orkestermusikarar».

Ingen blir utpeika som den første, men allereie i 1892 står det i Harmonien (no Bergen Filharmoniske Orkester) sitt arkiv at ei viss «frøken Iversen» spelte eit strykeinstrument i orkestret. Meir veit vi ikkje om henne – anna enn at ho må ha vore ein pioner, også i internasjonal målestokk.

Det var nok fleire enn Henry Wood som såg ubrukt potensial i kvinners musikalitet. Den berømte dirigenten Leopold Stokowski skreiv i 1916: «Når eg tenkjer på kvinner slik eg ser dei i musikklivet – kva dei er i stand til å gjere, det edle sinnelaget deira og den glimrande teknikken – forstår eg kva slags praktfull kraft vi let gå tapt her i landet, og i andre land også.»

When I think of women as I see them in the musical world, what they are capable of doing, their fine spirit, excellent technique, I realize what a splendid power we are letting go to waste in this country, and in other countries, too.

Dirigenten Leopold Stokowski i 1916
Oslo-Filharmonien

Oslo-Filharmonien på den tida då Hjørdis Haslum Møller var einaste kvinne.

Foto: Oslo-Filharmonien

– Oppstyr kan det umogleg ha vore

I 1919 vart Filharmonisk Selskaps Orkester oppretta, som i dag heiter Oslo-Filharmonien. Den første kvinna som spelte i orkesteret vart engasjert i 1925, den finske harpisten Ilona Juutilainen.

I 1927 vart den første kvinna fast tilsett i orkesteret, nemleg fiolinisten Hjørdis Haslum, som seinare gifta seg og tok namnet Møller i tillegg. Det er lite som tyder på at det var ei kontroversiell avgjerd å tilsette henne:

– Oppstyr kan det umogleg ha vore, seier kommunikasjonssjef Marit Gaasland i Oslo-Filharmonien.

– Hendinga er ikkje ein gong nemnd i historieboka om orkesteret, som kom i 1969. I 1927 var det heilt andre saker som dominerte, også i pressa, mellom anna Beethoven-jubileet og den nye kunstnariske leiaren Issay Dobrowen.

Hjørdis Haslum Møller var den einaste kvinna i orkesteret fram til etter krigen, og jobba i Oslo-Filharmonien fram til 1955.

– Eg følte meg veldig godt motteken

På 1930- og 1940-talet eksisterte det i USA og Canada opptil fleire reine kvinneorkester. I Noreg kom kvinnene sakte sivande inn i orkestera i tiåra etter krigen. Frøydis Ree Wekre vart første blåsar i Oslo-Filharmonien i 1961, året etter er dei to første kvinnene nemnde i Trondheim Symfoniorkester.

Toril Lura, som i dag er mellom veteranane i «Kvinnestemmer», kom inn i Stavanger Symfoniorkester som 19-åring i 1967. Der hadde pianist Nora Borge gått opp løypa heilt frå forløparen Stavangerensemblet:

– Ho visste å bite frå seg, og førebudde nok grunnen godt for oss kvinnene som kom etter, fortel Toril Lura.

– Eg følte meg veldig godt motteken. Eg sat mellom fleire eldre menn, og dei var svært hyggelege, eg kan aldri hugse å ha blitt mobba eller sett ned på av dei.

Trond Okkelmo i Norsk Teater- og Orkesterforening har følgt norske orkester over fleire tiår, og trur generelt ikkje kvinner har hatt vanskeleg for å bli godtekne av sine mannlege kollegaer:

– I Noreg har det heile vegen vore musikarane som har valt inn nye musikarar til orkesteret, og at kvinner slapp til, tyder på at dei vart akseptert, seier han.

– Talet på kvinner har vore i jamn vekst heile vegen, og orkestera har halde sine prøvespel utan å kunne sjå kven som spelar. Då er det dei beste musikarane som slepp inn, uavhengig av kjønn.

Kvinnestemmer

Utsnitt av Kvinnestemmer med Torill Lura i midten.

Foto: Reidar Mosland / Kilden

– Det passar seg ikkje med ei kvinne

Nokre av dei mest berømte orkestra internasjonalt har hatt større vanskar med å ta imot og inkludere kvinner. London Symfoniorkester fekk sin første kvinnelege medlem i 1975, og i 1982 var det full strid om klarinettisten Sabine Meyer si stilling i Berlin-filharmonien.

Toril Lura hugsar berre to negative episodar, og begge har kome i møte med musikarar frå andre orkesterkulturar. Ein russisk dirigent fall raskt i popularitet då han under ei øving braut ut at «det er for mange kvinner her». Og den mest ubehagelege hendinga skjedde tidleg på 1980-talet, då Lura skulle dele første pult i bratsjgruppa med ein engelsk gruppeleiar:

– Heilt utan forvarsel sa han «it is not decent with a woman in the first row» (det passar seg ikkje med ei kvinne på første pult), fortel ho.

– Eg vart såra, sjokkert og lei meg, og følte meg degradert. Heldigvis vart hendinga teken vidare i systemet, og han fekk ikkje lov til å flytte meg bakover i gruppa.

– Det var ein forskjell!

Ingen orkester har hausta meir storm for sine retningslinjer enn Wien-filharmonien. I 1996 samla komponisten og aktivisten William Osborne sitat frå Wien-musikarar som første steg i ein kampanje som førte til demonstrasjonar mot orkestret i New York og til at forbodet mot kvinnelege medlemer vart oppheva i 1997.

Den dåverande solofløytisten i orkesteret er i 1996-artikkelen sitert på at det å ta kvinner inn i orkesteret ville vere «å gamble med den emosjonelle einskapen som denne organismen har no» – ein einskap som mellom anna innebar at alle musikarane var menn.

Halldis Rønning, som har dirigert «Kvinnestemmer» denne veka, uttrykker sympati for ein slik tankegang etter å ha dirigert eit reint kvinneorkester heile veka:

– Det har vore kjempegøy, og det var ein forskjell å dirigere eit orkester med berre kvinner, fortel Rønning.

– Det er mange salatar å trakke i her, og det er slett ikkje meininga å snakke nedsetjande om blanda orkester. Men det oppstår ein spesiell kjemi og kommunikasjon, vi snakkar same språk og energien går i ei og same retning. Det er på ein eller annan måte frigjerande.

Les: Hun er første norske kvinne i mannsbastion

– Vi mistar ein dimensjon om mennene forsvinn

Rønning høyrde Wien-filharmonien for første gong for fleire år sidan, og har forståing for det langvarige ønsket om kjønnsmessig einskap:

– Eg hugsar eg tenkte: kvifor skal dei ikkje få lov til å ha eitt orkester med berre menn? Etter denne veka forstår eg dei endå betre, seier Rønning.

Kvinneprosenten i norske orkester er per i dag på rundt 40 prosent, og den er i stadig vekst. Torill Lura i Kvinnestemmer og Stavanger Symfoniorkester føretrekkjer god kjønnsbalanse, og er redd for at det kan bli vel mange kvinner i framtida:

– Dette prosjektet er knallkjekt, men personleg synest eg det gir meg meir å spele i eit orkester med begge kjønn enn i eit reint kvinneorkester, det skaper ein eigen dynamikk å ha med både menn og kvinner, seier Lura.

– Vi er til tider litt bekymra for at mennene skal forsvinne heilt ut av orkestera, og det trur eg svært få kvinner ønskjer seg. Orkestermusikk er eit lagspel, og eg trur vi mistar ein dimensjon om det berre er kvinner.