Debatten mellom Hillary Clinton og Donald Trump natt til mandag har blitt kalla den skitnaste gjennom tidene. Men det er mange som også har sett humoristiske sider ved den amerikanske presidentvalkampen. Ved å kryssklippe, legge på musikk og manipulere lyd får nyheitsklippa ny meining.
Duetten
Ved å legge musikk frå 80-talet på bileta frå debatten natt til mandag, kan det sjå ut til at frontane mellom dei to kandidatane ikkje er fullt så steile som ein først kunne få inntrykk av:
Leser på leppene
Den populære Youtube-kontoen Bad Lip Reading har spesialisert seg på å legge ord i munnen på folk. Og når den første presidentdebatten får denne behandlinga, blir det til eit gameshow:
Synger det ut
Musikk er ein gjengangar. Rockegruppa Blondie har medverka i fleire videoar der dei har sett musikk til nyheitsklipp. No har dei også sett musikk til den første presidentdebatten:
«Fulle» kanidatar
Talkshowet Jimmy Kimmel Live har for tida eit humorinnslag der dei halverer farta på filmsnuttar med presidentkandidatane, slik at dei høyrest fulle ut når klippet blir spelt av:
- Les:
- Les:
Valkamp i South Park
Animasjonsserien South Park er kjent for å ha mange kjende personar med i serien. Når det er klart for den første presidentdebatten, går det ikkje heilt som planlagt ...
Rap-battle
Når ein kryssklipper talane til Hillary Clinton og Donald Trump, og set musikk til, då får ein debatt som ungdommen kan forstå: rap battle: