Hopp til innhold

Mannen som elska kvinner

Nok ein gong fører Trude Marstein oss inn i utruskapens søte kløe og sure svie. Og nok ein gong forfører ho lesaren. Det er Ove denne gongen.

Trude Marstein

Forfatter Trude Marstein ga ut si forrige roman, 'Ingenting å angre på', i 2009. Den handla også om utruskap.

Foto: Gyldendal/Rolf M. Aagaard

Hadde Ove Haugli hatt format, ville han vore tragisk. Slik det er, framstår han berre som patetisk. Der den verkelege Don Juan ser helvete opne seg og sluke han i den dramatiske sluttscenen, der feidar det ut på ein vesentleg mindre spektakulær måte hjå Ove.

Han er rett og slett ein sjarmerande liten drittsekk, verken meir eller mindre. Ikkje dermed sagt at romanen ”Hjem til meg” manglar format, det er sjeldan samsvar mellom heltens kvalitetar og romanens kvalitetar.

Å elske den andre og den tredje

Hjem til meg
Foto: Gyldendal

Men først litt meir om Ove, mannen som elskar kvinner og som har si beste tid i erobringefasen. Han pøser på med kompliment av billegaste slag: Du er unik, eg har aldri følt sånn for nokon før - og kvinnene kastar seg i famnen hans.

Kanskje han forresten lever endå sterkare når han må møte ei elskarinne i løynd for kone og barn, når han sender heite smsar mens han leikar med døtrene og finn på stadig nye grunnar til å kome seint heim frå jobben.

Alle småtinga som blir til eit liv

Historia er like banal som komplimenta til Ove. Når eg likevel let meg forføre av Trude Marsteins tekst nok ein gong, er det på grunn av måten ho skildrar dette livet på. Få greier som Marstein å gje liv til ganske uinteressante menneske.

I den føregåande romanen hennar, ”Ingenting å angre på”, var det Heidi som laug på seg plikter på jobben og let mannen ta seg av dei tre døtrene på hytta mens ho hadde eit lite eventyr i byen. Denne gongen er det Ove.

Jeg burde ikke se deg igjen, du vet det? sa jeg lavt i telefonen. Det er helt forkastelig. Det strider mot alt jeg er og mener, skjønner du? Men jeg klarer ikke å la være. Det er faktisk utenkelig å la være å treffe deg. Så lenge du vil.

Utdrag frå "Hjem til meg" av Trude Marstein

Forfattaren har eit ekstremt blikk for detaljen og vever personane sine inn i alle dei små løgnene, alle dei små tankespranga som fører dei vekk frå der dei er, alle dei små sakene, ispinnar og hårspenner og gymtøy og taco og syriner utanfor porten – og ikkje minst skaper ho kontrastar: Mellom å leggje teppe på golvet i kjellarstova og ha grensesprengande sex med ein nevrotisk bohem, til dømes.

Mellom den heite meldinga frå siste erobring og meldinga om å kjøpe tomatpuré på heimvegen frå henne han bur med. Når første kona har gitt opp og det er fritt fram med elskarinna, er mykje av piffen borte og han må ut og erobre på ny. Til slutt blir det eit liv å sjå tilbake på for Ove også.

Meiningsfulle repetisjonar

Marstein fordømmer ikkje Ove. Ho let han gjere det sjølv, gjennom alle manøvrar og bortforklaringar. Og nettopp fordi Ove berre er litt ekstrem, må lesaren ta levemåten hans, unnskyldningane, sjekketriksa, sjølvforståinga innover seg og gjere seg opp ei meining om han.

Kvaliteten ligg i detaljen. Eg må, litt motvillig, vedgå at kvaliteten også ligg i kvantiteten. Mens eg las, kjendest romanen i lengste laget, men etterkvart som slutten nærma seg, innsåg eg at det faktisk var nødvendig med alle repetisjonane, alle krumspringa, alle forføringane for å verkeleg få fram bildet av Ove, mannen som alltid prioriterte den neste kvinna fordi han måtte.

Kulturnytt, 26. 10.2012

Kulturstrøm

  • Frankrike: bøter og fengsel for skjult reklame hos influensere

    Frankrike har vedtatt en ny lov som innebærer at influensere risikerer både kraftige bøter og fengselsstraff hvis de driver med skjult reklame og svindel.

    Loven innebærer at det blir forbudt å promotere blant annet kosmetisk kirurgi, tobakk og enkelte finansprodukter.

    Influensere risikerer opptil to års fengsel og bøter på over 3 millioner kroner hvis de driver med slik ulovlig markedsføring.

    – Festen er over for dem som tror de kan drive med svindel på internett, sa økonomiminister Bruno Le Maire nylig.