Hopp til innhold

Her er brudekjolen til Charlene

Rykta stemte: Den nybakte fyrstinne Charlene valde brudekjole frå Armani.

– Fantastisk og superlekker, meiner NRKs kjoleekspert.

Prins Albert (53) gifta seg med sin Charlene Wittstock (33) i dag. Ho hadde valt ein brudekjole frå Armani, med meir enn 40.000 swarokvskikrystallar, 20.000 perler og 30.000 steinar på.

Det var bekrefta av den italienske designaren på førehand at han stod bak kjolen, men slottet ville ikkje seie noko om det før bruda viste seg i dag. Kjolen er frå hans haute couture-kolleksjon Armani Privé.

Det tok 2500 timar å lage kjolen og til saman har kjolen blitt sendt 3000 kilometer fram og tilbake for prøvingar i Monte Carlo. Den har eit tre meter langt slep og utanpå er det eit nytt slep som er festa i korsryggen.

Les alt om bryllaupet: Charlene måtte ta til tårene

– Fantastisk kjole

Designar Wenche Lyche vurderer påkledninga til dei fasjonable gjestane for NRK.no. Ho står mellom anna bak brudekjolen til prinsesse Märtha Louise frå 2002 og har sydd galla- og brudekjolar i ei årrekkje.

– Fyrstinna er ei moderne brud av i dag, ei av dei flottaste eg har sett, meiner kjoleeksperten.

Dette er hennar vurdering av brudekjolen:

– Det er ein fantastisk smal kjole, som er blitt hennar varemerke og som viser fram Charlene sin flotte kropp. Designen er utruleg rein og pen. Kjolen har ein utringning liknande slik som svenske kronprinsesse Victorias brudekjole hadde. Den har eit kjempelangt slep,som er festa i korsryggen. Sløret er i silketyll og kjolen i satengsilke, som legg seg fint. Det er perlebroderi frå brystet som spreier seg utover slepet, fantastisk lekkert! seier ho.

Monacos prinsesse Charlene ankommer vielsen

Det einaste som kan minne om Grace Kelly er brudebuketten, med liljekonvallar.

Foto: JEAN-PAUL PELISSIER / Reuters

Perlebroderiet tok 700 timar å lage, medan broderiet til slepet tok 100 timar å lage. 80 meter med organzasilke er brukt på kjolen, samt 50 meter med duchessesilke.

Lyche er ikkje overraska over at det er italienske Armani som står bak kjolen.

– Ho har kledd seg i hans design dei siste fem åra. Han er ein minimalist og meister i eleganse. Han blandar klassisk eleganse med det nye, og Charlene er jo ei veldig klassisk jente. Kjoleslepet bak byrjar litt over knea gir kjolen ei havfrue-form, seier Lyche.

Til sløret er det brukt 20 meter med tyllsilke, ifølgje den offisielle nettstaden for brudeparet.

Lite som minner om Grace Kelly

Charlene Wittstock har uttalt i eit intervju at ho syns noko av det vanskelegaste med å bli berømt, var å forstå seg på moter. Det må ha vore ein overgang for svømmaren å måtte kle seg opp til gallamiddagar med europeiske kongelege.

– Eg trudde kanskje ho ville kle seg i noko arvegods frå Grace Kelly, men det ser ikkje slik ut. Kate Middleton hadde ein kjole som var meir lik den Grace Kelly hadde og meir tildekt. Men Charlene er notidas skjønnheit, like mykje som Grace Kelly var det på si tid, seier Lyche.

Den vesle brudebuketten kan også minne om Grace Kelly. Den er sett saman av Armani, med blomar tatt frå hagen utanfor prinsepalasset. Blomane stammar frå Sør-Afrika, og er emblemet til landet.

Monaco

Slepet til kjolen er tre meter lang og utanpå den er det eit nytt slep som er festa i korsryggen.

Foto: BENOIT TESSIER / Reuters

Det har vore mange forventningar til kva Charlene Wittstock skulle kle seg i, og mange venta ein kjole liknande Grace Kelly, som gifta seg med fyrst Rainier i 1956. Kelly bar ein enkel, men konservativ kjole som har gått inn i historia.

Monaco

Grace Kelly gifta seg i denne kjolen med fyrst Rainier i 1956.

Foto: - / Afp

Den hadde blondeoverdel, trange armar, miniliv og stort skjørtefall. Samt mange fine detaljar, som sløret, med applikerte turtelduer og tusenvis av perler.

Mellom anna samanlikna mange kjolen til hertuginna av Cambridge med denne kjolen. Den var designa av Sarah Burton for merket Alexander McQueen.

Les: Kate valde Alexander McQueen

Prins Albert var kledd i kremfarga uniform frå Palace Guard. Prinsesse Charlene skal også kle seg i Armani Privé til festmiddagen i kveld.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.