Eksklusivt i NRK
Det skal vere første gong NRK viser bilete frå soverommet til kong Olav, bileta frå kjøkkenet og vinkjellaren i huset blir også omtalt som eksklusive.
Dei kongelege tek framleis inn i ambassadør-bustaden når dei reiser til London. Unntaket er naturlegvis kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit, som for tida studerer i storbyen.
70 års tradisjon
Norge Rundt besøkte ambassadør Tarald Brautaset og kona Elisabeth Mohr Brautaset i London denne veka. Dei tok imot og viste rundt frå loft til kjellar.
- Dette er eit lite stykke Noreg i London, seier Brautaset, og legg til at han og kona kjenner seg priviligerte som kan førebu jula i slike omgjevnader. I omlag 70 år har statsmenn og kongelege halde til i 10 Palace Green. Under krigen samla Kong Haakon regjeringa Nygaardsvold kvar fredag rundt det same bordet som i dag blir brukt i spisestova.
Eigen kokk
Ambassadør-residensen har sin eigen kokk, sidan middagsselskap og lunsjar er ein viktig del av arbeidet til ambassadøren. I Norge Rundt får du møte den norske kokken, som har ansvaret for det som blir servert i huset. 23 år gamle Per Magne Sivertsen blir omtalt som ein nøkkelperson i huset.
- Eg kan bli nervøs av og til, men som regel går det bra, seier han.
Familiejul i London
I jula reiser ambassadørparet heim igjen til Noreg, men vi besøkjer trebarnsfamilien Kjøll Kristensen, som for tida bur i London. Dei skal feire si første engelske jul, men nektar å gje slepp på dei norske tradisjonane. I Norge Rundt fredag får du vere med på pynting av juletre og pepperkaker klokka 19.30 på NRK 1.