Hopp til innhold

Heidi Ruud Ellingsen blir ny programleiar i MGP

– Eg går til oppdraget med skrekkblanda fryd, men mest fryd, seier skodespelar og songar Heidi Ruud Ellingsen. I mars står ho på scenen i Oslo Spektrum for å leie det norske folk gjennom MGP-finalen saman med Kåre Magnus Bergh.

Programleiarane i MGP 2019.

Kåre Magnus Bergh og Heidi Ruud Ellingsen skal leie den norske MGP-finalen i Oslo Spektrum 2. mars neste år.

Foto: NRK

Laurdag 2. mars 2019 blir det avgjort kven som skal representere Noreg i Eurovision Song Contest i Tel Aviv i Israel i mai. Planlegginga av det som kan bli tidenes største MGP-finale er i full gang.

Produsent og musikkansvarleg Stig Karlsen har tidlegare lova at det skal bli eit spektakulært MGP-show.

– Vi jobbar heile tida for å strekke strikken litt lengre for kvart år. Meir enn ein million feststemte nordmenn ventar seg mykje av MGP-kvelden, og då må vi levere.

Nytt programleiarpar

For femte år på rad skal Kåre Magnus Bergh vere programleiar for musikksirkuset. I 2015, 2016 og 2018 delte han oppgåvene med Silya Nymoen. Medan han hadde med seg Line Elvsåshagen som makker i 2017.

I år får han med seg skodespelar og songar Heidi Ruud Ellingsen, som denne hausten har gjort stor suksess i musikalen «Flashdance» i Oslo. Bergh trur det blir bra å få med seg Ellingsen på laget.

– Ho er ei veldig sprudlande og talentfull kvinne som eg trur vil passe fint inn i formatet. Ho er for eksempel mykje flinkare til å synge og danse enn meg.

Ellingsen gler seg også til å ta fatt på oppgåvene med å leie eitt av dei mest populære TV-showa i Noreg.

– Det er eit ærefullt oppdrag å skulle leie eit program som engasjerer så kraftig. Eg ser på dette med skrekkblanda fryd, men mest fryd.

Artistslepp i januar

Sjølv om planlegginga er i gang, er det framleis mykje som står att før det brakar laus i mars. No som det er klart kven som skal vere programleiarar, startar også arbeidet med å finne ut kva roller dei skal ha under sendinga.

– Vi skal bruke dei eigenskapane vi har vi som skal vere programleiarar. Dette er også eit program mange har eit sterkt forhold til og meiningar om, så det gjeld å ikkje tulle det til for mykje, seier Bergh.

Ellingsen har sjølv kjent på spenninga under konkurransar og premierer. Ho trur det kan kome godt med.

– Eg er artist sjølv, og veit litt kva deltakarane går igjennom. Det er noko eg tek med meg inn i denne jobben. Og så blir det vår jobb å få artistane til å skinne.

Artistane og låtane som skal konkurrere om å bli det norske bidraget i Israel blir presentert på ein pressekonferanse 25. januar.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters