Hopp til innhold

Eurovision-finale blir arrangert i Tel Aviv

Neste års finale i Eurovision Song Contest blir arrangert i Tel Aviv i Israel. Mange land har framleis ikkje offentleggjort om dei vil delta i konkurransen i mai.

Israels bidrag: Netta med sangen "Toy"

Netta gjekk til topps med «Toy» i Lisboa i Portugal i mai. Neste år flyttar ESC-sirkuset seg vidare til Tel Aviv.

Den europeiske kringkastingsunionen, EBU, måtte gå nokre ekstra rundar før dei landa på at Tel Aviv skal vere arrangørbyen for Eurovision Song Contest neste år.

Det blei klart torsdag ettermiddag, bekreftar arrangørane i ei pressemelding.

Semifinalane blir haldne 14. og 16. mai i Expo Tel Aviv. Finalen er 18. mai same stad.

SWITZERLAND-UKRAINE-RUSSIA-POLITICS-EUROVISION

Sjef for Eurovision Song Contest, Jon Ola Sand, seier han ser fram til å samarbeide med israelske styresmakter og kringkastaren KAN om å lage musikkfest frå Tel Aviv i mai neste år.

Foto: FABRICE COFFRINI / AFP

Det har vore fleire byar i Israel som har vore vurdert som finaleby for konkurransen, men Tel Aviv hadde den beste totalpakken, ifølgje ESC-sjef Jon Ola Sand.

– Vi valde Tel Aviv fordi dei alt i alt hadde det beste opplegget for å vere vertskap for verdas største direktesende musikkarrangement. Vi gler oss til å ta konkurransen til ein heilt ny by, og ser fram til å samarbeide med den israelske kringkastaren om å gjere neste års Eurovision Song Contest til den mest spektakulære så langt, skriv han i pressemeldinga.

Vil ha boikott

I mai blei det klart at det er Israel som blir vertsland for finalane i Eurovision Song Contest neste år. Netta med «Toy» innfridde favorittstempelet, og klukka seg heilt til topps i Lisboa i Portugal.

Men det som skapte reaksjonar etter finalen, var då ho i sigerstalen ropte:

– Neste gang i Jerusalem!

Finalen i ESC blei arrangert i Jerusalem både i 1979 og 1999. Og mange i Israel har meint at det var naturleg at finalen gjekk der også i 2019. Statsminister Benjamin Netanyahu gjekk langt i å garantere at Jerusalem skulle bli arrangør.

Benjamin Netanyahu

Den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu har engasjert seg for å få Eurovision Song Contest til Jerusalem. Samtidig har han sagt at det til sjuande og sist er kringkastaren og EBU som må avgjere kvar finalen skal vere.

Foto: Jack Guez / AFP

Men situasjonen i Midtausten har gjort at fleire organisasjonar har åtvara mot Jerusalem som arrangørby, og oppmoda til boikott om byen skulle bli vald. Fredag i førre veke underteikna fleire verdskjende artistar eit opprop der dei oppmoda til boikott uavhengig av kva by som blei vertsskap.

Så langt har 25 land sagt at dei vil delta i Israel. Noreg er blant desse. Men mange av landa som deltok i 2018, har venta på avgjerda av arrangørby. Blant landa som har utsett avgjerda er Island. Der har det vore stort engasjement og underskriftsaksjonar mot deltaking.

Men same dag som det er klart at Tel Aviv blir vertsby, seier den islandske kringkastaren RUV til nettstaden ESCToday at dei vil delta i Israel neste år.

Store bidragsytarar som Storbritannia og Italia har framleis ikkje sagt om dei vil vere med eller ikkje.

Stiller ei rekkje krav til Israel

I slutten av august sende styret i ESC eit brev til Benjamin Netanyahu, der dei kjem med ei rekkje krav til den israelske statsministeren.

Ifølgje Times of Israel inneheld lista blant anna krav om at israelske styresmakter ikkje blandar seg inn i organiseringa av arrangementet.

I tillegg krev dei ein garanti om innreise for tilreisande publikum, uavhengig av deira politiske ståstad, seksuelle orientering og religion.

Lista inneheld også krav om at regjeringa garanterer full presse- og ytringsfridom for alle deltakarar og delegasjonar under opphaldet deira.

– Trygt val

Leiaren for den norske Melodi Grand Prix-klubben, Morten Thomassen, trur det har vore harde dragkampar mellom dei israelske styresmaktene og kringkastaren KAN på eine sida, mot EBU på den andre.

Morten Thomassen

Leiaren for den norske Grand Prix-klubben, Morten Thomassen, meiner valet av Tel Aviv som vertsby for Eurovision Song Contest var trygt og klokt.

Foto: Christian Wiik Gjerde / NRK

Han meiner Tel Aviv var eit trygt og godt val.

– Eg trur at dette var det beste og tryggaste valet for alle partar. Grand Prix skal ikkje handle om politikk, men dei siste åra har det ofte handla om nettopp det likevel.

Men sjølv om det er mange land som framleis sit på gjerdet og vurderer om dei skal delta i Tel Aviv neste år, trur Thomassen at det valet av arrangørby kan slå positivt ut med tanke på interesse frå fansen.

– Eg trur det er mange som har lyst til å dra ned til sommar og sol i Israel i mai. Men det er nok også ein del som ikkje kjenner seg trygge der, og som vi halde seg heime. Slik mange gjorde då Kiev var vertsby i 2017.

Kunne ha mista finalen

Israel stod i august i fare for å miste heile arrangementet neste år. Grunnen var at den israelske kringkastaren ikkje ville ta rekninga aleine, skreiv Aftonbladet. Dei bad difor om hjelp frå regjeringa for å få betalt inn depositumet.

Men det heile ordna seg i siste liten. Same dag som fristen for å betale gjekk ut, blei pengane betalte inn til EBU.

Dei neste vekene er det venta at arrangøren også skal presentere logo og slagord for konkurransen neste år. I tillegg er det venta at det snart vil vere avklart kven som skal vere programleiarar.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.