Hopp til innhold

Kongeleg hattebonanza

Hattane er viktigare enn hestane under det store hesteveddeløpet Royal Ascot. Sjå bileta av den britiske sosietetsfiffen her.

Det tradisjonelle veddeløpet har 300-årsjubileum i år og det er ei stor sosial hending for den britiske sosieteten. Det får mykje omtale i britisk media, men det er ikkje dei spreke hestane som tek merksemda.

Royal Ascot har nemleg svært strenge kleskoder, som dronninga står bak. Kvinner må kle seg i kjole med hatt eller hovudpynt, i alle fall dei som sit nærast bana. Det er reglar for kor lange skjørta kan vere og ein må ikkje vise bar mage eller skuldrar. Dersom ein kler seg i buksedress må den vere i full lengde og matchande stoff og farge. Menn må kle seg i svart eller grå dress, inkludert vest, med flosshatt til.

Reglane resulterer i kreative antrekk og ikkje minst gigantiske hattar. Det er nemleg ingen spesifikke reglar for korleis hattane skal sjå ut eller kor høge dei kan vere.

(Artikkelen held fram under biletet)

BRITAIN-ASCOT-FASHION-OFFBEAT

Tilskodarar på veg til bana, sett ovanfrå.

Foto: CARL DE SOUZA / Afp
Fikk kjeft - modererte hattebruken

Kvart år er kongefamilien på plass og hos dei fleste bookmakarar kan ein vedde på kva farge dronning Elizabeth vil ha på hatten sin. Prinsesse Beatrice og Eugenie, som fekk mykje kjeft for hattane dei hadde på seg i det kongelege bryllaupet nyleg, stilte i enkle, einsfarga hattar. Langt frå dei omtalte Philip Treacy-signerte hattane som vart samanlikna med romskip.

Les:

Motejournalist Hilary Alexander rapporterer for den britiske avisa The Telegraph. Ho meiner at fleire har latt seg inspirere av hattebruken i bryllaupet mellom Kate Middleton og prins William.

HORSE-RACING-ASCOT/

Hattefine: Richard Hammond fra Top Gear med kona Amanda.

Foto: EDDIE KEOGH / Reuters

– Det er tydeleg at hertuginna av Cambridge har påverka hattemoten. Vi ser mange små Kate-hattar, skriv ho.

Ascot-bana vart oppdaga av dronning Anne i 1711 og ho arrangerte Royal Ascot for første gong same året. Den gongen var premien ei veske med 100 guineas.

Bana ligg berre seks mil frå Windsor Castle og høyrer til den kongelege eigedommen. Royal Ascot tiltrekk seg 300.000 tilskodarar og er slik det største hesteveddeløpet i Europa.

Sjå oversikt over kleskodene HER

BRITAIN-ROYAL-ASCOT

Det er dette det eigentleg handlar om: Hestar. Ein hest blir kjølt ned før eit veddeløp i Ascot.

Foto: CARL DE SOUZA / Afp

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor