Hopp til innhold

Harald Are Lund (73) er død

Tidlegare NRK-programleiar Harald Are Lund er død, opplyser familien. I løpet av sine 50 år i NRK var han involvert i ei rekke musikkprogram. Lund blei 73 år gammal.

Harald Are Lund

Harald Are Lund var gjennom 50 år som musikkjournalist i NRK ein viktig formidlar av musikk. Både norske og utanlandske artistar og band har hatt sin norske radiodebut i program leia av Lund.

Foto: Tore Halden/NRK

Harald Are Lund døydde heime på Tangen 4. september, etter ei tids sjukdom, skriv familien på Facebook.

Då han fylte 70 år 2016, takka Lund for seg etter 50 år i NRK. Gjennom desse åra var han blant anna med å løfte fram nye og ukjente artistar og band i programma han leia. Han blir rekna som ein viktig musikkformidlar og folkeopplysar.

I 2009 fekk han heidersprisen under Radiodagene for arbeidet sitt i radioen. Og i 2017 var han den første som blei tildelt Rockheims ærespris under Rockheim Hall of Fame.

Se dokumentaren om vår kollega, mentor og helt Harald Are Lund.

Se dokumentaren om Harald Are Lund fra 2006.

Viktig formidlar

Etter å ha arbeidd i NRK eitt par år, blei Harald Are Lund programleiar for radioprogrammet «Platespiller'n» i februar 1968. På den tida hadde populærmusikken magre kår i NRK, og blei knapt spelt.

Som programleiar, var Lund med på å løfte fram og spele artistar som Frank Zappa, Terje Rypdal og Captain Beefheart & His Magic Band.

Og når han spelte kjente artistar, var det ofte albumspora, og ikkje singlane som blei løfta fram i programma.

Harald Are Lund

Harald Are Lund var programleiar for ei rekke musikkprogram i NRK. I 2009 fekk han Radiodagenes ærespris.

Foto: Jon-Annar Fordal / NRK

Han gav sendetid til eit breitt spekter av sjangrar, som soul, jazz, blues og rock. Han var også tidleg ute med å spele punkmusikk på norsk radio. Han skal også ha vore den første som spelte Nirvana på norsk radio, lenge før dei slo igjennom.

I tillegg til radiokarrieren, formidla Lund også musikk i TV i program som «Pop-korn» og «Blanda drops».

Norsk musikkprogram (s-hv).
Kjente og ukjente norske popartister viser seg i ruta med norsk musikk fra Fanitullen til RagnaRock.
Nyere norsk musikk - pop og viser - er ikke i den grad inspirert av amerikanske tradisjoner lenger, men henter i stadig større grad inspirasjon fra våre egne gamle norske tradisjoner. "Blanda drops" i kveld dreier seg om dette.
Med Christiania Fusel & Blaagress, Lasse Fjørtoft fra Fjørtoft på Møre, Johanna Fuglesteg fra Fagernes, og rockebandet Undertakers Circus fra Lillestrøm / Oslo. Vi får bl.a. høre en kjærleikssull, en kjærlighetsvise og "Fanitullen" som har tonet i ukevis på Norsktoppen.
Programleder: Harald Are Lund.
Programansvarlig: Kalle Fürst.

Norsk musikkprogram (s-hv). Kjente og ukjente norske popartister viser seg i ruta med norsk musikk fra Fanitullen til RagnaRock. Nyere norsk musikk – pop og viser – er ikke i den grad inspirert av amerikanske tradisjoner lenger, men henter i stadig større grad inspirasjon fra våre egne gamle norske tradisjoner. «Blanda drops» i kveld dreier seg om dette. Med Christiania Fusel & Blaagress, Lasse Fjørtoft fra Fjørtoft på Møre, Johanna Fuglesteg fra Fagernes, og rockebandet Undertakers Circus fra Lillestrøm / Oslo. Vi får bl.a. høre en kjærleikssull, en kjærlighetsvise og «Fanitullen» som har tonet i ukevis på Norsktoppen. Programleder: Harald Are Lund. Programansvarlig: Kalle Fürst.

Radiopioneren

Heilt fram til han gjekk av med pensjon i 2016, var Lund oppteken av å presentere dei artistane og låtane han syntest var bra. Det låg ofte mykje research bak før ei låt blei spelt i programma.

Då han byrja i radioen, blei sendingane sendt på langbølge, mellombølge og kortbølge. 50 år seinare avslutta han karrieren på digitalradio.

Då P3 blei etablert i 1993, var Harald Are Lund sentral i oppbygginga av kanalen. Han var blant anna ein del av redaksjonen til Roxrevyen». Seinare fekk han også programmet «Harald Are Lund», der han spelte både ny og gammal musikk.

Han grov også i musikkhistoria saman med Thomas Feldberg. Det resulterte i fleire programseriar, som «Arkivskapet» frå 2017 og 2018.

Fra albumene "Just Another Band from L.A." (1972) og Waka/Jawaka fra samme år.

Fra albumene «Just Another Band from L.A.» (1972) og Waka/Jawaka fra samme år.

Dei siste åra i NRK arbeidde Lund i P13 med programmet «Harald Are Lund spiller sitt liv», der han spelte musikk som har betydd mykje for han.

I eitt av sine første program på P13, spelte Lund seg gjennom «Platespiller'n» frå februar 1968 på nytt.

I tillegg til å vere programleiar og radio-DJ, var Lund også plateprodusent. Han arbeidde blant anna med Vømmøl Spellmannslag, Junipher Greene og Jonas Fjeld Band.

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters