– Vi er ueinige i hovudkonklusjonane til tingretten og ankar derfor for å få saka vurdert på nytt, seier administrerande direktør i Gyldendal Norsk Forlag, Arne Magnus.
Sakas kjerne handlar om Jørn Lier Horst hadde rett til å seie opp lydbokkontrakten med Lydbokforlaget og Gyldendal, for så å spele inn lydbøkene på nytt i eit anna forlag.
– Dette er ei sak av stor prinsipiell betyding for bokbransjen, legg Arne Magnus til.
Arne Magnus, administrerande direktør i Gyldendal Norsk Forlag.
Foto: GyldendalKamp om lydbok-marknaden
Konflikten mellom forfattar Horst og Gyldendal starta då Horst forlèt Gyldendal etter mange års samarbeid.
Horst starta deretter i Strawberry Publishing, der han også er medeigar. Der byrja han å gi ut sine eigne lydbøker på nytt.
Det reagerte Gyldendal på og skulda han for å selje piratkopiar. Dei gjekk rettens veg og gjorde historie ved å saksøke sin eigen forfattar.
Dei meiner dei har rettane til åtte lydbøker av Jørn Lier Horst som han har spelt inn på nytt hos Strawberry Publishing.
– Hans oppseiing av lydbokkontrakten er ikkje lovleg, derfor har han heller ikkje rett til å lage nye lydbokinnspelingar, sa Einar Ibenholt, strategidirektør i Gyldendal til NRK før rettssaka i april.
Jørn Lier Horst i rettssaka mellom han og Gyldendal i april.
Foto: NTBDømt til å betale erstatning
Horst på si side meinte den såkalla lydbokkontrakten tillèt han å spele inn og gi ut lydbøkene på nytt.
Han vant saka og vart frifunnen. Retten dømte også Lydbokforlaget og Gyldendal til å betale 650.000 kroner i erstatning i sakskostnadar.
No ankar Gyldendal.
– Normalkontraktane er bærebjelker i det norske litterære systemet, dei sørger blant anna for gode vilkår til forfattarane og føreseielegheit for forlaga, seier Arne Magnus.
Forleggerforeningen er partshjelp i saka og har ansvar for avtaleverket i bransjen saman med dei andre partane.
Styreleiar i Forleggerforeningen Edmund Austigard.
Styreleiar, Edmund Austigard, understrekar at det litterære økosystemet har tent lesarane godt.
– Skal det fortsette slik i framtida er vi avhengige av robuste avtalar mellom forfattarar og forlag, og partane i litteraturbransjen må saman ta ansvar for å halde ved like og utvikle avtaleverket, seier han.
– Eg er overraska
Gyldendal varsla å anke allereie før rettssaka. Jørn Lier Horst var klar over det, men seier til NRK at han likevel er overraska.
– Eg er overraska. Dei juridiske vurderingane eg har fått går på at det er ein klar dom, men det synleggjer den skremmande haldninga om at dei eig forfattarane til evig og alltid.
– Gyldendal er jo med det i ferd med å øydeleggje sitt gode namn og rykte overfor heile forfattarstanden, legg han til.
Unni Lindell er saman med Jørn Lier Horst og fem andre forfattarar ein del av Forfattaropprøret.
Foto: Anton Soggiu / Strawberry PublishingDet er ikkje berre Jørn Lier Horst som kjempar for å kunne spele inn og gi ut lydbøkene sine i nytt forlag.
Han er éin av ei gruppe på sju forfattarar som kallar seg for Forfattaropprøret og som inkluderer blant andre Anne B. Ragde, Unni Lindell og Tom Egeland.
– Vi reknar med at Storytel byrjar å strøyme bøkene til alle oss sju i Forfatteropprøret. Det ville sende eit uheldig signal til både forfattarar og styresmakter om dei lar seg styre av Gyldendal, seier Horst.
Mykje står på spel for forlaga
Kulturkommentator i NRK, Agnes Moxnes, trur det sat langt inne for Gyldendal og Lydbokforlaget, med Forleggerforeningen på laget, å anke denne saka.
– Sjølv om dommen uttrykker noko tvil, går den likevel heilt klart i Jørn Lier Horsts favør, seier ho.
– Når dei likevel ankar, betyr det at veldig mykje står på spel for forlaga i ei tid då strøymetenestene byggar seg opp til å bli eit gullkanta kort i bok-økonomien, seier ho.
Moxnes meiner det blir interessant å sjå kva lag Forfatterforeningen – som også organiserer Gyldendals eigne forfattarar – vel å heie på.
– For dette handlar om prinsippar som går langt inn i det avtaleverket som eksisterer mellom forfattarar, forlag og distributørar, avsluttar ho.