Hopp til innhold

Google tvangsslettar frå din mobil

Google går inn i Android-mobilar og slettar innhald. Deretter gir dei beskjed til deg.

– Problematisk at dei kan slette applikasjonar som brukarane har kjøpt, seier norsk teknologiekspert.

MOBILE-FAIR/

Google kan ved nødstilfeller slette innhald frå Android-mobilar av denne typen dersom det er 'skadeleg' for deg.

Foto: GUSTAU NACARINO / Reuters

Førre veke fann Google ut at det låg innhald i nettbutikken deira som kunne gje hackarar tilgang til Android-mobilar. Utviklarane vart kasta ut og applikasjonane fjerna frå nettbutikken, ifølgje IT-avisen.

No kjem det fram at Google i tillegg har gått inn i mobilane til brukarane og sletta dei skadelege applikasjonane.

Anders Brenna i "Stopp Datalagringsdirektivet"

Leiar i 'Stopp Datalagringsdirektivet', Anders Brenna, meiner sensurmoglegheitene til Google er eit dilemma.

Foto: Gaute Zakariassen

Sletting først, så varsling

Google har fjerninstallert eit sikringsprogram som tek vekk farleg innhald i mobilane og deretter varsla brukarane ved å sende ut ein e-post.

– Google har forstått at dei har sloppe gjennom applikasjonar som ikkje er i brukaren si interesse. Dei har gjort ryddejobben i etterkant, men det er positivt at dei har rydda opp, seier medieutviklar og leiar i «Stopp Datalagringsdirektivet», Anders Brenna.

– Men potensialet for misbruk er der, fordi du kjøper ei vare til mobilen din og så kan Google seinare bestemme at dette innhaldet bør du ikkje ha, seier Brenna.

Kan sensurere

– Problemet er at Google kan slette applikasjonar som brukarane vil behalde. Amazon Kindle sletta for nokre år sidan ei bok som ein lesar hadde kjøpt, og det skapte sterke reaksjonar. Google kan også trå feil, og konsekvensane blir store med fleire millionar brukarar, seier Brenna.

Han er meir bekymra for sensurmoglegheitene til Google enn at dei skal gå inn og overvake brukarane.

– Det ville vere ein kommersiell katastrofe å gå inn og overvake brukarane, dei ville ha tapt masse pengar på det om det kom fram, seier han.

Kristine Løwe

Teknologibloggar i VG, Kristine Løwe, trur ein kan stole på at Google ikkje utnyttar tilgangen dei har til Android-telefonar.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Stolar på Google

Teknologibloggar i VG, Kristine Løwe, meiner ein kan stole på at Google forvaltar slettemoglegheitene på ein skikkeleg måte.

– Det ville vore mot deira interesse å misbruke denne moglegheita. Ein ser at folk reagerer voldsomt berre til dømes Twitter innfører annonsar og at det skaper nettstormar, seier ho.

Det har også vore kontrovers rundt sensuren til Apple av innhald i deira nettbutikk, App Store.

– Desse problemstillingane minner oss på at vi er prisgitt spelereglane til programvareleverandørar som Apple og Google, seier Løwe.

Ho forklarar at Google gjennom brukaravtalar har sitt på det tørre når det gjeld å fjerne innhald frå Android.

Kva er skadeleg?

nettsida til Android Developers står det at den fjernstyrte slettinga er «eit av mange sikringstiltak som Android bruker for å beskytte brukarane frå skadelege applikasjonar.»

«I nødstilfeller kan ein farleg applikasjon bli fjerna frå aktiv sirkulasjon hurtig for å hindre vidare eksponering til brukarane,» står det vidare.

Spørsmålet er kva som kvalifiserast som «skadeleg» og «nødstilfelle».

– Skal Google kunne bestemme kva som ikkje eignar seg for din telefon? Menneske har forskjellige grenser for kva som er greit og ikkje greit å sensurere, og då blir det problematisk at eit amerikansk selskap skal ta den avgjerda for oss, seier Anders Brenna.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.