Hopp til innhold

«Epleskatt» opprører mediabransjen

Mediehus ser seg om etter nye digitale løysingar, etter at det vart klart at Apple vil ha ein tredjedel av abonnementsinntektene deira frå Ipad og Iphone.

The Daily

Førre veke vart den første Ipad-eksklusive digitalavisa i verda lansert. Den har fått namnet «The Daily» og er eit samarbeid mellom Apple og News Corp.

Foto: STAN HONDA / Afp

– Dersom ikkje Apple justerer dette løpet, så trur eg at fleire og fleire, også dei store aktørane i marknaden, kjem til å gå for opne løysingar som Apple ikkje kan kontrollere, seier Anders Opdahl, redaktør i avisa Nordlys. Han er ein av fleire i mediabransjen som reagerer på at Apple vil ta ein «epleskatt» på 30 prosent av digitale abonnementsordningar.

Må selje gjennom Apple

Det var etter lanseringa av den Ipad-eksklusive digitalavisa «The Daily» førre veke at mediemogul Rupert Murdoch røpte at Apple tek ein tredjedel av abonnementsinntektene frå avisa.

– I alle fall det første året, uttalte han i eit intervju med Fox News.

Anders Opdahl

Redaktør i Nordlys, Anders Opdahl, meiner Apple gjer det vanskeleg for seg sjølv med den nye abonnementsordninga.

Foto: Nordlys

Tidlegare har aviser som Nordlys tilbudt lesarar med papirabonnement digitalutgåva gratis. Det blir det ikkje høve til å gjere lenger, for alle som sel digitalt innhald på Ipad eller Iphone må tilby kundane kjøp via betalingssystemet til Apple, App Store.

Og med App Store kjem prosentkravet.

– Gjer det vanskeleg for seg sjølv

No har to av dei største presseorganisasjonane i Europa kalla inn til eit ekstraordinært møte der dei vil diskutere abonnementsreglane til Apple.

Misnøyen i mediabransjen går blant anna ut på at mange forlag og mediehus kjenner seg sterkt delaktige i utviklinga av nettbrettet Ipad, som har blitt ein suksess, og har investert masse pengar i det.

– Apple gjer det vanskeleg for seg sjølv. Eg ser på dette som eit sjølvskot for deira del av minst to grunnar: Det tvingar oss (mediabransjen, journ.merkn.) til å auke hastigheita med tanke på å utvikle innhald for andre og meir opne plattformer. Samtidig er det ei svekking av omdømet til Apple, meiner redaktøren i Nordlys.

Høyr saka i Kulturnytt:

– Trudde dei kunne sleppe prosentkrav

Kristine Løwe

Teknologibloggar Kristine Løwe trur mediehus no byrjar å sjå seg om etter andre digitale løysingar enn Apple.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

– Dei vart tatt på senga, seier teknologibloggar Kristine Løwe, som blant anna skriv for VG Digital, om kvifor det er så sterke reaksjonar på dei nye reglane blant mediefolk.

– Det var nok ei overrasking for mange i mediabransjen som hadde trudd at dei kunne fortsette å dirigere lesarane sine til eigne betalingsløysingar og sleppe 30 prosentkravet på abonnement, forklarar ho, og legg til at ein tidlegare trudde det var rom for å omgå reglane, ved å selje innhaldet i eigne salskanalar.

– Dei (redaktørane, journ.merkn.) var kanskje ikkje førebudde på at dei skulle gje bort så mykje av dei ganske små inntektene dei har her i utgangspunktet, seier ho.

Nye alternativ

Rupert Murdoch

Rupert Murdoch, mannen bak The Daily, må betale abonnementsinntekter på 30 prosent til Apple.

Foto: BRENDAN MCDERMID / Reuters

Løwe trur redaktørar no byrjar å sjå seg om etter andre løysingar.

– Alternativa til Apple er Android-baserte lesebrett, men dei er egentlig ikkje komne så langt på betalingsløysingssida som Apple har. Det mange mediehus jobbar med no er såkalla HTML5-baserte løysingar, der ein lagar webbaserte appar, slik at alt skjer i nettlesaren. På sikt håpar ein å omgå plattformer som Apple på den måten, hevdar ho.

Itunes-sjef i Apple, Eddy Cue, sa på lanseringa av «The Daily» at dei vil avsløre fleire detaljar om abonnementsreglar i nærmaste framtid.

Apple ville ikkje svare på spørsmål om dette frå NRK.

Les også: - Naivt å tro at det redder avisopplaget

– PC er ikke brukervennlig nok for skolen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.