Hopp til innhold

Golden Globe-vinnar beklagar upassande oppførsel

«Green Book»-regissøren Peter Farrelly har ved fleire høve blotta seg. I tillegg har ein av manusforfattarane sletta Twitter-kontoen sin etter at ei melding frå 2015 byrja å sirkulere på nett.

Peter Farrelly mottar Golden Globe

PRIS: Natt til måndag fekk filmen «Green Book» tre Golde Globe-prisar. No må regissøren Peter Farrelly svare for blottarepisodar på 1990-talet.

Foto: Paul Drinkwater / AP

Natt til måndag henta filmen «Green Book» med seg tre Golden Globe-prisar. Filmen fekk prisane for beste komedie og beste manus. I tillegg fekk Mahershala Ali prisen for beste birolle.

Men no har det dukka opp historier om upassande oppførsel frå regissør Peter Farrelly. Han skal ved fleire høve ha blotta seg. Til CNN seier Farrelly at det var eit forsøk på humor.

– Det er sant. Eg var ein idiot. Eg gjorde dette for nokre tiår sidan, og eg trudde eg var morosam. Sanninga er at eg er flau, og det får meg til å vri meg i dag. Eg beklagar.

Blant dei som har vore utsett for blottinga er skodespelaren Cameron Diaz, som spelte i den Farrelly-regisserte «Alle elsker Mary» frå 1998. Det skal ha skjedd før ho hadde fått rolla i filmen, men ifølgje Newsweek tok ho det med fatning.

– Når ein regissør viser deg penisen sin på det første møtet, må du vedgå at han har kreativitet, sa Diaz.

Kontroversiell film

Peter Farrelly står bak komediar som «Dum og Dummere», «Shallow Hal» og «Jeg, meg og Irene». «Green Book» er eit forsøk på å gå i ei meir seriøs retning. Men filmen blei møtt med kritikk etter premieren.

«Green Book» er basert på ei sann historie om forholdet mellom den svarte pianisten Donald Shirley og den kvite sjåføren hans, Frank Anthony Vallelonga. Men filmen har blitt skulda for å overdrive forholdet mellom dei to. Det blir også stilt spørsmål ved fleire detaljar i filmen, særleg frå etterkomarane etter Shirley.

Danske Viggo Mortensen, som spelar sjåføren i filmen, måtte også tole kritikk då han brukte n-ordet etter ei førvisning for å vise korleis ting har endra seg frå 1960-talet fram til i dag. Mortensen har beklaga språkbruken.

Viggo Mortensen og Mahershala Ali fra filmen Green Book

JAZZTURNE: I filmen «Green Book» spelar Mahershala Ali (t.h.) ein svart jazzpianist som er på turne i sørstatane i USA på 1960. Viggo Mortensen spelar den kvite sjåføren hans.

Foto: Universal Pictures / AP

Sletta Twitter-konto

Etter tre Golden Globe-prisar hadde «Green Book» lagt kontroversane bak seg, og stod fram som ein verdig Oscar-kandidat, meinte CNN. Men no får filmen stadig nye negative oppslag.

Kort tid etter at blottarhistoriene til regissøren blei kjent, kom også meldinga om at Nick Vallelonga, som var med å skrive manus til filmen, sletta Twitter-kontoen sin på grunn av ei melding frå 2015, skriv Deadline. Vallelonga er sonen til han som var sjåføren til pianisten.

Meldinga var eit svar til dåverande presidentkandidat Donald Trump som meinte muslimar jubla då tvillingtårna raste 11. september 2001.

– 100 prosent korrekt. Muslimar i Jersey by jubla då tårna rasa. Eg såg det, slik du gjorde, truleg på dei lokale CBS-nyheitene, skreiv Vallelonga.

Nick Vallonga

TWITTER-MELDING: Manusforfattar Nick Vallelonga har sletta Twitter-kontoen på grunn av ei antimuslimsk melding han sende til dåverande presidentkandidat Donald Trump i 2015.

Foto: MIKE BLAKE / Reuters

Då Mahershala Ali, som spelar pianisten, vann Oscar for to år sidan, var han den første muslimen som vann prisen for beste mannlege skodespelar. Han har så langt ikkje kommentert meldinga Vallelonga skreiv i 2015.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters