Fotograf Roger og producer Ågot køyrer snøscooter.
I Norge har samane drive med reindrift i mange hundre år, og difor er det den dag i dag berre samar som har rett til å eige rein. Reinsdyra må flyttast opptil fleire hundre kilometer mellom sommarland og vinterland, så reindriftssamane må ferdast mykje i fjellet. Om vinteren bruker dei snøscooter for å komme seg fram, og om sommaren nyttar dei motorsyklar. Gjengen frå Newton, (producar Ågot, fotograf Roger og eg) fekk eit kurs i snøscooterkøyring, kledde oss opp i skikkeleg tjukke scooterklede, og så fór vi avgarde opp på fjellet for å bli reingjetarar.
Klar – ferdig – gå!
Unni øver seg i å kasta lasso.
Oppe på fjellet traff vi Lars Bransfjell. Han er sørsame og eigar av ca 450 reinsdyr. Reinsdyra hans var samla i ei svær innhegning, der dei hadde vore over natta og ete reinlav som Lars hadde lagt inn til dei. Tida er knapp når ein arbeider på fjellet – for der snur vêret fort. Lars og reinsdyra var utolmodige etter å komme i gang. Dei ana kanskje at dårlegare vêr var i vente..? Innhegninga vart opna, og på 1-2-3 knirka det av hundrevis av mjuke reinsdyrsføter på snøen. Gjetinga var i gang.
Samla flokk
Gjetarhunden er klar til aksjon oppå snøscooteren.
Når ein gjeter reinsdyr, er det viktig å halde litt av-stand til dyra slik at dei ikkje blir skremde. Samtidig må ein passe på at alle gjetarane som er med held ei rett linje og driv reinflokken fram samla, elles kan det hende at nokre reinsdyr havnar etter resten av flokken. Reinsdyra stoppa heile tida opp for å ete lav frå bakken og bjørketre, og då køyrde eg sakte fram mot dei på scooteren min for å få dei til å setje opp farten. Etter ei lita raste-pause sprang dei då sakte vidare. Lars har eit anna triks også – han har ein gjetarhund som spring bort og gjetar reinen vidare.
Sola og reinen forsvinn
Etter mange timar med gjeting var vi kjempesvoltne og slo leir for å få oss litt mat. Vi tente opp bål og laga sitteplass med reinsdyrskinn som underlag. Brått la vi merke til at reinen var ute av synet, og det var sola også. Det byrja å snø, og snart såg vi ingen ting utanom maten vår og dei som sat ved sidan av oss. Reinen må ha merka at snøvêret var på veg, og hadde søkt ly. Lars såg på vêret og bestemte raskt at vi ikkje kunne flytte reinen lenger den dagen. Vi måtte reise tilbake – men korleis skulle vi få til det? Det var jo ikkje mogleg å sjå ein finger framfor seg? Heldigvis kunne Roger, broren til Lars - som også hadde vore med som gjetar - vise oss vegen tilbake. I ein time køyrde vi gjennom snøføyken utan å sjå noko anna enn ryggen hans, men han kunne vegen trass i dårleg vêr og fekk oss trygt tilbake.
Og korleis gjekk det med reinen..?
Etter nokre dagar kom reinen fram til sommarbeitet. No er kalvinga i full gang. Lars ventar heile 300 nye kalvar i flokken sin.
Unni prøver korleis det er å vere rein-simle!
Kjem i Newton søndag 9. mai 2004 kl 18.30 på NRK1.