Hopp til innhold

Gir ut bok frå kontroversiell forfattar

Debutromanen til tidlegare straffedømde Per Marius Weidner-Olsen blei stoppa etter første opplag, og samarbeidet med forlaget blei brote. No gir Gyldendal ut den andre boka hans.

Per Marius Weidner-Olsen

KONTROVERS: Ein dom frå 2003 førte til kontroversar då forfattar Weidner-Olsen gav ut debutromanen sin i 2020.

Foto: Vegard Unger Ellefsen / NRK

– Me har lest eit veldig godt manus som me har arbeida vidare med, og har hatt veldig grundig og fin dialog med forfattaren. Det er grunnen til at me gir ut boka, seier forlagssjef for norsk skjønnlitteratur i Gyldendal, Kari Marstein.

Forfattar Per Marius Weidner-Olsen sin debutroman «Jeg hadde en oppvekst nesten som min egen» skapte mykje kontrovers i 2020.

Til hausten kjem den andre romanen hans «Ny mann» via Gyldendal.

– Veit ikkje kva reaksjonar som kjem

Debutromanen til Weidner-Olsen blei gitt ut av forlaget Oktober i 2020, og skildrar oppveksten til ein gut som mellom anna blir utsett for seksuelle overgrep. Etter utgivinga kom det fram at forfattaren var tidlegare straffedømd for å «ha skaffet seg seksuell omgang ved misbruk av stilling eller tillitsforhold», som det heiter i dommen.

Oktober valde å bryta med forfattaren og stoppa alle vidare opplag av boka blant anna fordi dei ikkje var blitt opplyst om dommen før samarbeidet tok til. Fornærma i dommen frå 2003 reagerte på at romanen kunne tolkast i eit anna lys når ein kjente til dommen.

Les meir om bakgrunnen for saka her:

Forlagssjef Marstein synest det er vanskeleg å vita kva reaksjonar som vil komma på den nye utgivinga.

– Det var jo to ulike utgangspunkt for uroa rundt førre bok. Me veit ikkje om det blir reaksjonar no, og kva dei i så tilfelle kjem til å dreia seg om, seier ho. Det viktige for oss er at me har hatt ein god dialog med forfattaren, og gler oss til å gi ut ein eineståande og litterært sterk roman til hausten, seier ho.

Sjefredaktør Kari Marstein i Gyldendal

POSITIV: Sjefredaktør Kari Marstein i Gyldendal ser fram til utgivinga.

Foto: Hallgeir Vågenes

– Glad han framleis har forfattarskap

«Ny mann» handlar om ein mann som sonar ein fengselsdom og om tida etter soninga.

– Det handlar òg om skyld, skam, sjølvforakt og fordøming. Og om det er mogleg å reisa seg etterpå, seier Marstein.

Ho legg til at boka ikkje går inn i dommen frå 2003.

– Kva tenker de om kontroversen i 2020 og om at fornærma frå dommen reagerte på debutromanen?

– Me opplevde at ho stilte eit heilt greitt spørsmål ved legitimiteten ved den utgivinga, for ho såg den som noko som var tematisk for likt hennar eigne erfaringar med han. Det kan ein vera einig eller ueinig i. Men motiva frå førre roman er ikkje til stades i denne boka, seier Marstein.

Både Gyldendal og forfattaren ser fram til utgivinga, fortel ho.

– Eg har inntrykk av at han er veldig glad for at han framleis har eit forfattarskap.

Weidner-Olsen stadfestar til NRK at han er glad for at boka blir noko av, og jobbar med innspurten av ho no.

Kulturstrøm

  • Fausa og Antonsen til scenen sammen

    Atle Antonsen, Trond Fausa og Vidar Magnussen er blant skuespillerne som er klare for komedien «Peter Pan går til helvete» på Chateau Neuf i januar 2025.

    Ifølge en pressemelding blir oppsetningen den første norske versjonen av «Peter Pan Goes Wrong», som er spilt på Broadway og West End tidligere.

    Kim Haugen skal regissere og Bjarte Hjelmeland er produsent, og også Siw Anita Andersen, Nils-Ingar Aadne, Kristine Grændsen, Jan Martin Johnsen, Modou Bah og Tiril Heide-Steen står på rollelisten.

    Lena Kristin Ellingsen og Trond Fausa Aurvag på «Oppenheimer»-premiere i London i 2023.
    Foto: Vianney Le Caer / Invision / AP
  • Forfatteren Paul Auster er død

    Forfatteren Paul Auster er død, 77 år gammel, melder New York Times.

    Den svært produktive forfatteren ble beskrevet som en «litterær superstjerne». Han ble kjent på 1980-tallet med sin postmodernistiske gjenopplivingen av noir-romanen.

    Forfatteren var for nordmenn mest kjent for New York-trilogien, «Moon Palace» og «Brooklyns dårskap». Bøkene kom ut i henholdsvis 1985-1987, 1989 og 2005. Auster skrev også dikt, essays og filmmanus, blant annet.

    Han døde i sitt hjem i Brooklyn, etter komplikasjoner i forbindelse med lungekreft.

    Auster giftet seg i 1981 med norskættede Siri Hustvedt, som også er forfatter. Paret har vært på flere turer til Norge og har også deltatt på Aschehougs hagefest sammen.

     Paul Auster fotografert i 2011. Han har grått hår, gredd tilbake, mørk frakk og skjorte. Han ser bestemt, men vennlig inn i kameraet.
    Foto: BOB STRONG / Reuters
  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.