Hopp til innhold

Fyrste runde av Stjernekamp: – Ei stjerne er født!

Nok ein gong slår joik til i Stjernekamp. Vegard Bjørsmo var blant dei som kapra dommarane og sjåarane sitt hjarte med sin versjon av songen «Elle».

GUDDOMMELEG: Det ordet brukar Maria Mena for å beskrive korleis det var å høyre Vegard Bjørsmo i kveldens Stjernekamp.

– Ei stjerne er født!

Det ropar dommar Mona B. Riise etter framføringa til haustens yngste deltakar Vegard Bjørsmo.

– Eg føler eg har vore vitne til noko enormt. Den røysta du har, eg føler at det var noko guddommeleg i rommet, legg Maria Mena til, med tårer i augo.

For 19-åringen imponerte stort under sesongpremieren av Stjernekamp med si tolking av «Elle». Songen er opphavleg skrive av Mari Boine til filmen «Kautokeino-Opprøret» frå 2008.

– Betyr veldig mykje

– Det betyr veldig mykje for meg å synge denne låten, seier den nye stjerna.

Han fortel at det var ein av dei fyrste songane han framførte, nemleg i 5. klasse på barneskulen.

– Det var veldig symbolsk for meg å velje den låten eg tidlegare har sunge framfor venar og familie, for no å synge for nasjonen på riksdekkande TV.

Vegard Bjørsmo på scenen i Stjernekamp

NY STJERNE: Vegard Bjørsmo imponerte stort i kveldens Stjernekamp.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Framføringa førte han til topp tre under kveldens sending, saman med Knut Marius Djupvik og Ingeborg Walther.

– Eg kjente på ei euforisk kjensle då eg var på scena. Eg var ikkje nervøs, seier karasjokingen.

No gler han seg til fortsetjinga, og røper at han målet er å nå heilt til topps:

– Eg hadde aldri forventa ein slik start. No er eg veldig overvelda, men eg skal verkeleg gje gass framover også. Det er ikkje dumt å ha litt konkurranseinstinkt.

Kanskje har han oddsen på si side. For det er ikkje fyrste gong ein artist med samiske røter gjer det bra i Stjernekamp.

Ella Marie Hætta Isaksen joika seg til siger i 2018.

– Med han er eg trygg nok til å vere svak

Også Sandra Lyng Haugen imponerte dommarane i dag.

– Eg er så stolt av deg. Du har kome ein veldig lang veg. Eg hugsar då du kom til meg som 18-åring då du sleit med spiseforstyrring. Sjå på deg no, sa ei rørt Maria Mena.

Sandra Lyng la ikkje skjul på at ho var nervøs både før og under sceneopptredenen, men var takknemleg for tilbakemeldingane ho fekk.

– Eg vart rørt. Og det betydde mykje, for denne låten song eg til mannen min. Låten fortel at ein må vere sterk, men med mannen min er eg trygg nok til å vere svak.

Sandra Lyng på scenen i Stjernekamp

IMPONERTE: Det er 17 år sidan sist Sandra Lyng var med i ein songkonkurranse, men ho har det framleis i seg.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Denne hausten skal altså 10 norske musikarar konkurrere i ulike sjangrar.

I dommarpanelet i kveld satt sjølve popdronninga Maria Mena, og partykongen Stian Staysmann, saman med den faste dommaren Mona B. Riise.

I kveld var det ingen som rauk ut, men stemmene blir tatt med vidare og lagt til neste laurdag når artistane skal kjempe mot kvarandre i sjangeren MGP.

Då må fyrste deltakar forlate konkurransen.

Sjå låtlista og panelets dom frå kveldens sending under!

– Det var så fest!

1. Knut Marius Djupvik: With a Little Help from My Friends – Joe Cocker (The Beatles)

Vinnaren av The Voice 2012 har tidlegare sagt at han gler seg mest til å synge i rockesjangeren, og då var det ikkje overraskande at han i kveld valde å bryne seg på rockeklassikaren «With a Little Help from ny Friends».

Om han vil kome like langt i Stjernekamp som i The Voice, står att å sjå. Men dommarane var i alle fall fornøgde.

– Det var så fest, og perfekt gjennomført. Eg er blåst av bana allereie. Heilt rått, sa Staysman.

– Eg trudde du ikkje kunne gje meir energi. Eg er fan, sa Maria Mena.

Fra Stjernekamp på NRK 29. august 2020. Episode 1 - Egen sjanger.

2. Anita Hegerland: Moonlight Shadow – Mike Oldfield

Hegerland tok Noreg med storm allereie som 8-åring, og ho imponerte ikkje mindre i kveld med den mjuke, men samtidig alvorstunge pop-rock-låten Moonlight Shadow.

– Eg storkosa meg. Du «nailer» den, du syng så fint.

– Det er ikkje alle som er klar over kor vanskeleg denne er songteknisk, og du var dritbra! legg Maria Mena til.

Fra Stjernekamp på NRK 29. august 2020. Episode 1 - Egen sjanger.

3. Emil Solli-Tangen: To Where You Are – Josh Groban

Operasongaren frå Porsgrunn valde det ein kan kalle for ein tårevåt ballade. Songen handlar om dauden, og om å sakne den som er borte.

Storebror Solli-Tangen tok ein andreplass då han deltok, og målet til Emil er å gå for gullet. Ifølgje dommarane kan det vere eit realistisk mål viss han gjev litt meir neste gong.

– Du er fantastisk flink. Det einaste eg skulle ønske er at du kunne vise enda meir spenn. Elles fantastisk, seier Mena.

Fra Stjernekamp på NRK 29. august 2020. Episode 1 - Egen sjanger.

– Ingen så sexy som du

4. Myra: Super Bass – Nicki Minaj

Bergens-rapparen Regina «Myra» Tucker har vore eit kjærkome tilskot i rap-miljøet her til lands. Med sin sjarm og fløyelsmjuke stemme klarte ho å imponere dommarane med sin versjon av songen til den verdskjente rapparen Nicki Minaj.

– Eg er usikker på om det finst nokon som er så sexy i musikkbransjen, som du var nå, seier Mena.

– Myra er så kul, du er så beinhard. Veldig gøy, Myra!

– Eg vart veldig rive med, legg Staysman til.

Fra Stjernekamp på NRK 29. august 2020. Episode 1 - Egen sjanger.

5. Alex Rosén: You Can Count on Me – Sammy Davis Jr.

Rosén er kanskje mest kjent for sine meir eller mindre ville opptredenar som TV- og radio-profil, og mange sat nok spent framfor skjermen før hans framføring i kveld.

Den tidlegare vokalisten I Go Go Gorillas skuffa ikkje sjåarane med sin spinnville tolking av «You Can Count on Me.»

– Du er like klin gæren, men framleis like god på det du driv med! Eg elskar deg, seier Staysman.

Fra Stjernekamp på NRK 29. august 2020. Episode 1 - Egen sjanger.

6. Hege Øversveen: Don't Put Dirt On My Grave Just Yet – Nashville Cast ft. Hayden Panettiere

Hege Øversveen har countrymusikken som si heimebane, så låtvalet skal passe ho som hand i hanske. Songen handlar om å stå i det vanskelege, og kome seg vidare til ein betre plass.

– Du skin jo om kapp med desse «spotlightane» her, fortel Maria Mena.

– Det her var kraftfullt, legg Mona B. Riise til.

Fra Stjernekamp på NRK 29. august 2020. Episode 1 - Egen sjanger.

7. Vegard Bjørsmo: Elle – Isák (Mari Boine)

Haustens yngste deltakar er frå Karasjok, og heidrar i kveld samisk musikk med låten «Elle», opphavleg skreve av Mari Boine til filmen «Kautokeino-Opprøret» frå 2008.

Og både publikum og dommarane var i ekstase.

– Eg føler eg har vore vitne til noko enormt. Den røysta du har, eg føler eg at det var noko guddommeleg i rommet, seier Maria Mena med tårer i augo.

Fra Stjernekamp på NRK 29. august 2020. Episode 1 - Egen sjanger.

– Sjå på deg, no!

8. Sandra Lyng: Svag - Victor Leksell

Det er 17 år sidan sist Sandra Lyng var med i ein songkonkurranse, og mykje har skjedd sidan den gong. Blant anna har ho den siste tida fremja psykisk helse, og låtvalet er difor ikkje tilfeldig.

– Låten heiter «Svag», men at eg vel den og torer å vise sårbarheit, gjer jo at eg eigentleg er sterk. For meg er det å vise sårbarheit styrke, fortel Sandra.

Og Maria Mena vart rørt til tårer.

– Eg er så stolt av deg. Du har kome ein veldig lang veg. Eg hugsar då du kom til meg som 18-åring, då du sleit med spiseforstyrring. Sjå på deg no!

Fra Stjernekamp på NRK 29. august 2020. Episode 1 - Egen sjanger.

9. Odd Einar: «Hard To Handle» - Otis Redding

Odd Einar Nordheim sikta høgt då han valde låt frå Stax-kongen Otis Redding. Klarte Nordheim å nå opp med sin versjon av den songen Hard to Handle? Ja, meinte dommarane.

– Dette var på tide, eg er så glad for at eg her! ropar Mena.

– Dette kan du, det var så utruleg digg, legg Mona B. Riise til.

Fra Stjernekamp på NRK 29. august 2020. Episode 1 - Egen sjanger.

10. Ingeborg Walther: Golden Ticket - Highasakite

20-åringen frå Sarpsborg gjorde sitt musikalske inntog i The Voice for tre år sidan.

Om ho får gull i stjernekamp står att å sjå, men kveldens framføring lover godt, ifølgje dommarane.

– Du har jo det triste og du har sinne, samtidig som du klarte å gjere songen til din eigen. For ein start! sa Mona B. Riise med eit stort smil.

Fra Stjernekamp på NRK 29. august 2020. Episode 1 - Egen sjanger.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)