I ti intense veker har Adam Douglas sunge seg gjennom 13 sjangrar i Stjernekamp. Han har imponert både sjåarar og kritikarar, og laurdag gjekk han heilt til topps etter at han blant anna song Otis Redding-versjonen av «Try a Little Tenderness».
– Otis Redding er det store forbildet mitt som vokalist. Eg har alltid hatt lyst til å synge låten, men eg trengde den rette staden, det rette bandet og den rette stemninga for å framføre den. Og det var det på laurdag. Og så var det på tide med litt ekte soul i Stjernekamp, seier Douglas til NRK.
Fullt køyr i 2018
Det er ti år sidan Adam Douglas kom til Noreg for å spele med bluesbandet Woodleg Odd frå Sunnmøre. Då fann han kjærleiken framfor scene, og blei verande i landet. I åra som har gått har han spelt flittig på klubbar, kulturhus og festivalar, men med suksessen i Stjernekamp, har han nådd ut til eit breiare publikum.
– Det har teke heilt av dei siste vekene. No blir det full gass med mange konsertar framover. Til neste år legg eg ut på turne med fullt band. I tillegg blir det ein del festivaljobbar. Og det gler eg meg til.
- Les:
- Les:
Han ser tilbake på tida i Stjernekamp som ei tid som har vore både lærerik og utviklande for han som artist. I veke etter veke har han måtte setje seg inn i nye sjangrar, og har fleire gongar i løpet av dei siste vekene vore godt utanfor komfortsona.
– Det har vore sunt for meg å bli pusha musikalsk. Eg har måtte prøve nye ting, og har lært mykje i løpet av desse ti intense vekene. Eg har blitt tryggare på scenen enn eg var før, og eg har blitt ein betre artist, seier han.