Hopp til innhold

Akutt vokalist-behov fekk Adam til Noreg

Stjernekampvinnar Adam Douglas hadde neppe stått på norske scener utan at eit soul- og bluesband frå Sunnmøre hadde lokka han hit.

Woodleg Odd

Adam Douglas og bandet Woodleg Odd som lokka han til å bli verande i Noreg i 2007. F.v. Frank Willy Utgård, Odd Ludvig Lie, Adam Douglas og Arne Moe.

Foto: Woodleg Odd

Den sympatiske og audmjuke artisten har i fleire veker trollbunde heile landet med sitt store talent frå Stjernekampscenen på Fornebu via NRK1.

Svært mange på Sunnmøre jublar over at nettopp amerikanaren vann.

– Dette var utruleg artig, og så fortent! Adam er slik ein allsidig musikar, og er så flink at dette fortente han verkeleg, sprudlar ein begeistra Odd Ludvig Lie, leiar i soul- og bluesbandet Woodleg Odd i Sykkylven.

Mann ved trommesett, Odd Ludvig Lie,

Odd Ludvig Lie spelar tromme i sitt eige band. Han har verkeleg trefot på eine beinet, og det har gitt namn til bandet.

Foto: Torgeir Elveland

Og Odd Ludvig med trefoten og dei tre andre i bandet hans, har ein stor del av æra for at nordmenn har blitt kjent med den allsidige artisten. Utan dei hadde Adam neppe sett sin fot på norsk jord.

– Han hadde ingenting med Noreg å gjere før vi fekk kontakt med han i USA. Så det var nok heilt avgjerande for at han flytta over Dammen at vi fekk han hit for å spele i bandet vårt, stadfester Odd Ludvig.

Avgjerande rolle

Woodleg Odd har vore eit av dei mest aktive og produktive soul- og bluesbanda i Noreg på 2000-talet. I 2007 blei det akutt behov for ein god erstattar for vokalist Knut Eilertsen.

Adam Douglas i finalen i Stjernekamp

Adam gav alt under gårsdagens finale i Stjernekamp.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

– Vi fekk først avtale om at Adam skulle steppe inn på to konsertar på bluesfestivalane Bremanger-rock og Kanalstreet i Arendal. Men vi ville gjerne ha han som fast medlem, og overtalte han til å bli i landet, fortel Odd Ludvig.

Adam imponerte bandet og publikum frå første stund. Og på den aller første konserten, i Bremanger, møtte han henne som er kona hans i dag!

Masse kunnskap

– Korleis var det å få overtalt han til å bli?

– Noreg var veldig spennande, syntest han. Og vi blei raskt overraska og imponert over alt han veit om musikk! Han kjenner gamalt og ny musikk, og synest han det er kult, fiksar han det.

Adam Douglas

Adam slik vi kjenner han frå skjermen.

Foto: JULIA MARIE NAGELSTAD / NRK

Den første tida i Noreg budde Adam i Hundeidvik i Sykkylven, så ei stund i Ørsta, før han flytta til Ålesund. Han var med på innspelinga av cd-plata "One step Ahead", som blei innspelt i musikkstudio i Memphis. Adam var ein del av bandet i nær tre år før han flytta til Austlandet.

– Han fortener å satse på eiga karriere, og har potensial til å kunne nå langt, meiner den gamle bandkompisen.

Begeistra for dialektar

Adam snakkar ein blandingsdialekt av sunnmøring, bremanger-dialekt og austlending.

– Han blei straks begeistra for sunnmørsdialekten, og lærte norsk på kort tid. Han meinte dialektane våre ikkje er så hakkete som amerikansk, ler Odd Ludvig.

Då Adam blei med i Woodleg Odd tilførte han bandet eit nytt lydbilde.

Woodleg Odd med Adam Douglas

Frå tida Adam var med i Woodleg Odd. Frå venstre Adam Douglas, Odd Ludvig Lie, Arne Moe og Frank Willy Utgård.

Foto: Torgeir Elveland

– Vi fekk både gitar og vokal gjennom Adam, og musikken vår blei meir soulprega. Ei fin tid!

Odd Ludvig Lie er ikkje framand for å få Adam til å synge med gamlebandet ein gong når alt oppstyret rundt han har roa seg.

– Ein ting har eg lært meg i musikkbransjen, er at ingenting er over, ingenting er slutt. Så vi får sjå.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL