Hopp til innhold

Jubelen stod i taket då Adam Douglas vann Stjernekamp

BREMANGER (NRK): Det evar stinn brakke i lokala på Havly i Bremanger som heia på Adam Douglas (36) under finalen i Stjernekamp. Jubelen stod i taket då namnet hans vart ropt opp som vinnar.

Sjå korleis reaksjonane var då vinnaren vart utropt.

– Det var ein soleklar siger og han fortente det, seier niåringen Jonas Grotle.

Før finalen lova han at han skulle hoppa i sjøen i gledesrus om Adam vann finalen. Då sigeren var sikra var han litt meir ordknapp.

– Eeeeeehm. Ingen kommentar, seier Jonas lattermildt.

Stjernekampfinale Bremanger - jonas grotle (9), Henrik Værø (12), Olaug Grotle, Roy Værø og Jørgen V

SPENT: Frå venstre: Jonas Grotle (9), Henrik Værø (12), Olaug Grotle, Roy Værø og Jørgen Værø var med og heia under finalen.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Der det heile starta

Adam Douglas

Adam Douglas

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Det var plakatar med teksten «Heia Adam», og knapt eit ledig sete på Havly under finalen. Og den plassen er ekstra spesiell for Douglas som kjem frå Oklahoma i USA.

For det var der det heile starta for amerikanaren i 2007. Der han hadde sin første konsert i Norge og møtte kona Kristin Solberg frå Bremanger. Dei bur på Hadeland og jobbar i Oslo-området, men er i Bremanger så ofte dei kan.

Mary Jane Varpe og Ann-Helen Hausle stod bak baren i kveld og var særs fornøgde med korleis arrangementet hadde gått, men er ikkje overraska over at Douglas vann.

Stjernekamp Bremanger Mary Jane Varpe og Ann-Helen Hausle

NØGDE: Mari Jane Varpe (t.v) og Ann-Helen Hausle smilte etter den vellykka kvelden på Havly.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– Vi veit kva han er god for. Vi veit kva kvalitetar den mannen har. Det er kjempeflott at han er oppdaga av så mange andre og, seier Varpe.

Dei var òg glade over kor mange som hadde møtt opp på Havly i kveld.

– Vi visste ikkje kor mange som kom til å komme, men her har det vore fullt med masse folk og god stemning. Nokre av dei første som kom var nokre små unger som sa dei hadde gledd seg heile veka, seier Hausle.

– Set Bremanger på kartet

Nokre av dei som hadde teke turen var Eirik Førde Rylandsholm og Jørgen Hoddevik Hauge. Dei kunne begge fortelje at dei hadde hatt svigermora til Douglas som lærar.

– At han vinn er utruleg fortent. Han held eit høgt nivå. Det er noko heilt spesielt med stemma hans, meiner Hauge og legg til at han trur dette vil hjelpe på å setje Bremanger på kartet.

Stjernekamp Bremanger Maiken Hausløv Førde (blond) og Andrine Varpe Hammersland

PLAKAT: Maiken Hausløv Førde (t.v.) og Andrine Varpe Hammersland har laga plakatar.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– Vi håper Adam vinnar. Han starta karrieren si her og det er skikkeleg stas for Bremanger om han vinn, sa 15-åringane Andrine Varpe Hammersland og Maiken Hausløv Førde før finalen.

– Om han vinn vil det sette Bremanger på kartet. Vi håpar sjølvsagt at han går heilt til topps, seier Helge Hauge og Per Asbjørn Igland.

Douglas har også klart å sette seg sjølv på kartet gjennom dei ti vekene Stjernekampar har gått. I forkant av finalen hadde han 1800 uleste meldingar på telefonen.

Stjernekamp Bremanger folk

STINN BRAKKE: Mange har tatt turen til Havly i Bremanger for å sjå finalen i Stjernekamp på storskjerm.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Dette er låtane dei framførte i finalen:

Repriselåt

  • Adam Douglas: «False Alarm» (EDM)
  • Didrik Solli-Tangen: Tårnarien frå Puccinis «Tosca» (Opera)

Låt frå eige repertoar

  • Adam Douglas: «I Once Was An Honest Guy»
  • Didrik Solli-Tangen: «My Heart is Yours»

Finalelåt

  • Adam Douglas: «Try a Little Tenderness» (Otis Redding)
  • Didrik Solli-Tangen: «The Sun Always Shines on TV» (a-ha)
Skal kjempe mot Didrik Solli-Tangen om å være den beste allround-entertaineren.