Hopp til innhold

Frydprisen til «Skam»

«Skam» og Esben Esther Pirelli Benestad vart hylla med prisar under årets Oslo Pride.

Frydprisen til SKAM

FRÅ UTDELINGA: Carl Martin Eggesbø og Tarjei Sandvik Moe takkar for prisen under Oslo Pride laurdag ettermiddag.

Foto: Caroline Tolfsen / NRK

Kvart år deler organisasjonen Fri ut Frydprisen til personar eller organisasjonar som på ein positiv måte bryt med normer om kjønn og seksualitet.

Kjensle-univers

skam

TO AV VINNARANE: Tarjei Sandvik Moe og Henrik Holm er to av skodespelarane som mottar Frydprisen. Dette bildet er frå avslutningsfesten.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

I år går prisen til ungdomsserien «Skam», ved serieskapar Julie Andem og skodespelarane Tarjei Sandvik Moe, Henrik Holm og Carl Martin Eggesbø.

Marianne Furevold-Boland, prosjektleiar for «Skam», og Carl Martin Eggesbø, kjend for rolla som homofile Eskild, tok imot prisen laurdag ettermiddag.

– Tusen, tusen takk! Det er ei stor ære. Skam er mottatt på ein vidunderleg måte. Frykt sprer seg, men det gjer kjærleik òg, sa Furevold-Boland under uttdelinga.

Sjå intervjuet med Marianne Furevold-Boland rett etter utdelinga:

Marianne Furevold-Boland

– Ekstremt stolte

Carl Martin Eggesbø sa i takketalen at han er takknemleg for alt han har opplevd.

– Vi er ekstremt stolte over å ha deltatt på noko som er så viktig for så mange. Vi er svært takknemlege for all kjærleiken vi har fått. Love on top!

Ifølgje juryen har Andem og skodespelarane gjeve uttrykk for kjensler som «mange av oss skulle ønskje at vi fekk utløp for i ung alder».

Juryen skriv vidare at serien har mangfaldige skeive karakterar, og har skapt eit univers som sjeldan eller aldri er blitt sett på nasjonale eller internasjonale TV-skjermar.

Sjå video frå utdelinga:

SKAM fikk frydprisen som deles ut av FRI Oslo og Akershus

Ærespris til Pirelli Benestad

Men det var ikkje berre «Skam» som vart hylla under laurdagens parade. Esben Esther Pirelli Benestad vart tildelt årets ærespris. Benestad takka for prisen via video.

Juryen skriv at Benestad gong på gong har lært samfunnet at det er kulturen det er noko feil med når det kjem til kropp og kjønn.

– Hen har stått rakrygga i kampen mot diagnose- og behandlingsmonopolet som gjeld transpersonar i Noreg. Hen har vore livsviktig for tallause kjønnskreative personar i alle aldrar, skriv juryen.

Kulturstrøm

  • NRK vant pris under Prix Europa

    NRK vant pris for beste digitale medieprosjekt i 2025 under Prix Europa fredag kveld.

    Prosjektet Darcula Exposed avslører flere av bakmennene bak en global meldingssvindel og var et samarbeid med den franske avisen Le Monde og de tyske allmennkringkasterne ARD og BR.

    Pris til NRK for beste digitale medieprosjekt under Prix Europa 2025
    Foto: NRK
  • «Blücher» årets mest sette film – etter bare to uker

    Krigsfilmen «Blücher» er sett av nesten 200.000 kinogjengere på to uker.

    Dermed passerer den «Affeksjonsverdi» som den mest sette kinofilmen i år.

    Totalt er det solgt 197.212 billetter til «Blücher», filmen om det tyske krigsskipet som ble senket i Drøbaksundet 9. april 1940.

    Filmen hadde premiere på norske kinoer 26. september og hadde den best besøkte premierehelgen for en norsk film siden 2021.

    (NTB)

    Bjørn Sundquist, Odin Waage, Daniel Fahre m.fl. poserer for et bilde foran et skilt
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • – Bruker eit samansurium av referansar

    I 2024 var Roc Boyz Noregs mest spelte nasjonale artist på Spotify. No gir dei tre gutane frå Bærum ut sitt fjerde album.

    – «Blueprint» beheld i høgste grad tematikken Roc Boyz har blitt kjende for, noko låtar som «Narco freestyle» og «Drugs N love» gjer klinkande klart, skriv NRK P3s musikkritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    – Tekstane på det nye albumet verkar ikkje som om dei er skrive for å provosere. Men dei er heit openbert skrive for å engasjere og egge opp publikum, om det er i ei stue på heimefest eller i mengda på ein festival, konkluderer ho.

    En gruppe menn i en boksering
    Terningkast 4 Musikk

    «Ikkje skrive for å provosere»

    ANMELDELSE: «Blueprint» av Roc Boyz