Gruppa skal bruke pengane til å lage ei alternativ utgreiing der dei ønskjer å bevise at det er realistisk å late galleriet bestå som museum.
Utgreiinga kjem som ein reaksjon på at dei ikkje har nådd fram til kulturminister Trond Giske med protestane sine mot flytting av galleriet til Vestbanen.
- Vi trudde at når vi overleverte 12 000 underskrifter til Giske, ville han byrje å gruble over saka. Men han er sta, han er stri, han har knytt prestisje til prosjektet, så han gjev seg ikkje, seier arkitekt Fredrik Torp står i spissen for «Bevar Nasjonalgalleriet».
Difor vil gruppa no freiste å nå fram på ein annan måte, ved å lage ein motrapport.
LES ÒG:
Eit viktig spørsmål
Direktør i Fritt Ord, Erik Rudeng, seier at dei ikkje støttar prosjektet på eige initiativ.
- Dette er ei spesiell oppgåve for oss. Vi har valt å gje stønad til ein søknad. Prosjektet skal gjere ei ny utgreiing av kva bevaring av Nasjonalgalleriet vil koste, seier Erik Rudeng.
Fritt Ord har ikkje sjølv teke stilling til ei eventuell flytting av Nasjonalgalleriet. Men dei har vurdert dette som eit så viktig spørsmål for norsk offentlegheit at dei har valt å stø utgreiinga med 100.000 kroner.
Vil motbevise
Ifølgje utgreiingane til staten vil det verte vanskeleg og dyrt å oppgradere det 130 år gamle bygget til å huse kunstskattane på ein forsvarleg måte. Kulturdepartementet meiner at det mest føremålstenleg å byggje nytt på Vestbanen, der Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst og Kunstindustrimuseet skal verte samlokalisert.
LES ÒG:
- Vi lagar ein veldig sakleg rapport, der vi prøver å motbevise det Kulturdepartementet og Statsbygg prøver å bevise, seier Fredrik Torp.
- Likestilt økonomisk
Fredrik Torp og aksjonsgruppa meiner det er realistisk å rehabilitere Nasjonalgalleriet for rundt 520 millioner kroner. Og dei pengane vert ikkje eit tillegg til budsjettet på Vestbanen. Planen er nemleg at nybygget skal verte tilsvarande mindre.
Dette er eit av forslaga til nytt Nasjonalmuseum, som etter planen også skal huse kunsten som i dag er i Nasjonalgalleriet.
Foto: Thomas Allvarstein OweNybygget på Vestbanen skal etter planen kome til å koste 58 000 kroner per kvadratmeter.
- Vi meiner at vi klarer å rehabilitere nasjonalgalleriet og lage eit kjempeflott hus der oppe for 58 000 kroner per kvadratmeter. Då har vi altså likestilt prosjekta økonomisk, og arealmessig, seier Torp.
- Må eit regjeringsskifte til
Draumen til Torp er å pusse opp bygget slik at det blir et moderne og funksjonelt museum som betyr noe for byen. Fredrik Torp meiner det er eit verdispørsmål om ein vil bevare Nasjonalgalleriet. Han vil gjere saka til ei valkampsak, og han trur at det må eit regjeringsskifte til for å stoppe nedlegginga av galleriet.
- Framstegspartiet er ikkje noko interessert i desse store prosjekta. Og heile opposisjonen, Kristeleg folkeparti, Venstre og Høgre har gått ut og sagt at dei vil har ei revurderinga av programmet. Det er berre Trond Giske i ei raudgrøn regjering som vil køyre denne saka, seier Fredrik Torp.
Statsbygg opplyser at den nye utgreiinga ikkje vil verte vurdert med mindre det kjem ein instruks om det frå Kulturdepartementet.