Hopp til innhold

Forlaget bryt med Sofi Oksanen

Forlaget WSOY bryt samarbeidet med Sofi Oksanen, årets vinnar av Nordisk råds litteraturpris.

Sofi Oksanen

Den prislønte finske forfattaren Sofi Oksanen må finne eitt nytt forlag å gje ut bøkene sine på, etter at forlaget har brote samarbeidet.

Foto: Morten Holm / Scanpix

I går kom meldinga frå det finske forlaget WSOY om at dei ikkje lenger kjem til å gje ut romanane til Sofi Oksanen, skriv avisa Vasabladet .

Oksanen svarer med å kritisere direktøren i forlaget WSOY, Anna Baijar.

– Nokon kontrakt har ikkje vorte sagt opp. At samarbeidet er avslutta har direktør Anna Baijars meddelt i dag, seier Oksanen ifølgje Vasabladet.

Sofi Oksanen har vunne fleire prisar for bøkene sine, og no i vår fekk ho Nordisk råds litteraturpris for romanen Puhdistus (Utrenskning) .

– Det er interessant, vanlegvis vegrar eit forlag seg for å gje ut ein forfattar av litterære grunnar. No er årsakene kanskje for første gong i finsk forlags- og litteraturhistorie at det skjer av ikkje-litterære grunnar, seier Oksanen.

Kan skuldast kontraktsbrot

Årsaka til at forlaget har valt å bryte med Sofi Oksanen kan vere ein krangel om kontraktsbrot.

– For dei førre bøkene finst det ein forlagsavtale. I ein av avtalane har WSOY gjort seg skuldig i kontraktsbrot, og det vart blant anna diskutert med Baijars førre veka, seier Oksanen.

Kva nøyaktig saka gjeld, vil derimot ikkje Sofi Oksanen gå i detalj om, men seier at det skal dreie seg om ei lita, konkret sak.

Forlaget WSOY har ikkje vilja kommentere saka.

Kulturstrøm

  • Booker-prisen til Paul Lynch

    Den irske forfatteren Paul Lynch er tildelt Bookerprisen for 2023.

    Bookerprisen er en prestisjetung britisk litteraturpris.

    Lynch får den for boka «Prophet Song», melder BBC.

    Romanen skildrer kampene til Stack-familien, inkludert Eilish Stack, en mor til fire som prøver å redde familien sin mens Irland glir inn i et totalitært regime.

    Paul Lynch
    Foto: AP
  • Puff Daddy anklaget for ny voldtekt

    Sean Comb, mest kjent som Puff Daddy, er saksøkt for å dopa ned og voldtatt en student i 1991. Søksmålet ble levert til en domstol i New York torsdag, skriver Reuters.

    Lørdag ble det forlik mellom Comb og en ekskjæreste etter et annet voldtektssøksmål.

    Søksmålet går inn i en rekke av søksmål mot kjente personer denne uken. Grunnen til at det har kommet mange søksmål nå er at det går mot slutten av en spesiell lov, New Yorks Adult Survivors Act, som åpnet for å saksøke selv om foreldelsesfristen var gått ut.

    Combs er en av de mest innflytelsesrike produsentene i hiphop-bransjen.

    Sean Combs, Puff Daddy
    Foto: AFP