Hopp til innhold

Forlag får millionbot: – Me er fundamentalt ueinige i vurderinga

Konkurransetilsynet ilegg Noregs fire største forlag eit gebyr på 545 millionar for prissamarbeid. Gyldendal seier dei er totalt ueinige i tilsynets vurdering.

Leser i en bok foran en bokhylle i en bokhandel.
Foto: Gorm Kallestad / NTB

«Det er ulovlig for konkurrenter å dele informasjon som kan begrense konkurransen i et marked», melder Konkurransetilsynet.

Dei skuldar no dei fire største forlaga i landet, Gyldendal, Cappelen Damm, Vigmostad & Bjørke og Aschehoug, og Bokbasen for å ulovleg ha delt informasjon om framtidige bokprisar.

Konsernsjef Tørres Thuv i Gyldendal stiller seg «fundamentalt uenige i tilsynets vurdering» i ei børsmelding, og skriv vidare at dei vil forfølga saka vidare:

«Bokbasen gir alle offentlig og lik tilgang på informasjon om alle bokutgivelser, og er helt vesentlig for å gi befolkningen et bredt tilbud av litteratur. Den er ikke innrettet for å utveksle konkurransesensitiv informasjon, har ikke egnet seg til dette og har ikke vært brukt til dette. Det foreligger heller ikke noe som viser en slik adferd fra de involverte partene».

John Tørres Thuv

Konsernsjef Tørres Thuv i Gyldendal.

Foto: Petter Sommer / NRK

– Me er skaka

Bokbasen tilbyr fleire digitale abonnement, og er eigd av dei fire forlaga. Eitt av abonnementa dei tilbyr er Mentor Forlag, og det er gjennom dette at Konkurransetilsynet meiner forlaga skal delt og mottatt konkurransesensitiv informasjon.

Konkurransetilsynet opplyser til NRK at dei gjennom etterforsking har funne mange bevis på at forlaga har delt denne informasjonen i ein database alle hadde tilgang til.

– Dette har gitt aktørane fullstendig oversikt over kvarandre si framferd i marknaden, og kan ha ført til at me forbrukarar har måtta betala høgare prisar på bøker, seier konkurransedirektør Tina Søreide i ei pressemelding.

Tina Søreide

Konkurransedirektør Tina Søreide i Konkurransetilsynet.

Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRK

Konsernsjef og forleggar Mads Nygaard i Aschehoug seier i ein kommentar at dei er skaka over kvaliteten på Konkurransetilsynets arbeid.

Forlaget opplyser vidare i ei pressemelding at dei klager på Konkurransetilsynets vedtak, og hevdar påstandane og vedtaket er feil.

Administrerande direktør Tom Harald Jenssen i Cappelen Damm seier i ei pressemelding at for dei, framstår ei slik verkelegheitsbeskriving som fullstendig absurd.

Dei kallar vedtaket for «et grunnløst angrep på norsk bokbransje».

1000272550

Administrerande direktør Tom Harald Jenssen i Cappelen Damm

Foto: Norrud, Erik / Samfoto Dagsavisen

– Går utover forbrukarane

Nese i Konkurransetilsynet seier han ikkje er overraska over at selskapa er ueinige i dette vedtaket, men presiserer at arbeidet deira er basert på ei omfattande vurdering av alle sider i denne saka.

– Utveksling av denne informasjonen, for eksempel om framtidige prisar på bøker, er midt i kjernen av det som skadar konkurransen. Dei høge gebyra som er gitt i saka reflekterer at me ser på dette som eit alvorleg brot på konkurranselova, seier Nese til NRK.

Han peikar vidare på at brot på konkurranselova til sjuande og sist alltid går utover forbrukarane.

I denne saka er det grunn til å tru at samarbeidet har ført til at prisane på bøker har blitt høgare enn dei elles ville vore.

Gjermund Nese, avdelingsdirektør Konkurransetilsynet

Avdelingsdirektør Gjermund Nese i Konkurransetilsynet meiner at det er forbrukarane som til sjuande og sist tapar på det dei omtaler som eit alvorleg brot på konkurranselova.

Foto: Konkurransetilsynet

– Alvorleg

– Det er jo alvorleg når det kjem skuldingar på ein halv milliard. Ut ifrå informasjonen eg har fått, kjem alle forlag til å bestrida gebyret, seier leiar Heidi Austlid i Forleggerforeningen til NRK.

Ho understrekar at dei foreløpig ikkje har noko meir informasjon utover det som Konkurransetilsynet har skrive tysdag føremiddag.

– Så no er det opp til dei stemna partane å bestrida eller klaga dette inn for Konkurranseklagenemnda.

Allereie i 2020 varsla Konkurransetilsynet at dei ville pålegga dei fem aktørane gebyr.

Bobasen AS blir pålagt eit lovbrotsgebyr på 4.1 millionar kroner for å legga til rette for informasjonsutvekslinga gjennom Mentor Forlag.

Cappelen Damm får eit gebyr på 131,4 millionar kroner for bevisst utveksling av sensitiv informasjon. Vigmostad & Bjørke AS/Forlagshuset Vigmostad & Bjørke AS får eit gebyr på 92,6 millionar kroner, medan Gyldendal Norsk Forlag AS/Gyldendal ASA og Aschehoug får eit lovbrotsgebyr på høvesvis 252,1 millionar kroner og 64,6 millionar kroner.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.