Hopp til innhold

Konkurransetilsynet varslar bøter til forlag

Konkurransetilsynet meiner fem aktørar i bokbransjen har samarbeidd ulovleg. No varslar tilsynet at dei vil pålegge aktørane gebyr på til saman over ein halv milliard kroner.

Leser i en bok foran en bokhylle i en bokhandel.

Fem aktørar i bokbransjen er pålagt gebyr på over ein halv milliard kroner av Konkurransetilsynet. Tilsynet meiner dei har samarbeidd på ein måte som kan ha ført til dyrare bøker for forbrukarane.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Det er dei fire forlaga Cappelen Damm, Vigmostad & Bjørke, Gyldendal og Aschehoug som har fått varselet frå Konkurransetilsynet.

I tillegg er det varsla at Bokbasen kan bli pålagt gebyr. Basen er eigd av dei fire forlaga.

Dei varsla gebyra er fordelt slik mellom aktørane:

  • Bokbasen: 3,89 millionar kroner
  • Cappelen Damm: 151,9 millionar kroner
  • Forlagshuset Vigmostad & Bjørke: 93,4 millionar kroner
  • Gyldendal: 202,4 millionar kroner
  • Aschehoug: 50,8 millionar kroner.

Ulovleg samarbeid

Ifølge tilsynet har aktørane samarbeidd ulovleg ved å dele kva bøker skal koste, og når dei skal kome ut. Dei meiner samarbeidet skal ha gått føre seg over fleire år.

– Vi ser svært alvorleg på denne typen ulovleg samarbeid, noko storleiken på dei varsla gebyra understrekar, seier avdelingsdirektør Gjermund Nese i ei pressemelding.

Gjermund Nese

Avdelingsdirektør Gjermund Nese i Konkurransetilsynet seier dei ser alvorleg på det dei meiner er ulovleg samarbeid mellom fire forlag og Bokbasen.

Foto: Marit Hommedal

Informasjonen skal ha gått via Bokbasen. Gjennom abonnementet Mentor Forlag meiner tilsynet at forlaga har kunne dele informasjon med kvarandre.

Alle dei fire forlaga har eigardelar i basen, og sit også i styret.

Konkurransetilsynet meiner samarbeidet er gjort for å avgrense konkurransen, og at kan ha ført til høgare bokprisar.

Avviser samarbeid

Tilsynet understrekar at dette er foreløpige vurderingar, og at det ikkje er gjort endelege vedtak i saka. Forlaga har frist til 24. november med å kome med merknadar til varselet.

Gyldendal skriv i ei børsmelding at dei er gjort kjent med varselet frå Konkurransetilsynet, men at dei ikkje er einige i vurderinga. Dei seier dei vil gå i dialog med tilsynet om saka.

Også Vigmostad & Bjørke stadfestar overfor NTB at dei har teke imot varselet frå tilsynet.

– Vi nektar for vurderinga til Konkurransetilsynet, og har bede om ytterlegare innsyn i dokumenta som dei baserer seg på, seier forleggar Arno Vigmostad.

1000272550

Administrerande direktør Tom Harald Jenssen i Cappelen Damm seier han ikkje kjenner seg igjen i skuldingane frå Konkurransetilsynet.

Foto: Norrud, Erik / Samfoto Dagsavisen

Administrerande direktør Tom Harald Jenssen i Cappelen Damm kallar skuldingane frå Konkurransetilsynet for absurde og fjernt frå verkelegheita.

– Basen er ikkje brukt slik Konkurransetilsynet hevdar, men for å informere bokhandlarar og bokkjøparar om planlagde nye utgjevingar, seier han til NTB.

Også Mads Nygaard, konsernsjef i Aschehoug, seier dei både er ueinige og overraska over dei mellombelse hypotesane til tilsynet.

– Formålet til bokbasen, og vår deltaking, har aldri hatt til hensikt å avgrense konkurransen i marknaden. Realitetane er snudd heilt på hovudet, seier han til NRK.

Razzia mot forlag

Det er ikkje første gong bokbransjen er i Konkurransetilsynet sitt søkelys.

I 2014 gjekk tilsynet til aksjon mot fire forlag fordi dei mistenkte at dei misbrukte marknadsmakta si. Dei fire forlaga var Gyldendal, Cappelen Damm, Aschehoug og Schibsted, som seinare blei kjøpt av Vigmostad & Bjørke.

Forlaga nekta for å ha gjort noko gale.

Forlaga blei først pålagde gebyr på til saman 23 millionar kroner Men i 2017 auka dette til 32 millionar fordi tilsynet hadde lagt feil tal til grunn då dei rekna ut gebyra til to av forlaga.

Kulturstrøm

  • Harvard fjerner bokomslag laget av menneskehud

    Prestisjeuniversitetet Harvard sier de har fjernet menneskehud fra innbindingen av en bok de har hatt i ett av bibliotekene sine i over 90 år.

    I 2014 ble det oppdaget at en bok var bundet inn med huden til en død kvinne.

    Harvard, som regnes som det eldste universitetet i USA, har tidligere utnyttet interessen rundt bokens morbide historie. Da det ble oppdaget at det var brukt menneskehud i innbindingen ble det omtalt som «gode nyheter for både tilhengere av innbinding med menneskehud, bokfantaster og kannibaler». I et blogginnlegg samme år skrev Harvard at praksisen med å binde bøker i menneskehud tidligere hadde vært forholdsvis vanlig.

    (NTB)

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.