Den planlagte stenginga av FM-nettet i 2017 reiser fleire EØS-rettslege problemstillingar, konkluderer advokatfirma. I eit brev til regjeringa vurderer Norsk Lokalradioforbund å ta saka vidare til EFTAs overvakingsorgan (ESA).
ALT Advokatfirma har på oppdrag frå Norsk Lokalradioforbund gått DAB-avgjerda frå regjeringa og kulturdepartementet nærare etter i saumane. I eit brev til kulturminister Thorhild Widvey (H) skriv forbundet at dei vil ta saka vidare til ESA dersom departementet ikkje har vurdert sløkkinga opp mot EØS-reglane.
LES:
– Eit alvorleg inngrep
– Årsaka til at vi vurderer å ta saka inn for ESA er at ei stenging av FM-bandet og tvungen overgang til DAB-teknologien inneber eit alvorleg inngrep i medlemmenes næringsfridom og moglegheita til å drive lokalradio vidare. Det kan verke som Kulturdepartementet ikkje har vurdert desse forholda i tilstrekkeleg grad, seier Svein Larsen, leiar av Norsk
Lokalradioforbund.
Noreg skal som første land i verda legge ned FM til fordel for DAB.
Det skal først skje nasjonalt og i dei store byane i 2017 og deretter skal alle andre lokalradioar sløkkjast i 2022. Sverige har nyleg lagt DAB-satsinga til side og har ingen planar om å stengje FM-nettet.
LES OGSÅ: