Hopp til innhold

Feministisk kunstprosjekt: Fargar T-skjorter med kvinneleg urin

Kunstnar Veslemøy Lilleengen samlar inn urin frå kvinnelege kunstnarar for å setje fokus på kvinner i kunst. Med urinen skal ho lage T-skjorter i farga potteblå.

Kunstnar Veslemøy Lilleengen har laga T-skjortar med teknikken Potteblå.

EIN AV FÅ: Svært få driv med potteblå i dag, men kunstnar Veslemøy Lilleengen er ein av dei som vidarefører tradisjonen.

Foto: Susann Jamtøy

– No har eg samla inn 150 liter. Dei står foreløpig på Ørlandet, seier Velsemøy Lilleengen.

Den Trondheimsbaserte kunstnaren jobbar med eit prosjekt som kanskje høyrest litt sprøtt ut for dei som ikkje er heilt inne i alle metodar og fargeteknikkar i kunstverda.

For ho vil nemleg hylle norske kvinnelege kunstnarar ved å gje dei ei eiga T-skjorte i ei heilt unik blåfarge, såkalla «potteblå».

Og for å få til denne farga må ho blande indigo med urin.

Denne kunsten å farge er ikkje så utradisjonell som det høyrest ut som.

Potteblå er nemleg ein av dei eldste metodane for å framstille varig blå farge i tekstil.

Den norske kunstnaren Hannah Ryggen som døydde i 1970, er internasjonalt kjend for sine vovne bilde med blåfarge laga av urin.

"Potteblått" 1963 av Hannah Ryggen

BLÅ: «Potteblå» av Hannah Ryggen. Ho nytta seg av politiske og personlege motiv i kunsten sin, og skapte ofte engasjement.

Foto: Nasjonalmuseet / BONO

Inspirert av Ryggen skal Lilleengen samle inn urinen til kvar enkelt kunstnar, nærmare bestemt 5 liter per person, slik at ho kan lage ei heilt unik T-skjorte til kvar og ein av dei.

– Hadde det ikkje vore fantastisk å ha fått Dronning Sonja i ei slik T-skjorte? Det er draumen, seier ho.

Setje fokus på kvinner i kunst

Bakgrunnen for prosjektet, som har fått namnet «Norsk bauta» er Lilleengen sitt engasjement og kamp for likestilling i kunstverda. For det er store skilnadar mellom kvinner og menn når det gjeld innkjøp til museum og samlingar.

Som NRK tidlegare har skrive om er berre 1 av 10 offentlege kunstverk laga av kvinner.

– Det talet beit seg fast, og gjorde meg «shitforbanna» rett og slett. Eg kjente at eg er nøydd til å gjere noko med dette her.

Kunstnar Veslemøy Lilleengen ståande og ser rett i kamera.

OPPGJER: Lilleengen opplever at mange framleis har gammaldagse haldningar når det gjeld det å bruke kvinneleg urin til potteblå.

Foto: Susann Jamtøy

Lilleengen vil også ta eit oppgjer med mytane om det å drive potteblå. Ein av mytane er at urinen til menn gjev betre og skarpare farge.

– Denne myten sit så hardt i, men den har ingen rot i verkelegheita i det heile tatt. Er det slik at mannfolka har magisk urin? Nei, det er det ikkje, seier ho.

– Så det er rett og slett to irritasjonsmoment på ein gang som har vore ein katalysator for meg, seier Lilleengen.

Veslemøy Lilleengen har samla inn urin for å lage farga potteblå

REGNBOGE AV URIN: Når vi set alle dunkane saman så ser ein alle fargetonane saman og det er jo som ein regnboge, seier Veslemøy Lilleengen.

Foto: Veslemøy Lilleengen

Skal bruke 11 år av livet sitt

Derfor har ho dedikert 11 år av livet sitt på dette prosjektet. Ho skal nemleg ta for seg fylke etter fylke.

Akkurat nå samlar ho inn urin frå kvinnelege kunstnarar i Trøndelag fylke. Deretter må urinen gjære. Ikkje før i mai skal sjølve fargeprosessen gå i gang.

– Det luktar ganske formidabelt da, det må eg seie.

Men det er ikkje berre T-skjorter ho skal lage. Dei som vil delta donerer fem liter urin som blir som eit personleg fargebad som også fargar ullgarn og silke.

Ull og silke blir lappa saman til ein tekstilskulptur som veks år for år, og blir til ein bauta.

– Viss det er slik at eg kan bidra i denne samtala her som vi er nøydde til å ha om likskap så er det bra. Då er det ein liten pris å betale å samle inn urin i 11 år, seier ho.

Åshild Adsen, direktør i Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum

POSITIV: Åshild Adsen, direktør i Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim, framfor Hannah Ryggens «Vi lever på ei stjerne»

Foto: Katie Kulseng / Katie Kulseng

Eit spennande og viktig prosjekt

Åshild Adsen, direktør i Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum er svært positiv til prosjektet, og meiner det er eit viktig fokus.

– Dette er eit spennande prosjekt! Vi har kjøpt inn verk av både Lilleengen og kunstnar Julie Ebbing. Begge jobbar med å løfte fram Hannah Ryggen, seier ho.

Dei har lenge jobba med kvinneleg representasjon, og er blant musea i Noreg som tar vare på arven etter Hannah Ryggen. Ho rosar Lilleengen for å halde fram med tradisjonen potteblå.

– Det er viktig at handverkstradisjonane blir vidareførte, avsluttar ho.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters