Dei siste åra har norske aviser merka ein nedgang på papir, medan dei digitale plattformane er i ferd med å styrke seg. Denne trenden ser ut til å forsterke seg i dei nye tala.
Første halvår i år hadde den samla lesinga av norske papiraviser ein tilbakegang på 10 prosent, samanlikna med same periode i fjor. Samtidig hadde nettavisene ein vekst på kanappe fire prosent, medan lesinga på mobil er stabil. Det viser lesertala, som er ein del av Forbruker & Media-undersøkinga.
Tøffe tider
Den siste veka har det kome fleire meldingar om kutt i norske avishus. I Aftenposten skal 40 årsverk bort. Medan den eldste avisa i Norge, Adresseavisen, skal kutte mellom 60 og 75 årsverk dei neste åra. Totalt skal Polaris Media, som Adresseavisen er ein del av, spare 300 millionar kroner.
Grunnen til dei harde tidene i mediehusa er at lesinga av papiraviser fell, og med det også annonseinntektene. Samtidig som den digitale veksten ikkje er stor nok til å demme opp for denne lekkasjen.
Norsk innhald
Administrerande direktør Randi Øgrey i MBL meiner norsk innhald framleis står sterkt.
Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpixÅtte av ti nordmenn over 12 år les ifølge undersøkinga nyheiter anten på papir, nett eller mobil. Det synest Mediebedriftenes landsforening, MBL, er gledeleg.
– Tala viser at norsk journalistikk framleis står sterkt. Papirlesinga held fram med å falle, men det vi ser også at nett og mobil held seg. Det viser at lesarane vil ha norsk innhald, seier administrerande direktør i MBL, Randi S. Øgrey.
Aftenposten er den største papiravisa i Norge. VG er det største mediehuset når ein slår saman lesing av publiseringsplattformane.