Hopp til innhold

Bli bitter med Dylan

Dagsnytt 18-programleiar Espen Aas er blodfan av Bob Dylan, og meiner artisten er særskilt god på å formidle kjensla bitterheit. Aas gir deg sine bitre favorittar.

Espen Aas

BLODFAN: Espen Aas har til og med mansjettknappar med Bob Dylan på.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Når Dylan først hamnar i det bitre hjørnet, så er det nesten som det gjer litt vondt å høyre på. Han meistrar den forma utruleg bra i poesien sin, seier journalist og programleiar i Dagsnytt 18, Espen Aas.

Han har over 30 Dylan-konsertar på merittlista, har ei samling på nærmare 80 000 forskjellige versjonar av Dylan-låtar på ein server, og har dei siste 20–25 åra laga seg ein database der han har sortert opptaka. Der er det musikk frå tilbake til 1958, plateinnspelingar, konsertopptak, og amatøropptak.

Aas er blodfan av Bob Dylan, og i podkasten Følelsen fortel han om korleis bitterheit kjem til uttrykk i tekstane til Dylan, som blant anna vart tildelt Nobelprisen i litteratur i 2016.

Espen Aas som ung

LANGHÅRA: Særinteressa Aas har for Dylan starta i 1989 då 16 år gamle, langhåra, rockar-Espen la vekk britiske heavyband ein augneblink. Han, som då følte seg misforstått, vart gripen, og han har aldri slutta å spele Dylan.

Foto: Privat

– Nokre av dei flottaste tekstane hans, er skrive når han var på sitt bitraste. Han har alltid hatt eit veldig komplisert forhold til kvinner, som det jo er mange som har. Det har sett i gang utruleg mange kjensler hos han, og veldig mange gonger ei bitterheit, seier Aas.

Han meiner ein ikkje treng å vere bitter sjølv for å kunne forstå bitterheita.

– Det kan vere godt å høyre på nokon ha det så vondt, for å tenke «der er iallfall ikkje eg». Kanskje eg har vore det, men då kan eg suge på denne karamellen som er livet, og tenke at det faktisk ikkje er så verst. Eller kan du eitt eller to år seinare tenke at «du og eg, Bob, me har det fælt», seier Aas.

Her er dei bitraste Dylan-låtane Aas kan tenke seg, med ein klar førsteplass.

kultur1

TITTEL: Idiot wind
ALBUM: Blood on the Tracks
ÅR GITT UT: 1975

Låten Idiot wind meiner Aas er bitter i måten Dylan syng den, at den vert sunge med forakt.

– Teksten har forandra seg oppgjennom åra, frå første gong han spelte den inn i studio, til forskjellige liveversjonar, og til han etter kvart spyttar den ut, på to nivå. Det eine er openbert, trur eg, ei helsing til kona hans som han då var i ferd med å miste, om kor forferdeleg ho var, seier Aas.

– Det andre er det han hatar aller mest, nemleg dei som skal analysere og forstå han. Eg trur kanskje det var der songen byrja, men etter kvart som ekteskapet hans byrja å krakelere, så skreiv han det litt om, slik at det handla meir om ein person, seier han.

kultur2

TITTEL: Positively 4th Street
ALBUM: Singel / Bob Dylan's Greatest Hits
ÅR GITT UT: 1965

Positively 4th Street seier Aas er ein «litt annleis» song, i og med den ikkje kom ut på eit album, men berre som singel, i 1965.

– Det er på det tidspunktet han kanskje er verdas største stjerne. Han har forlate folkemusikken, og mange hatar han fordi han spelar elektrisk. Dei er heilt i opprør, fordi han var liksom deira talsmann. Så det er vel ei helsing tilbake til dei då, seier Aas.

– Linja som eg likar aller best er «eg skulle ynskje at du for berre ein einaste gongs skuld kunne stå i mine sko, då ville du vite kor ille det er å stå og sjå på deg». Det er ein ganske klar beskjed, mest sannsynleg til både musikk-kritikarar og dei som høyrde til den gamle folkerørsla i USA, seier han.

kultur3

TITTEL: Most of The Time
ALBUM: Oh Mercy

ÅR GITT UT: 1989

Låten Most of The Time blir av Aas skildra som ei «ganske ny låt», sjølv om den kom ut i 1989. Den kom ut på eit tidspunkt då Dylan, ifølge Aas, «berre hadde gitt ut kjempedårlege plater gjennom heile 80-talet». Aas fortel at U2-songaren Bono kopla Dylan med ein produsent, og at Dylan gav ut «ei heil bunke med kule låtar».

– Most of The Time er ei veldig snedig låt. Den høyrest veldig søt ut, der Dylan kjem med setningar om at mesteparten av tida går det bra, men heile tida så er det underforstått at mesteparten av tida så har han det ikkje bra i det heile tatt, seier Aas.

– Det er ei ganske vond skildring av det å vere på utsida av alle sider, for å bruke ei Dylan-setning. Det handlar både openbert om eit kjærleiksliv som ikkje går så bra, men også veldig sannsynleg, når den vart skrive, om ei karriere som var på det absolutte botnnivået, seier han.

kultur4
Dirge, gitt ut på albumet Planet Waves i 1974.

TITTEL: Dirge
ALBUM: Planet Waves
ÅR GITT UT: 1974

Låten Dirge kom ut på plata Planet Waves i 1974, og blir av Aas skildra som ein snodig låt som kom idet Dylan var på veg til å komme tilbake frå familietilværet.

– Den er litt overraskande. Den byrjar då med linja, «eg hatar meg sjølv fordi eg elskar deg», og det er ein veldig bitter og vond tekst om det å vere i eit forhold med nokon. Så har den vorte analysert til å kanskje ikkje vere så alvorleg, men med ein gong den smell inn, så er den ikkje noko god å høyre på, seier Aas.

– Samtidig er den på ei plate som blir avslutta med ei forrykande kjærleikshyllest til si dåverande kone, Sara, men det er ikkje mykje kjærleik i Dirge, seier han.

kultur5

TITTEL: Don't Think Twice, It's All Right
ALBUM: The Freewheelin' Bob Dylan

ÅR GITT UT: 1963

Den kjente låten Don't Think Twice, It's All Right frå den andre plata til Dylan, er også ein bitter låt Aas vil trekke fram.

– Igjen så er det kvinner som er problemet. Eg trur første gong eg høyrde den, så beit eg meg fast i ei linje som går noko slikt som «You just kind of wasted my precious time, but don't think twice, it's all right», seier Aas.

– Han har då blitt dumpa, men skal då bite så brutalt hardt tilbake, og seier «ja ja, men kva så, ikkje bry deg, du berre kasta vekk tida mi», seier han.

Høyr meir om bitterheit og Dylan i Følelsen:

Nettroll, unge sinte menn og i verste fall: terrorister. Hva kan vi gjøre for å stoppe den farlige bitterheten?

Nettroll, unge sinte menn og i verste fall: terroristar. Kva kan me gjere for å stoppe den farlege bitterheita?

Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm

  • 3,7 millioner til fem filmproduksjoner

    Internasjonalt Samisk Filminstitutt (ISF) har bevilget 3,7 millioner norske kroner i årets første bevilgningsrunde. To kortfilmer, en tv-serie og to langfilmer får bevilgning.

    Det skriver ISFI i en pressemelding.

  • YouTube krever merking av KI-innhold

    De som publiserer på YouTube fremover, må huke av om innholdet er manipulert eller endret for å tydeliggjøre hva som er skapt ved hjelp av kunstig intelligens.

    – Seerne får stadig mer behov for åpenhet om hvorvidt det de ser på, er manipulert eller syntetisk, skriver selskapet på sin blogg.

    Den nye merkingen vil gjelde videoer hvor det kan være tvil om det man ser virkelig er ekte, for eksempel såkalt deepfake, hvor en kjent person sier noe vedkommende aldri har sagt.

    Det vil ikke gjelde videoer som åpenbart er manipulert, som for eksempel animasjonsvideoer, skjønnhetsfilter og spesialeffekter.

    (NTB)

  • Kvinnegruppa Ottar har anmeldt pornografisk russebuss

    Kvinnegruppa Ottar har anmeldt en russebuss fra Bryne som skal ha en pornografisk illustrasjon på siden av bussen.

    De har videresendt anmeldelsen, som de leverte til Sørvest politidistrikt, til Stavanger Aftenblad.

    Gruppa mener at illustrasjonen på utsiden av bussen bryter med straffeloven paragraf 317 om pornografi og paragraf 318 om utstillingsforbud av bilder av eksplisitt seksualisert karakter.

    – Kvinnegruppa Ottar reagerer kraftig på at noen skal kunne kjøre rundt i offentligheten med sitt kvinnefiendtlige budskap, skriver de i anmeldelsen.

    20 russegutter på Bryne vidaregåande skule har brukt omkring 3 millioner kroner på bussen. Guttene har tidligere sagt til Stavanger Aftenblad at foreldrene deres ikke er så begeistret for eksteriøret på bussen.(NTB)