I kveld blei ni deltakarar til åtte i countrysendinga. I løpet av programmet fekk vi både fest på lokalet, som i Lisa Børud si tolking av Gretchen Wilson-låta «All Jacked Up», og hjarteskjerande kjærleik, som når Aleksander Walmann nesten fekk fram tårene hos Bjøro Håland då han framførte «Whiskey Lullaby».
I kveld var det Erlend Bratland som måtte reise heim etter å ha sunge «Before He Cheats» av Carrie Underwood. Han fekk gode tilbakemeldingar frå dommarane etter at han hadde vore på scena. Men han nådde ikkje ut til nok sjåarar i kveld.
– Eg er skuffa og sjokkert over det som har skjedd. Eg synest det er rart, men det er ikkje noko eg får gjort noko med, seier han til NRK.
I det første programmet sa Bratland at Stjernekamp var eit program han hadde drøymt om å få vere med i sidan første sesongen gjekk på TV. Og opphaldet, sjølv om det blei kort, har svart til forventningane.
– Eg har hatt ei veldig fin tid i Stjernekamp. Det er ein superfin gjeng som det er godt å vere saman med. Det blir litt trist at dette blir siste kveld med gjengen. Akkurat no er eg litt utanfor.
Favorittstempel
Den amerikanskfødde Adam Douglas er i ferd med å skaffe seg eit favorittstempel i årets Stjernekamp. Før sending i dag sa han at han byrja å merke presset. Etter gode tilbakemeldingar i dei to første sendingane, var han på heimebane i country. Og han leverte ei framføring som ifølgje dommarane var noko av det beste som har vore prestert i Stjernekamp.
Douglas er også ein av favorittane til Erlend Bratland, som i kveld måtte takke for seg.
– Det er framleis tidleg i konkurransen, og mykje kan skje dei komande vekene. Men Adam ser veldig sterk ut. Han skil seg ut, og eg trur han kjem til å kome langt.
Dette var tilbakemeldingane dommarpanelet, der Mona B. Riise, Thomas Felberg og Bjøro Håland sat i kveld, gav til Stjernekamp-deltakarane.
Lisa Børud: «All Jacked Up»
Originalartist: Gretchen Wilson (2005)
Av: Gretchen Wilson, John Rich, Vicky McGehee
Håland: – Når du ser slik energi, burde du ha vore modell for linedance. Den rølpete teksten forsvinn litt i alt kompet, men det er greitt. Du syng veldig bra, og er allereie ei ung countrystjerne.
Felberg: – Countryfesten er i gang. Du har naturleg countrysleng i tonen. Du kler scenen. Men kanskje litt andpusten på de mørke tonen.
Riise: – Du har ein utruleg sjølvtillit i måten du ter deg på scenen. Du mister litt pusten undervegs.
Didrik Solli-Tangen: «Drive (For Daddy Gene)»
Originalartist: Alan Jackson (2002)
Av: Alan Jackson
Riise: – Du lever deg inn i det, og formidlar teksten fint. Songen går kanskje litt lågt for deg i starten. Du er veldig god, men kan kanskje løyse opp litt og ikkje vere så kontrollert.
Håland: – Countryen er teke tak i deg. Eg trur på deg i måten du formidlar teksten på.
Ida Maria: «Rose Garden»
Originalartist: Billy Joe Royal (1967) og Lynn Anderson (1970)
Av: Joe South
Felberg: – Det er gøy at vi får sjå ei ny side av deg denne gongen. Du syng låten kult. Dette viser at du er ein allsidig songar.
Håland: – Du minner meg om Loretta Lynn. Du er ei skikkeleg show-jente, og er leverer ekte country. Eg byrja nesten å grine, men eg lova deg å la vere.
Gaute Ormåsen: «Life Is A Highway»
Originalartist: Tom Cochrane (1991), Rascal Flatts (2006) m.fl.
Av: Tom Cochrane
Håland: – Det går litt fort. Det er litt vanskeleg å få med alle orda. Men eg merka at dette var ein song mange i publikum kunne.
Felberg: – Godt å sjå deg by opp til dans, men eg synest du startar litt haltande. Det kjem seg på refrenget. Det gjekk ok, men ikkje over fastgrensa.
Benedicte Adrian: «Lipstick»
Originalartist: Runaway June (2016)
Av: Naomi Cooke, Caroline Hobby, Hannah Mulholland, Jennifer Wayne, Elisha Hoffman, Rebecca Lynn Howard
Riise: – Klangen i stemma di passar godt til denne songen. Det var herleg å sjå deg kaste deg uti det med både song og dans. Eg merkar framleis at du er litt usikker. Men du gjer klar framgang.
Håland: – Du har klar framgang frå øvinga. Eg sa at du må bruke munnen din meir, og det gjorde du i dag.
Aleksander Walmann: «Whiskey Lullaby»
Originalartist: Brad Paisley & Alison Krauss (2004)
Av: Bill Anderson, Jon Randall
Håland: – Eg blei rørt. Dette var kjempebra. Eg trudde på kvart eit ord du song. Du formidlar dette på ein svært god måte.
Riise: – Stemma di står veldig godt til songen. Denne songen er så tragisk, men du formidlar teksten framifrå. Dette var det beste vi har sett av deg så langt i Stjernekamp.
Felberg: – Dette var revansj for deg etter førre veke.
Erlend Bratland: «Before He Cheats»
Originalartist: Carrie Underwood (2006)
Av: Josh Kear, Chris Tompkins
Håland: – Måten du leverer på er veldig bra. Du er veldig til stades på scenen.
Felberg: – Du gjer denne låten til di eigen. Eg kjenner på sjalusien du formidlar, og tenkjer på at det er ein fyr som sit der ute med oppskorne bilseter.
Makeda: «9 to 5»
Originalartist: Dolly Parton (1980)
Av: Dolly Parton
Riise: – Dette var utruleg bra. Eg blir så glad. Du er så habil, og syng som ei gudinne. Du spelar ut låten gjennom song og dans. Du kunne kanskje ha slipt vekk litt av soul-lyden i stemma for å gjere det litt meir country. Men det er flisespikkeri.
Håland: – Det som imponerer meg den innsatsen du legg ned for å bli betre. Og i kveld har du følgt opp dei tinga eg på øvinga sa kunne blitt betre.
Adam Douglas: «I Can't Do This»
Originalartist: Vince Gill (2016)
Av: Vincent Gill, Brennen Hunt, Cathy Gravitt
Riise: – Det kjennest som om hjartet er knust, men på ein god måte. Det er slik det skal gjerast. Eg har sete her i sesong etter sesong, og dette er noko av det beste eg har høyrt.
Håland: – Dette kan du. Måten du tolkar songen på, gjer at vi elskar deg. Du syng reint
Felberg: – Du har meg frå første tone. Dette er noko av det råaste eg har sett i Stjernekamp. Og samspelet med bandet er heilt fantastisk.