Hopp til innhold

«Stjernekamp»-Douglas: – Kjenner på presset

Adam Douglas blir litt stressa av favorittstempelet etter to sendingar av Stjernekamp. Laurdag er det country og heimebane for den amerikanskfødde artisten, og med det aukar prestasjonsangsten.

Adam Douglas i Stjernekamp 2017

Adam Douglas stortrivast i Stjernekamp, og har imponert både publikum og dommarar i dei to første programma.

Foto: Julia Marie Nagelstad / NRK

Hilde Lyrån blei den første artisten som rauk ut av Stjernekamp i år. Denne veka skal dei ni attverande deltakarane synge country. Og i løpet av kvelden blir det både feminisme, fest på lokalet og såre kjensler.

Adam Douglas har fått eit favorittstempel av mange etter stadionrock og EDM. I country er den amerikanske artisten på heimebane når han skal synge «I Can't Do This» av barndomshelten Vince Gill.

– Han kjem frå same stat som meg, Oklahoma, og er eit forbilde. Han er kanskje ikkje så kjend i Norge, men håper fleire kan oppdage han.

Gill er den mannlege countryartisten som har vunne flest Grammy Awards gjennom tidene. Og tok nyleg over plassen til Glenn Frey i The Eagles, som døydde i fjor.

Adam Douglas under prøvene til country i Stjernekamp

– Det å vere med i Stjernekamp er både slitsamt og morosamt, seier Adam Douglas. Laurdag stiller han på heimebane når det er country som står på programmet. Dette er frå sceneprøven torsdag.

Foto: Helene Amlie / NRK

Favorittstempel

Douglas har fått tilbakemeldingar frå dommarane som at stemma hans er i verdsklasse, og at han uansett korleis det går i konkurransen har ei stor karriere framfor seg. Det gjer at han har byrja å kjenne på presset.

– I starten var eg han ingen visste kven var. Med dei gode tilbakemeldingane eg har fått, merker eg stresset og presset aukar. Men eg trur eg framleis er han som er minst kjent av deltakarane.

Han gler seg til å få synge country laurdag, men synest det også er litt skummelt.

– Det at dette er mi heimebane, gjer også at alle ventar at eg skal gjere det bra. Difor må eg nok hente ut litt ekstra for at det skal bli bra.

Feminist

Ida Maria skal framføre «Rose Garden» laurdag kveld. Sangen kom først ut i 1967 med Billy Joe Royal. Men då Lynn Anderson ville spele inn ein versjon i 1970, fekk ho først ikkje lov av produsent og ektemann Glenn Sutton fordi han meinte teksten ikkje passa ei kvinne.

– For meg er dette ein feministisk song, som fortel om eit forhold sett frå eit kvinneperspektiv. Dette var ei av dei første låtane som sette fokuset på kvinnesak og likestilling på 70-talet, og songen er framleis aktuell, seier Ida Maria til NRK.

Ida Maria under prøvene til countrysending i Stjernekamp

Ida Maria blei mint på kor glad ho er i country då ho blei med i Stjernekamp. På prøvene denne veka, har ho hatt eit rosekledt mikrofonstativ i høve songvalet.

Foto: Helene Amlie / NRK

Som kvinne i musikkbransjen, ser ho det som si oppgåve å synge slike songar.

– Det er eit ærefullt oppdrag å kunne få formidle bodskapen i «Rose Garden» vidare i dag. Eg som kvinne i musikken har eit unikt talerøyr, og det er viktig for meg å bruke det for alt det er verdt.

Gjestedommar og mentor denne veka er Bjøro Håland.

Dette skal artistane synge i country:

  • Lisa Børud: «All Jacked Up»/Gretchen Wilson
  • Didrik Solli-Tangen: «Drive (For Daddy Gene)»/Alan Jackson
  • Ida Maria: «Rose Garden»/Lynn Anderson
  • Gaute Ormåsen: «Life Is A Highway»/Tom Cochrane
  • Benedicte Adrian: «Lipstick»/Runaway June
  • Aleksander Walmann: «Whiskey Lullaby»/Brad Paisley & Alison Krauss
  • Erlend Bratland:« Before He Cheats»/Carrie Underwood
  • Makeda: «9 To 5»/Dolly Parton
  • Adam Douglas: «I Can't Do This»/Vince Gill

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.